Hopp til innhold

Eksostårna blir ståande som dei er

Statens vegvesen set ein stoppar for lysande luftetårn i Bjørvika. – Oslo tapar eit sjeldant godt kunstprosjekt, meiner juryleiaren som kåra vinnaren.

Luftetårn og Rambergs modell

Slik hadde Lars Ramberg planlagt at luftetårna i Bjørvika skulle sjå ut. Men prosjektet vart for dyrt for Statens vegvesen, og tårna blir ståande som dei er.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK/Statens Vegvesen

Statens vegvesen har bestemt seg: Det blir inga utsmykking av dei fire 40 meter høge betongtårna i Bjørvika i Oslo.

For fire år sidan vann kunstnaren Lars Ramberg utsmykkingskonkurransen utlyst av Vegvesenet. Vinnarforslaget gikk ut på å feste 72.000 lysdioder til tårna, noko som skulle representere den genetiske koden til svartedaudenbakterien. Bjørvika var sentrum i Oslo fram til Svartedauden kom.

Men etter mange år med diskusjon og usikkerheit kring prosjektet, vil Statens vegvesen bruke pengane til noko anna. Dei hadde nemleg ikkje rekna drift og vedlikehald av dei 72.000 lyspærene inn i budsjettet. Dermed blir det for dyrt.

– Juryen var einstemmig

Midt mellom Den Norske Opera og Middelalderparken, i Noregs mest brukte trafikkmaskin, står dei gigantiske betongtårna som sørgjer for ventilasjon til Bjørvika-tunnelen.

– Berre fire sementtårn, utan noko tilknyting til resten av området eller utsmykking. Det er trist å sjå på, konstaterer Bård Folke Fredriksen (Høgre), byråd for byplanlegging i Oslo.

Frå kommunen vart det stilt krav om at dersom betongtårna skulle opp, måtte det utsmykking til.

Juryformann Per Hess var med på å kåre vinnaren.

– Eg syns det er trist at dette har endt på denne måten. Det er eit av dei viktigaste kunstprosjekta i Oslo i nyare tid. Juryen var einstemmig enige om at dette var eit sjeldant godt prosjekt, seier han til NRK.no.

– Idèen var at tårna skulle bli eit landemerke. Dei er det første ein ser når ein køyrer inn til Oslo. I ein annan stor europeisk by er eg ganske sikker på at eit slikt type prosjekt ville blitt realisert, seier han.

– Prøvde å få til dialog

Lars Ramberg

Lars Ramberg er skuffa over at kunstprosjektet han har jobba med i fire år ikkje blir realisert.

Foto: www.larsramberg.de

Ein annan som er skuffa er Lars Ramberg.

– Eg syns dette er synd og uansvarleg, fordi ein har sett ned ein fagjury og arrangert ein konkurranse, der mange hundre kjempa om å vinne. Dette handlar ikkje om pengar, dette handlar om vilje, meiner han.

Seksjonsleiar Ingun Risnes i Statens vegvesen innrømmer at kriterium knytt til drift og vedlikehald burde vore rekna med i budsjettet og nemnt i konkurransen.

– Det kan vi berre beklage. Statens vegvesen prøvde å kome i kontakt med Ramberg for å få til ein dialog om eit redusert konsept, men det var ikkje mogleg å få til ein dialog eller avtale om det. Difor vart prosjektet skrinlagt, seier ho.

Prosjektet ville ha kosta 15 millionar kroner å finansiere, men Lars Ramberg endra prosjektet slik at det kunne bli realisert for fem millionar kroner. Han hevda også å ha sponsorar som ville bidra til prosjektet.

Det har ikkje lukkast NRK.no å få tal på kor mykje det ville kosta med drift og vedlikehald av kunstprosjektet frå Statens vegvesen i ettermiddag.

LES: Lysende eksostårn kan bli realitet

Ingen plan for utsmykking av tårna

Statens vegvesen hadde sett av fem millionar kroner, som no går til prosjektet Bjørvika Utvikling, som jobbar med kunstprosjekt i heile Bjørvika-området.

Dei seier til NRK at dei ikkje har nokon plan for utsmykking av tårna, men at dei kan bli integrert i kunstprosjekt som er planlagt i området, om kunstnarane sjølv tar intiativ til det.

–Er juryen blitt kontakta undervegs?

– Nei, seier Per Hess.

– Når dei har tatt eit nytt grep og gitt pengane til eit anna prosjekt, syns vi det er rart at dei ikkje har spurt juryen.

Hess bekreftar at Ramberg endra prosjektet slik at det kunne bli realisert for fem millionar kroner.

Vegvesenet har tidlegare vendt seg til kommunen for økonomisk støtte, men fått nei. Folke Fredriksen meiner dette er Vegvesenet sitt ansvar, men:

– Det er såpass ille at eg syns vi må vurdere om vi skal forplante tårna med rasktveksande veggplanter. Er det ikkje ein som heiter Arkitektens trøst, som i dette tilfellet kunne passe svært godt?

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørvika

Eksostårna ligg godt synleg i Bjørvika.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Politisk kontroversiell kunstnar

Agnes Moxnes, kulturkommentator i NRK, syns dette er ei pussig, pinleg og rar sak.

Agnes Moxnes

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes.

Foto: NRK

– Er det nokon som kan store, kompliserte kontrakter som er basert på drift og vedlikehald, så er det Statens vegvesen. Dei har fått til nasjonale turistvegar, eit enormt vellukka prosjekt med arkitektar og kunstnarar landet rundt, på aude stadar, seier ho.

LES: Vil tvinge vegvesenet til å bruke penger på kunst

– Og så får dei det ikkje til i det som kjem til å bli Noregs mest trafikkerte og tettast befolka område.

Ho meiner saka opnar for spekulasjonar om dette er ei politisk avgjerd frå Statens vegvesen.

– Lars Ramberg er ein veldig politisk kunstnar, han skapte mykje spetakkel i Tyskland då han sette opp ordet «zweifel», som tyder tvil, på den gamle østtyske nasjonalforsamlingas bygg etter samlinga av Tyskland. Det blei ikkje mindre bråk, både i Frankrike og Noreg, då han lagde eit nasjonalt monument av tre franske utedoar i raudt, kvitt og blått, seier ho.

– Her kan ein berre undre seg om Statens vegvesen har mislikt koblinga mellom Svartedauden og utsleppet av eksos som kjem frå tunnelen.

Kva syns du om betongtårna? Kommenter her.

Kulturstrøm

  • Festspill med mye samisk på programmet

    Lørdag åpnet Festspillene i Nord-Norge i Harstad, og allerede fra første dag var det mulig å få med seg deler av årets samiske innslag i programmet.

    Den samiske kunstneren Outi Pieski viser sine verker i Festspillutstillingen. Pieski er kjent for blant annet sine verker av frynser og ikke minst hornluer.

    I tillegg blir det både konserter, performance, debatter og kulturvandringer med samisk tema.

    Blant artistene finner vi Kajsa Balto, Slincraze, Not my time to die og Article 3.

    Marita Isobel Solberg har performancekonsert der musikken er inspirert av samisk, svensk, finsk og norsk kultur og folkemusikk.

    På Trondenes og Kanstadbotn blir det guidet vandring på steder knyttet til eldre samisk bosetting og andre verdenskrig.

    Temaet samisk kultur i Sápmi og i det urbane blir tema i debattrekken High Noon.

    Festspillene i Nord-Norge varer til 2. juli. Se hele programmet her.

    Kajsa Balto med musikere
    Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen
  • Kirken: En grusom hendelse midt i Pride-feiringen

    Kirken slår ring om Pride-feiringen, kjærlighet og mangfold etter masseskytingen i Oslo sentrum.

    – Vi våkner til skrekk-meldingen om skudd, drepte og sårede på London pub. Dette burde vært utenkelig. Det er det ikke, skriver kirkerådsleder Kristin Gunleiksrud Raaum på Facebook.

    Raaum beskriver angrepet som en sterk kontrast til feiringen av kjærlighet og mangfold, som hun deltok i fredag.

    Preses i Den norske kirke Olav Fykse Tveit skriver at han tenker og ber for alle som er rammet.

    – Grusomme hendelser med skyting, drap og alvorlige skader i Oslo sentrum i natt, midt i Pride-feiringen der mange er ute for å feire livet og kjærligheten, skriver han.

    (NTB)

Flere kulturnyheter