Hopp til innhold

Emil Solli-Tangen om Snømonsteret: – Vil ikkje avskrive noko

Artist-brørne Didrik og Emil Solli-Tangen er blant dei heitaste kandidatane til å vere Snømonsteret i Maskorama.

Emil Solli Tangen

MASKORAMA-DELTAKAR? Artist Solli-Tangen avbilda under generalprøven til Melodi Grand Prix i 2013.

Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

– Eg held meg taus, seier Emil Solli-Tangen og vil verken bekrefte eller avkrefte rykta om at han er med i Maskorama.

Det kjem fram i dagens episode av Maskorama-podkasten, der leiar i Høgre og tidlegare statsminister Erna Solberg og komikar Lars Berrum, er gjestar.

I fleire veker har det blitt spekulert i om Snømonsteret er to personar, og at det er brørne Didrik og Emil Solli-Tangen som har bytta på å vere i kostymet dei siste laurdagane.

Det som undergrev denne teorien er at veslebror Emil er ute på turné fram til jul.

Saman med programleiar Sarah Natasha Melbye ringer Berrum og Solberg artisten for å bli litt klokare.

NRKVALG Erna Solberg taler til Høyres valgvake etter valgnederlaget. Valgvaker i Oslo på valgdagen 13. september 2021. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

DETEKTIV: Leiar i Høgre, og inntil nyleg også statsminister Erna Solberg, gjestar Maskoramapodkasten denne veka.

Lars Berrum

DETEKTIV: Komikar Lars Berrum gjestar Maskorama-podkasten denne veka.

Smilende kvinne med mørkt hår foran lilla bakgrunn

DETEKTIV: Detektiv og programleiar i Maskoramapodkasten Sarah Natasha Melbye.

– Nokre laurdagar hadde gått

På spørsmål om det hadde blitt vanskeleg å kombinere turné med Maskorama svarer Emil:

– Eg hadde ikkje klart det kvar laurdag, men nokre laurdagar hadde gått.

Så da kunne du ha gjort det med broren din – altså alternert? spør Melbye.

Ja, det er nokon som hadde syntest at det hadde vore ein morosam ide om det var tilfelle.

Eg synest det er gøy at vi ikkje avskriv det før teppet feller, svarer han.

Snømonster på scenen.

FINALIST: Snømonsteret er finalist saman med Bamsen og Draken.

Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Erna med knapp på Ylvis-brørne

Erna Solberg er blant dei som trur at Snømonsteret kan vere ein av Ylvis-brørne, altså Bård og Vegard Ylvisåker.

– Dei er kanskje betre enn meg på å leggje om bergensdialekta, seier ho.

Men ho får ikkje alle hinta om astronomi og fysikk til å stemme med dei to.

Ho spør derfor Emil Solli-Tangen om korleis han og storebror Emil var i naturfag på skulen.

Vi hadde matte, fysikk og kjemi på vidaregåande. Vi gjekk realfagslinja begge to, svarer Emil.

Nytt hint frå Draken

I podkasten ringer dei også til Victor Sotberg som mange har tippa som Draken, og til Ingeborg Walther som fleire har trekt fram som Bamsen.

Victor Sotberg

DRAKEN?: Mange har gjetta på at det er Youtuberen og programleiaren Victor Sotberg som er Draken.

Ingeborg Walther – «Somebody»

BAMSEN?: Artisten Ingeborg Walther, som mange trur er Bamsen, trur Bamsen er artisten Lisa Børud.

Lisa Børud

BAMSEN?: Erna Solberg, Lars Berrum og Sarah Natasha Melbye trur også at artist Lisa Børud kan vere Bamsen.

Sjølv om dei synest svara til Sotberg og Walther er vanskelege å tyde, blir dei likevel litt klokare på Bamsen.

Eg trur vi er på Lisa Børud. Så viss det viser seg at vi rett og slett berre blir lurt så er det godt jobba, avsluttar Erna Solberg.

I tillegg mottar Solberg, Melbye og Berrum eit nytt hint. Denne gongen frå Draken. Høyr det nye hintet i podkasten her.

Send inn spørsmål til finalistane

Er det noko du har lyst til å spørje finalistane om? Send inn det du lurer på til maskorama@nrk.no. Da kan det hende at programleiar Sarah Natasha Melbye stiller ditt spørsmål i finalesendinga til Maskorama-podkasten fyrstkomande søndag når ho har kjendisane på besøk.

For kven er Draken, Bamsen og Snømonsteret?

Svaret får vi laurdag kl. 1950 på NRK 1 og NRK TV.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.