Eller det er kanskje litt urettferdig mot Hurtigruta å sei, for det er ikkje sjølve båten som gjer meg kvalm. Men då eg var om bord i hurtigruta og vi passerte Stad i 8-9 meter høge bølgjer, då vart eg kvalm. Eg toler ein del sjø, men akkurat den natta vi passerte Stad var det sjølvsagt liten storm og då vart eg altså kvalm. Faktisk så kvalm at gryteretten eg hadde spist i restauranten tidlegare den dagen kom opp igjen.
Hurtigruta gjer meg kvalm
Per Olav fikk komme opp på brua og prøve å styre Hurtigruta. Det var ikke så lurt...
Då vi passerte Stad var eg oppe på brua. Det vil sei i styrehuset der kapteinen og styrmannen sit og styrer. Det er ganske høgt oppe og det gjer at bølgjene kjennes ekstra store. I tillegg var det blitt natt, så då vi kom til dei største bølgjene var det umogleg å sjå noko som helst. Difor kunne eg ikkje førebu meg på at det kom store bølgjer heller. Båten for hit og dit utan at auga mine klarte å få med seg noko som helst. Alt dette var med på å gjere meg sjøsjuk. Men eg må nok og innrømme at eg ikkje er spesielt sjøsterk, og det er ikkje første gong eg vert sjuk på havet...