Newton hadde som mange før han, oppdaga at vi ”heng” fast i Jorda. Ikkje heilt fast heldigvis, vi klarar jo å gå og hoppe, men såpass fast at vi ikkje kan hoppe rett ut i verdsrommet. Vi dett ned igjen ganske raskt. Det er fordi Jorda dreg i oss med ei kraft. Newton fann ut at alle mulige ting dreg i kvarandre med ei kraft. Kor stor den krafta er, avhenger av kor stor masse tingen har. Så vi menneske drar på Jorda, men sidan Jorda har mykje større masse enn det vi pittesmå menneske har, dreg den på oss med ei mykje større kraft.
Det er gravitasjonskrafta som gjer at Månen går i bane rundt Jorda. Foto: NRK-arkiv
Gravitasjonskrafta verkar og ute i verdsrommet. Jorda og alle dei andre planetane i solsystemet vårt går i bane rundt Sola fordi ho dreg på dei med ei viss kraft. Månen går i bane rundt Jorda på grunn av at Jorda dreg på Månen. Månen dreg òg på Jorda, men massen til Månen er så liten at han ikkje greier å dra så hardt at Jorda flyttar seg. Men noko på Jorda flyttar seg, nemleg sjøen. Grunnen til at vi har flo og fjære, er at Månen si gravitasjonskraft dreg på sjøen. Gravitasjonskrafta her på Jorda er faktisk seks gonger sterkare enn den på Månen. Det betyr at verdsrekorden i høgde ville vore seks gongar høgare på Månen enn det han er her på Jorda.
Newtons lover
Newton var ein veldig nysgjerrig kar. Han kom frå ein bondegård, men var ikkje så veldig interessert i å bli bonde. Men han var veldig interessert i å finne svar på det han såg rundt seg. Som for eksempel kvifor epler som løsnar frå eit tre dett mot bakken og ikkje opp mot himmelen.
I tillegg til å vere så ekstremt nysgjerrig som Newton var, var han og utrulig smart. Så han forska og rekna, og leste det andre forskarar hadde rekna på og kome fram til, og gjennom å holde på på denne måten i lang tid, kom han fram til ein del svar på kvifor naturen oppførte seg på den måten naturen gjer. Og det er ganske spesielt å tenke på, at måten naturen oppførte seg på då Newton levde og måten naturen oppfører seg i dag, er temmelig lik. Så difor kan vi bruke dei svara Newton kom fram til for over 300 år sidan, den dag i dag.
Nokre av svara er blitt samla i det som vi kaller Newtons lover. Det er tre lover og dei er som følger:
Newtons 1.lov: Ein ting vil fortsette å vere i ro eller i konstant fart så lenge den ikkje blir påvirka av noko kraft. Altså, for å få ein ball fra straffemerket inn i mål, må du sparke til den. Den flyr ikkje rett i vinkelen av seg sjølv.
Rekdal måtte sparke ballen inn i målet til Brasil. Foto:Erik Johansen/Scanpix.
Newtons 2.lov: Kraft er lik masse ganger akselerasjon. Det vil sei at så lenge det virker krefter på ein ting, vil hastigheten til tingen forandre seg. Altså, så lenge ein trykker ned foten på gasspedalen i ein bil, vil farta til bilen auke, men trykker ein på bremsen, vil bilen stoppe opp til slutt.
Newtons 3.lov: Kreftene mellom to gjenstandar som virkar på kvarandre, er like store og motsatt retta. Altså, dersom du trykker på eit bord med handa di, kjenner du at det presser opp mot handa også. Det er fordi bordet trykker tilbake på handa med ei like stor kraft.
Alt dette med Newtons lover er vanskeleg å forstå, og ein treng ikkje forstå alt dette for å overleve her på Jorda. Men skal ein forstå naturen rundt seg, kan det vere smart å lære seg disse lovene etter kvart.
Newton og regnbogen
Regnbogen er kvitt sollys som brytast gjennom regndråpar. Foto: NRK-arkiv
Sollyset vi ser til vanleg er det vi kallar kvitt. Men dersom det er sol og regn samtidig, kjem det opp alle mulige fargar. Men det er jo samme lyset! Så kvifor er det av og til farga og av og til kvitt?
Det spørsmålet fann faktisk Newton svaret på. Han fann ut at kvitt lys faktisk består av alle fargar. Måten han fann ut av det på var at han lot vanleg lys gå gjennom eit prisme. Eit prisme kan vere ei glasskule eller ein trekant av glass. Ut av prismet kom det lys i alle mulige fargar. Fargane fordelte seg bortover den kvite veggen Newton brukte som bakgrunn. Dei ulike fargane bryter forskjellig inne i prismet og blir sendt ut med ulike avstandar. Altså er ikkje alle fargane samla i ei kvit stråle lenger, men fordelt i mange ulike fargar. Det er det same som skjer når ein regnboge blir til, men då bryt det kvite lyset i regdråpane og ikkje i prisme.
Alt dette og mykje meir var det Isaac Newton fant ut. Han leste mykje og brukte det andre hadde funne ut før han, men likevel var han ein ekstremt smart person som fann ut mykje. Derfor er vi stolte av å kalle programmet Newton.