Ser ein lenge nok på TV blir alt til snø,
stadig meir av det same kapslar deg inn.
Skjærer du i barken vil treet blø,
sevja renn ut og livskrafta forsvinn.
Ansikta som strøymer mot ein billettkontrollør
er stadig det same og stadig noko rart.
Innkapsla melankolsk som ein filmprojektør
og med tankar om at dette er ferdig snart
kjem draumen om at du skal dukke opp
og opne meg nysgjerrig som eit barneblikk,
der du kjem ut av snøen med naken kropp
og stig ut av køas tørre statistikk
som ei reise ut i verda frå eit indre eksil
der det framleis er litt action og von om smil.
Erik Boye