Hopp til innhold

Elton John legg ut på avskjedsturne

Etter nesten 50 år på turne, skal Elton John trekke seg tilbake. I september startar den tre år lange avskjedsturneen i USA.

ACE-MUSIC-ELTON-JOHN

Elton John annonserte avskjedsturneen i ei direktesending på nett tysdag kveld. «Farewell Yellow Brick Road Tour» blir ein verdsomspennande turne som skal besøke alle kontinenta, sa han. Ifølge Elton John sjølv har han vore på vegen kvart år sidan 1970, bortsett frå eitt år han var på avrusing.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP

Elton John, eller Reginald Kenneth Dwight som han eigentleg heiter, fylte 70 år i mars i fjor. Platedebuten kom i 1969, og gjennombrotet kom året etter då singelen «Your Song» gjekk til topps på hitlistene. No seier han at nok er nok, og i september legg han ut på ein aller siste turne, «Farewell Yellow Brick Road Tour».

Laster Twitter-innhold

Det var den britiske avisa Daily Mirror som først fortalde om planane. Og tysdag kveld blei nyheita også stadfesta av heimesida til Elton John. Rett etter annonseringa braut heimesida hans saman.

Vil ha meir tid med familien

Direkte frå New York spelte Elton John nokre av songane sine på eit flygel for eit utvald publikum. Deretter blei han intervjua av den amerikanske journalisten Anderson Cooper om den siste turneen.

Grunnen til at han no skal slutte å turnere, er at han ønsker seg meir tid saman med ektemannen David Furnish og dei to sønene dei har saman.

– Eg og David tok avgjerda om at eg skulle slutte å turnere i Frankrike i 2015. Grunnen er at eg ønsker å bruke meir tid på familien. For ti år sidan trudde eg at eg skulle vere på vegen for evig. Men eg har andre prioriteringar no, sa Elton John.

US-ENTERTAINMENT-MUSIC-ELTON JOHN-AIDS

Elton John gifta seg med David Furnish i 2014. Dei har to gutar saman. Dei er grunnen til at Elton John no legg ut på ein aller siste turne.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Familien skal vere med på delar av turneen som startar i USA i september. Deretter skal Elton John besøke så mange land som mogleg før han takkar for seg. Det vil seie at turneen truleg kjem til å ta om lag tre år.

Elton John lovar eit stort og spektakulært show når han no skal ta farvel og takke fansen.

– Eg ønsker å takke alle dei som har følgd meg gjennom åra, både unge og gamle. Og eg ønsker å gå ut med eit smell. Og så håper eg det er mange som vil kome for å ta farvel med ein ven.

Elton John sang en omskrevet versjon av "Candle in the Wind" i prinsesse Dianas begravelse.

Under gravferda til prinsesse Diana i 1997 spelte Elton John ein nyskriven tekst basert på «Candle in the Wind» som han skreiv om Marilyn Monroe i 1973. Den nye versjonen heitte «Goodbye England's Rose»

Foto: PAUL HACKETT / AP

Skal halde fram å skrive

Men sjølv om han om nokre år legg turneskoa på hylla, kjem ikkje Elton John til å slutte å skrive. Han lovar allereie no nytt materiale i åra som kjem

ELTON JOHN 1979

Elton John platedebuterte i 1969. Gjennombrotet kom med singelen «Your Song» året etter. Biletet er frå den første konserten han heldt i tidlegare Sovjetunionen i 1979.

Foto: BORIS YURCHENKO / Ap

– Eg kjem til å halde fram å skrive nye songar. Det er planar om både fleire plater og musikalar dei neste åra. Men dette er materiale eg ikkje kjem til å spele live.

Og til alle dei som trur at avskjedsturneen om nokre år blir avløyst av ein comebackturne, avviser Elton John det blankt.

– Eg er ikkje Cher. Sjølv om eg likar godt å gå i sceneantrekka hennar.

Du kan sjå heile pressekonferansen i New York her:

Kulturstrøm

  • Den nasjonale Ibsenprisen tildelt Monica Isakstuen

    Årets Ibsenpris tildeles Monica Isakstuen for stykket «Dette er ikke oss». Stykket hadde urpremiere på Den Nationale Scene 26. januar 2022.

    I sin begrunnelse skriver juryen: «Teksten maner fram en uvanlig familiedynamikk med overraskende dramaturgiske vendinger, som likevel oppleves gjenkjennelige og relevante.»

    Ibsenprisen går årlig ut til en dramatisk tekst som har hatt urpremiere eller norgespremiere ved et profesjonelt norsk teater i løpet av foregående kalenderår.

    Selve prisen er på 150.000 kroner og en statuett av Nina Sundbye. Prisen ble første gang delt ut i 1986.