NRK Meny
Normal

2018: Elton John blir stilikon

Designarane har talt. Desse fem personane vil prege klesskapet ditt neste år.

Gucci-modell og Elton John

Antrekket til Gucci-modellen er tydeleg inspirert av ein ung Elton John (til høgre).

Foto: Biletemontasje / AFP/Miguel Medina/Scanpix

Ein månad med moteveker i New York, London, Milano og Paris er nyleg avslutta i eit heseblesande tempo. Idet du er i ferd med å ta fram strikkegenseren, har designarane allereie presentert sommarmoten for neste år. Planane er lagt.

Bak dei polerte kolleksjonane ligg alle slags inspirasjonskjelder; reiser til fjerne land, gamle filmar, politikk og bøker. Ikkje minst konkurrerer designarane om å finne det mest presise svaret på: Kven er det vi vil vere neste år?

Vi har tatt ein titt på dei meir eller mindre vellukka svara:

1. Elton John

Gucci-kolleksjon vår/sommar 2018

Ein modell i eit antrekk som Elton John like gjerne kunne kledd seg i på 1970-talet.

Foto: MIGUEL MEDINA / AFP

I ei tid der «alle» skrik etter ein unik, personleg stil, kva passar vel betre enn å sjå tilbake på ein ung Elton John?

Det kan det hende at italienaren Alessandro Michele tenkte då han designa sin nyaste kolleksjon for Gucci. I alle fall var artisten ein så sentral inspirasjon at initialane hans stod bakpå jakkene: «EHJ», for Elton Hercules John. Det er ingen slump, opplyser Vogue, for dei to skal vere gode vener på privaten. Artisten er sjølv blitt sett i dei nye Gucci-antrekka.

Stilen er presentert med så stor overtyding at ein kan ta seg sjølv i å tenkje, tja, kan buksedressen fungere på kontoret? Den moderne diskoalderen er her.

Antrekk (for kvinner og menn): Beige «vernebriller», heildekkjande buksedress i pastellfargar, dansesko, øyrepynt, joggedress. Og masse glitter. På alt.

2. Hjarter-dronninga
Dolce & Gabbana

2018 blir Hjarter-dronninga sitt år.

Foto: Antonio Calanni / AP

Då designduoen Dolce & Gabbana skulle leggje kabalen for 2018, var det èin person som utmerka seg: Hjarter-dronninga. Dei kom fram til at heile kortstokken burde vere fylt med henne, «the queen of love». «Veldig optimistisk, ei feiring av livet sjølv,» sa motens mektigaste person, Anna Wintour, etterpå. Raudt er sjølvsagt den sentrale fargen, og 50-talet lurer i bakgrunnen.

Antrekk (for kvinner): Kjolar i 50-talssnitt med rosemønster, fjør, hjartertights, broderte jakker, hjarterkrone, solbriller og solhatt.

3. Bordellmamma

Christopher Kane vår/sommar 2018

Det er vel usikkert om ein kunne vaska hus i dette antrekket, men kolleksjonen er i alle fall inspirert av klor – og ein bordellmamma.

Foto: NIKLAS HALLE'N / AFP

Den skotske designaren Christopher Kane er ekspert på å pynte opp det stygge, og skitne til det fine. Før denne kolleksjonen dukka han ned i bordellmammaen Cynthia Paynes sjølvbiografi, rapporterer Vogue. Ho blei ein slags rikskjendis i Storbritannia på slutten av 1970-talet, då bordellet ho dreiv blei avslørt.

Christopher Kane-sko

Crocs? Med diamantar på? Ifølgje Christopher Kane: Ja.

Foto: NIKLAS HALLE'N / AFP

Meiner Kane med dette at vi skal kle oss som ein bordellmamma? Nja, i ein kombinasjon med vaskedame, kanskje. Motebladet Womens Wear Daily meiner kolleksjonen «luktar» klor. Det utskjelte fottøyet crocs har fått diamantar på, og kardiganen er riven opp. Kane dekkjer til modellane i den eine augneblinken, for så å vise masse hud i den neste. Tekkelege rutemønster er gjort gjennomsiktige, og dei tradisjonelle frakkane har akkurat litt for høge splittar.

Antrekk (for kvinner): Praktiske frakkar og vesker i rutemønster (tenk Dronning Elizabeth den 2.), blondekjolar i silke, lakkskjørt, crocs-liknande sko og sandalar.

4. Far din

Balenciaga Fashion Show

Balenciaga viste store herreskjorter i Paris nyleg. Merket har også lansert "dad sneakers".

Foto: Jonas Gustavsson / SipaUSA

Til våren skal alle skjortene vere ekstra store, uansett kva storleik du har. Dersom Demna Gvasalia, sjefsdesignar i Balenciaga, får det som han vil, blir også rumpetaska og pappa-joggeskoen med på kjøpet. Det kan minne om normcore, den «Seinfeld»-stilen som alle skulle ha for ei stund tilbake sidan. Men eit hakk meir glamorøst.

LES: Normcore er blitt til gorpcore

jOGGESKO

Joggesko à la far din? Mange satsar på fornuftig fottøy i 2018.

Foto: Beth J. Harpaz / Ap

«Pappa-joggeskoen står sterkare enn nokon gong,» skriv trendblekka Hypebeast. Stikkordet er tjukk sole, kjip design, og komfort. Balenciagas versjon, Triple S, er omdiskutert for sin «stygge» design, og passar som hand i hanske saman med dei ekstra store skjortene.

Antrekk (for kvinner og menn): Store rutete herreskjorter, tights med euro- og dollartrykk på, rumpetaske, store runde øyreringar, plattformcrocs, kvite joggesko.

SJÅ: Hypebeast spurte folk på gata kva dei eigentleg syns om «the dad sneaker»

5. Havfrua Ariel

Thom Browne

Thom Browne presenterer den moderne havfrue, 2018.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / AFP

Lydsporet til Disney-filmen «Den lille havfruen» spelte over anlegget då Thom Browne viste sine visjonar for 2018, skriv motenettstaden Melk & Honning. Designaren uttalte til Vogue at han såg for seg to jenter som drøymde om havfruer og einhyrningar. Resultatet blei modellar med hetter rundt hovudet og masse rosa tyll på kroppen. Ein finkjole var vikla inn i blekksprut-tentaklar. Til slutt blei ein kvit einhyrning-kreasjon leia ut på scena. Det var mystisk, det var eventyrleg, det var fargerikt.

Antrekk (for kvinner, kanskje spesielt Lady Gaga): Blekksprutkjole, sportsstrømper, hetter, dressbukser med lav midje, skjelettdrakt, rutete jakker.

Thom Browne vår/sommar 2018

Finkjole med blekksprut-tentaklar på.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / AFP

Dolce & Gabbana