Draumar kan vere ville tankefuglar som aldri blir noko av, eller handfaste ønske om det som skal skje i framtida. Ekteparet som fekk kvarandre etter over 30 år, er berre to av dei som drøymde lenge nok til at det umulege var blitt muleg.

I programmet fredag 3. januar får du også møte nokre som fekk ein ide om å ta med seg eit orgel til fjells, han som ville køyre panserbil i sentrumsgatene i Sandefjord, og dei som reiste frå Kragerø til Danmark - i ein ombygd septiktank.
Livet tok ei anna lei
Det er ikkje alltid alt blir slik ein hadde tenkt, men livet kan bli bra likevel. Ein av dei som beviser det er modellbåtbyggaren på Bryne. Han ville til sjøs, men kunne ikkje. No bygg han modellbåtar i staden, med ei hand for lite.

Maybritt sin onsdag er oransje.
Leve ut draumar
Enkelte er flinkare enn andre til å leve ut draumane sine. Maybritt S. Matre i Bergen meiner bokstavleg talt kvar dag har sin farge. Også på andre måtar set ho farge på byen.

Hunden Connie er eit av dei største fotballtalenta på Askøy. Fireåringen gjer det betre enn dei fleste på bana, og har personleg trenar.
Har du planar om å gjere noko med draumane dine i 2003? Då skal du følgje med på Norge Rundt fredag 3. januar klokka 19.30.