Går du etter matlukta på Haukeland Universitetssjukehus blir turen lang. Haukeland dekker 206 mål, men turen frå sentral-blokka til kjøkenet vert ikkje kjedeleg. I tunnelane under bakken susar portørane att og fram med pasientar, senger og skittentøy. I taket står oppmodingar om å køyre forsiktig, særleg der tunnelane kryssar kvarandre.
11 500 rundstykke i veka
Johnny Wilhelmsen ved eltemaskina.
På bakeriet er det full aktivitet, og særleg rundstykke-maskina er fascinerande. Deigen går oppi på toppen, og ut på samlebandet kjem perfekte rundstykke på rekke og rad. Bakar og konditor Johnny Wilhelmsen fortel at bakeriet og konditoriet brukar 1500 kilo mjøl på berre ei veke. Det trengs når ein vekeproduksjon er på 1400 brød, 11500 rundstykker, 2500 bollar og 500 wienerbrød.
Rundstykka kjem ut av maskina fiks ferdige.
Raude roser og jordbær
Konditor Evy Sander.
Inne på konditoriet ligg små fargerike kunstverk av marsipan. Raude roser, orange appelsiner og små figurar som seinare skal pynte marsipan-kakene står på rekke og rad. Eg får lov til å smake på eit fristande jordbær. På hyllene langs veggen står det kassar med ferdig sjolodade-pynt, og på arbeidsbenken ligg lange pølser med ein eller annan kakedeig.
Det er viktig med søte oppmuntringar når ein er innlagt på sjukehus, og konditor Evy Sander tryllar fram dei lekraste kaker. Ho lovar til og med å lage ei spesial-kake til Norge Rundt.
Roser på hausten? Det er fullt mogleg på eit konditori.
Skittentøy på samleband
På Haukeland tek skittentøyet aldri slutt.
Fullt så godt luktar det ikkje på vaskeriet, men maskineriet er desto meir imponerande. Hit kjem skittentøyet frå heile Helse Bergen, og kvar dag går mellom
Eg får prøve meg ved sorteringsbandet.
10 og 12 tonn tøy gjennom maskinene her. Det tilsvarar 2 til 3000 klesvaskar på ei vanleg vaskemaskin!
Før tøyet vert vaska må det sorterast. Putetrekk her, vaskeklutar der... Eg er ikkje like treffsikker som dei andre, og ein vaskeklut sklir gjenstridig opp i sekken til sengeteppa.
Når tøyet er vaska står ein horde kvinner og menn klare til å stryke og legge saman kleda. Også her er maskinene til god hjelp, både skjorter, håndklede og store laken vert mata inn i store maskiner. Dei er våte og skrukkete når dei forsvinn i maskina, tørre, nystrokne og samanbretta når dei kjem ut.
Mi eiga nål i høystakken
Sentral-arkivet ved Haukeland Universitetssjukehus inneheld over ein halv million journalar.
Antonio Bombal finn journalen min blant hundretusenvis av andre.
Sjølv om sjukehuset er på full fart inn i den digitale tidsalderen, er journalane framleis å finne i papirform.
Eg har sjølv vore pasient på Haukeland, og får lov til å leite etter journalen min. Antonio Bombal viser meg rett hylle, og tryllar fram rett mappe i mengden. Det er ei god kjensle å stå i hjartet av eit stort sjukehus med mi eiga sjukehustorie i hendene, men utan å vere pasient igjen. Eg har vitja Haukeland, eg har sett mykje rart, og kan spasere ut av porten same dag, like frisk som då eg gjekk inn. Og eg har ikkje sett snurten av ein lege.