NRK Meny
Normal

Utsett for spionasje

Min gode kollega og venninne Solveig Hareide er utsett for spionasje, av meg. Eg hadde fått eit oppdrag om å finne ut om kor Solveig bur utan at ho oppdaga meg, men korleis får ein til noko slikt? Skulle eg kle meg ut?

I Mikke Mus er det ofte spionar med, enten spionerer Mikke på nokon eller så er det nokon andre som spionerer på Mikke. Då har dei ofte på seg hatt og frakk og ser mistenksame ut. Det trur ikkje eg er så lurt. For det er ikkje så vanleg at folk går med hatt og frakk i dag og skular rundt kvar eit hushjørne. Nei, kanskje det er betre å berre kle seg slik alle dei andre på gata gjer, slik at ein kan blande seg inni mellom disse. Men eg kunne ikkje berre gå i heilt vanlege klede heller og sjå ut som eg gjer til vanleg, for Solveig kjenner meg jo, og ville kjent meg igjen med det same.

SE: Per Olav som spion

Kler meg ut

Per Olav Alvestad på NISS
Foto: NRK

Difor drog eg til Norsk Senter for Scenekunst, der lagar dei masker, sminkar folk til teaterscena og dei kan lage skjegg. Eg spurde om å få eit kunstig skjegg, men som såg ganske normalt ut. Det fiksa dei fint, og vips var eg Per Olav, berre med skjegg. På litt avstand såg det ut som eit heilt vanleg skjegg. I tillegg hadde eg på meg briller, ei lue som eg ikkje går med så ofte, og ei jakke som Solveig ikkje veit at eg har. Då tenkte eg at eg kanskje skulle kunne snike meg etter ho utan at ho oppdaga meg.

Uventa problem

Eg gjømde meg utanfor NRK i Oslo der Solveig jobbar og venta. Då ho endeleg dukka opp hadde ho med seg kjærasten sin, og han var av den mistenksame typen, så det blei veldig vanskeleg å spionere på dei. Eg følte at det blei to mot ein. Og korleis det går får du vete i Newton den 25 november. Då skal det nemleg handle om spionar og kodar.

Per Olav Alvestad som spion

Per Olav ferdig oppdressa som spion

Foto: NRK