Hopp til innhold

Eldre innvandrarar eldast raskare enn andre grupper

Dei er friske når dei kjem til Noreg, men blir sjuke etter som tida går. Forsking viser at eldre innvandrarar har dårlegare helse enn majoritetsbefolkninga.

 Mohammed Irshad Butt hos Norsk-Pakistansk Eldreforening

Mohammed Irshad Butt (68) har hjartesjukdom, høgt blodtrykk og diabetes type 2. Han er takknemleg for å kunne møte og snakke med andre i Norsk-Pakistansk Eldreforening.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Eg hadde blitt galen av å vere heime heile tida. Eg kjenner at den psykiske helsa blir mykje betre av å vere her, seier Mohammed Irshad Butt.

Tre gongar i veka går han på møta til Norsk-Pakistansk Eldreforening (NPEF), som er ei foreining for eldre pakistanske menn.

Styreleiaren i foreininga, Majid Tabassam Chaudry, fortel at mange pakistanske menn føler seg aleine eller kjenner på einsemd i det norske samfunnet.

Foreininga blir ein møteplass der ein kan snakke saman om ting ein har opplevd, problem ein står overfor, sjukdom og helse, fortel Chaudry.

Spesielt helse er eit viktig tema.

Majid Tabassam Chaudry er styreleiar i Norsk-Pakistansk Eldreforeining.

Majid Tabassam Chaudry er styreleiar i Norsk-Pakistansk Eldreforening. Han starta foreninga i 2002 fordi han gjerne ville møte andre med same bakgrunn og interesser.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Utviklar psykisk uhelse

Ifølgje SSBs levekårsundersøking frå 2016 har innvandrarar dårlegare helse enn resten av befolkninga.

Det viser også forsking gjort av Beate Lie Sverre. Ho er førsteamanuensis ved institutt for sjukepleie og helsevitskap på Universitetet i Sørøst-Norge (USN).

– Dei fleste innvandrarar har god psykisk og fysisk helse når dei kjem til Noreg, men mange utviklar synlege helseplager og psykisk uhelse i løpet av levetida i Noreg, fortel ho.

Sakn og sorg

Sverre peikar på at det å flytte til eit anna land er ei belastning i seg sjølv. Å forlate heimlandet kan innebere sakn, sorg og mange tap.

Innvandrarar må tilpasse seg eit nytt samfunn og ein ny kultur. Og det kan vere svært krevjande, spesielt om ein også blir møtt med stigmatiserande haldningar.

– Migrasjon og tilpassingsprosessen i det nye samfunnet utgjer ein stor helserisiko.

– Kombinerer ein det med normale aldersforandringar ser vi at eldre innvandrarar eldast raskare enn resten av befolkninga, opplyser Sverre.

Beate Lie Sverre

Beate Lie Sverre er tilknytt Senter for omsorgsforsking – Sør og forskingsgruppa USN Eldreforsk.

Foto: Universitetet i Sørøst-Norge / Universitetet i Sørøst-Norge

Einsemd

Dette er noko styreleiaren i NPEF også kjenner seg igjen i. Ifølgje Chaudry er det fleire av mennene som har fysiske og psykiske plager.

Mange er også einsame. Denne kjensla blir verre ved at mange også opplever ein kulturforskjell mellom seg og barna. Barna har vokse opp i Noreg og tilhøyrer eit norsk miljø og snakkar norsk.

Dei ser på norsk TV og et norsk mat. Det gjer ikkje dei eldre.

Dei føler seg framandgjorde i sin eigen heim, påpeiker Chaudry.

Majid Tabassam Chaudry er styreleiar i Norsk-Pakistansk Eldreforening.

Styreleiar i NPEF, Majid Tabassam Chaudry, trur foreininga er livsviktig.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Han fortel vidare at det å kunne møte andre menneske med same bakgrunn, kultur og språk er spesielt viktig.

– Dette er som medisin for dei. Hadde dei ikkje hatt denne plassen kunne det ha fått fatale konsekvensar, legg Chaudry til.

Angst og depresjon

Zeljka Cvetkovic er stipendiat ved USN, og er i gang med ei doktoravhandling om eldre innvandrarar og psykisk helse. Både internasjonal og nasjonal forsking viser at eldre innvandrarar har dårlegare psykiske helse enn eldre i majoritetsbefolkninga.

– Flyktningar er den gruppa som er mest sårbar med tanke på å utvikle psykisk uhelse. Nokre av dei kan utvikle psykisk liding også seinare, i eldre alder, fortel Cvetkovic.

Angst og depresjon er vanleg, sjølv om det er store variasjonar. Stress og eksistensielle spørsmål rundt livet dei har levd – og skal leve – sett sit preg.

Det er også mange som kjenner på einsemd. Og frykt for einsemd.

– Fleire eldre innvandrar saknar framleis landet dei kjem ifrå. Dei kan kjenne på mange tap, tilføyer Sverre, som er rettleiar til Cvetkovic.

Zeljka Cvetkovic. Stipendiat ved Universitetet Sørøst-Norge.

Zeljka Cvetkovic er tilknytt Senter for omsorgsforsking – Sør og forskingsgruppa USN Eldreforsk.

Foto: Universitetet i Sørøst-Norge / Universitetet i Sørøst-Norge

Oppsøker ikkje lege

Trass i at mange har fysiske og psykiske plager er det ifølgje Chaudry i NPEF få som går til legen.

– 70 % av dei som møtest her er analfabetar, og snakkar heller ikkje så godt norsk. I tillegg er det få som har lyst til å innrømme for legen sin at dei har plager, opplyser Chaudry.

Forsking som viser at eldre innvandrarar brukar mindre av helsetenestene enn det majoritetsbefolkninga gjer.

Når dei går til går til legen har dei ofte vanskar med å setje ord på helsesituasjonen sin, dei uttrykker seg på ein annan måte enn det legar er vande til.

Det fortel stipendiaten Zeljka Cvetkovic.

Resultata er oftast at behova for helsetenester ikkje blir møtt.

Det er mange nordmenn som tar informasjon og kunnskap om helse som ei sjølvfølgje. Det er ikkje tilfelle blant mange eldre innvandrarar, understrekar Cvetkovic.

Dei veit sjeldan kva dei har moglegheiter til, og krav på.

Kortspel ved Norsk Pakistansk Eldreforening

Kortspel er ein populær aktivitet hos Norsk-pakistansk Eldreforening.

Samling hos Norsk-Pakistansk Eldreforening

Samling hos Norsk-Pakistansk Eldreforening på Grønland i Oslo.

Mohammed Irshad Butt og styreleiar i Norsk-Pakistansk Eldreforening Majid Tabassam Chaudry

Mohammed Irshad Butt og styreleiar Majid Tabassam Chaudry snakkar saman.

– Sosiale møteplassar

I 2060 vil kvar fjerde innvandrar vere over 70 år.

Som samfunn, om vi skal yte likeverdige helsetenester, så treng vi kunnskap om det, seier Sverre.

Ifølgje ho kan mykje førebyggast og helsa fremjast ved å leggje til rette for sosiale møteplassar for eldre innvandrarar. Slik som NPEF gjer.

Det å møte folk med same språk, same religion og andre ting ein har til felles kan bidra til nye sosiale relasjonar, og oppleving av tilhøyre som kan oppvege kjensla av einsemd og sakn, avsluttar Sverre.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.