Hopp til innhold

EF-natta vart noregshistorie

Den store pila som tippa frå JA til NEI, fekk folk til å halde pusten under EF-avstemminga.

EF avstemning 1972

Biletet av dei to programleiarane har vorte eit historisk bilete som finst i alle historiebøkene.

Foto: SCANPIX, NTB / SCANPIX / SCANPIX

Henrik Bastiansen

Medieforskar ved Høgskulen i Volda, Henrik Bastiansen.

Foto: Gaute Hareide

Allereie på førehand vart denne kvelden, måndag 25. september 1972 omtalt som EF-natta.

– Den var spanande fordi den oppsummerte og avslutta ni månader intens og bitter debatt om Noreg skulle vere med i den Europeiske Fellesskap (EF) eller ikkje, fortel medieforskar Henrik Bastiansen, som ser nærare på høgdepunkt frå den 50-årige historia til NRK Fjernsynet for NRK.no.

Den store pila

Oppteljinga vart gjort av datamaskiner frå IBM, og sendt direkte frå NTB til tv-studioa til NRK på Marienlyst.

– Tv-sendinga starta klokka ti på ni om kvelden. Geir Helljesen og Lars Jacob Krogh var programleiarar. Dei sat framfor ein vegg der det var montert ei stor pil som skulle vise resultatet.

Då resultata byrja å kome inn var det eit overveldande nei-fleirtal, på over 71 prosent. Men utover natta byrja pila å røyve på seg, over 50 prosent-skiljet, og skifta fram og tilbake.

– Ein augneblink var det ja-fleirtal, i neste nei-fleirtal. Og så mot slutten av kvelden, langt utpå natta, tippa det over til nei-fleirtal att.

EF-avstemminga - partileiardebatt

Partileiarane samla til debatt i NRK, etter at resultatet var klart.

Foto: SCANPIX

Historisk valnatt

Til slutt stoppa pila på 46,5 prosent for, og 53,5 prosent imot medlemsskap i EF.

– Det som er heilt klart etter nattas oppteljing av stemmer er at at Noreg ikkje kjem til å verte medlem av EF, og at regjeringa Bratteli kjem til å gå av, oppsummerte programleiarane då det heile var avgjort.

– Dette var noregs-historie på tv-skjermen. Aldri hadde nordmenn opplevd ei valnatt som likna denne, meiner Henrik Bastiansen.

Fredag 20. august er det 50 år sidan NRK Fjernsynet opna. Les og sjå video frå andre viktige hendingar frå historia til NRK:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters