Hopp til innhold

I retten etter drapet på Tupac

60 år gamle Duane «Keefe D» Davis nekta straffskuld då rettssaka mot han starta onsdag. Den tidlegare gjengleiaren har i mange år skrytt av å ha hatt noko med drapet på Tupac gjere.

Duane Davis

Rettssaka har vore utsett to gonger, men starta 2. november.

Foto: AP

7. september 1996 vart rapparen Tupac «2pac» Shakur skoten fire gonger i eit lyskryss i Las Vegas. Seks dagar seinare døyde han.

Saka kjem opp 27 år etter drapet.

Duane «Keefe D» Davis er no 60 år, og politiet meiner Davis har planlagt og tilrettelagt drapet, og skal ifølgje påtalemyndigheita gitt ordre om å få Tupac drepe.

Alle dei andre som er mistenkte i saka er døde.

Torsdag møtte han i retten iført handjern. Han meiner sjølv han er uskuldig.

Tupac Shakur bil
Foto: AP

– Snakka seg til fengsel

I september vart det kjent at Davis vart pågripen og sikta for drapet på Tupac.

Årsaka til kvifor Davis vart arrestert går tilbake til 2009.

Den gongen sat han i avhøyr i samband med drapet på ein annan kjent rappar, Biggie Smalls.

Politiet hadde bygd opp ei narkotikasak mot han, som dei brukte til å presse Davis for informasjon om drapet på Biggie Smalls.

I bytte mot informasjon, lova dei han immunitet.

Då fortalde han politiet om korleis han, og nokre andre, hadde teke livet av Tupac.

Duane "Keffe D" Davis arrives in court Thursday, Oct. 19,

Då Duane Davis kom til retten 19. oktober dukka ikkje advokaten opp.

Foto: AP

Men sidan Davis seinare fortalde om si innblanding i dokumentarar, podkastar og sjølvbiografien sin, kunne politiet opna sak mot han.

I sjølvbiografien frå 2019 fortel han at det var han som skaffa våpenet som tok livet av Tupac.

– Han snakka seg sjølv rett og slett i fengsel, sa ein som etterforska saka mot Davis i 2009 til det amerikanske nyheitsbyrået AP.

Legenda Tupac

Tupac vart berre 25 år gammal, men hadde allereie sett sitt preg på hiphop-kulturen innan han døydde. Han blei eit ikon, og er ein av dei meste kjende rapparane i verda.

Ein vegg til minne om Tupac i Los Angeles

Ein vegg til minne om Tupac i Los Angeles.

Foto: AFP

Han gav ut fem album medan han levde, og vart nominert til den gjeve musikkprisen Grammy seks gongar.

Tupac var også skodespelar, og vart seinast i juni i år heidra med ei stjerne på den kjente Hollywood Walk of Fame. Høyr meir i podkasten Oppdatert frå tidlegare i år:

Kulturstrøm

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor
  • Regjeringa gir 300 millioner i satsing på lærebøker i papir

    – Starten på en tydelig markering av skrift og bøker, sier statsminister Jonas Gahr Støre.

    Pengene er øremerket fysiske bøker.

    – Forskning viser at elever lærer mer ved å lese fysiske bøker, sier kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun.

    Hun sier regjeringen nå tar grep for å snu dårlige lesetall.

    – For mye iPad, skjerm og for lite bøker har ikke vært bra for leselysta, sier statsministeren.