Hopp til innhold

Dette må du tenke på når du skal trene barnet ditt

Som forelder har ein mange roller i kvardagen, og enkelte trer inn i trenarrolla. Men kva bør ein tenke på når ein skal trene eigne barn?

Frode og Henrik Hagen i konkurranse i forbindelse med Famliliens ære

FAR OG SON: Far og son, men også trenar og utøvar. Her er Frode Hagen (t.v. og sonen Henrik avbilda under «Familiens ære».

Foto: CATO INGEBRIGTSEN / Nordisk film tv/NRK

– Det å vere trenar for barn er ofte sett på som lågare på rangstigen enn det å vere elitetrenar. Men eg synest det er omvendt, seier tidlegare handballproff Frode Hagen.

– Det er ikkje alle forunnt. Det er litt alvor i det også, legg han til.

Hagen veit kva han snakkar om.

Med 198 kampar på landslaget, og i tillegg til å vere spansk, tysk og norsk meister, har han mildt sagt god kompetanse i handball.

Dei siste åra har han derfor – saman med eit større foreldreteam – vore handballtrenar i klubben Konnerud IL.

Bevisst på ansvaret

Her spelar også dei to yngste sønene hans på aldersbestemte lag, i tillegg har Hagen 10-års erfaring som trenar for eldstesonen Henrik som i år gjekk over til 2. divisjonsklubben ROS.

Henrik Hagen på fotballbana i forbindelse med Familiens ære

FOTBALL: Henrik Hagen er handballspelar, men i «Familiens ære» vart han utfordra i andre idrettar.

Foto: CATO INGEBRIGTSEN / Nordisk film tv/NRK

Pappa Frode og sonen Henrik er med i haustens «Familiens ære» der dei konkurrer mot andre idrettsfamiliar. Så langt har dei vist at dei har god kjemi og er for augeblikket laget med flest poeng.

– Det å vere trenar for barn og ungdom er ei gåve. Det er utruleg gøy og gir enormt mykje.

– På den andre sida er det eit enormt ansvar som ein må vere bevisst på, uavhengig om ein er «pappatrenar», eller ikkje.

Frode Hagen og Henrik Hagen
Foto: Nordisk Film TV

Kan skape eit spesielt band

Frank Heggebø er idrettspedagog og jobbar som fagkonsulent i idrettscoaching på Olympiatoppen.

Han legg vekt på at foreldre som er trenarar får ei fin moglegheit til å ta del i barnets interesse, og at ein saman kan skape noko som gir eit spesielt band.

– Det kan òg vere fint for barnet å ha ein trenar dei veit set pris på ein, trass i idrettsresultata.

Likevel finst det gruver å falle i når ein skal vere trenar for barnet sitt.

Frank Heggebø. Mentaltrenar for Viking.

POSITIVT: Frank Heggebø meiner det kan vere positivt for barnet å ha ein trenar som kjenner til heilskapen og personlegdommen til utøvaren.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Balansere rollene

– Den vanlegaste fallgruva er at ein gløymer ei forventingsavklaring med barn eller annan familie på korleis ein tenkjer og prioriterer, seier Heggebø.

Han meiner òg det er avgjerande å gjere ei forventingsavklaring med barnet rundt sin eigen kompetanse.

– I tillegg er det viktig å diskutere korleis ein balanserer rollene. Til kva tid er vi forelder/barn og trenar/utøvar, og korleis handterer vi det når vi kjem i ein skvis, utdjupar Heggebø.

Må «overprestere» for å bli trekt fram

Frode Hagen understrekar at han prøver å vere trenar når ein er på trening og ikkje i papparolla, men innrømmer at han kan blande dei rollene av og til.

Frode og Henrik Hagen gjer seg klar for konkurranse i Familiens ære

KONKURRANSEMODUS: Frode og Henrik Hagen i forbindelse med konkurranse i programmet «Familiens ære».

Foto: CATO INGEBRIGTSEN / Nordisk film tv/NRK

– Eg kan plutseleg snakke med trenarstemme heime og pappastemme på trening. For oss er det naturleg å snakke handball både heime og på handballarenaen.

Éin ting er å vere trenar i ein individuell idrett, men det er noko anna å vere lagtrenar og gi skryt eller korreks til barnet framfor resten av laget.

Ifølgje Heggebø er dette ei av dei store utfordringane.

– Barn av foreldretrenarar må ofte «overprestere» for å bli trekt fram. Det er viktig å tenke at det skal vere like premissar for alle i laget.

Ingen skal føle på urett

Frode Hagen er svært oppteken av å behandle alle likt. Det står som grunnmur i treninga.

Henrik og Frode Hagen før konkurranse i Familiens ære

PEP-TALK: Henrik og Frode Hagen før ein av konkurransane i «Familiens ære».

Foto: Cato Ingebrigtsen / Nordisk film tv/NRK

– Sidan det er eit lagspel skryt eg gjerne til heile laget. Viss det er naturleg å gi skryt og ros til enkelte så gjer eg det, også til sønene mine, fortel han.

For Hagen er det viktigaste som trenar å vere ein god rollemodell:

– Idrett er eit viktig haldepunkt for barn, og du har ansvar for at ingen fell utanfor eller føler på urett. Inkludert ditt eige barn.

Følg med på Frode og Henrik Hagen i «Familiens ære» på NRK1 fredag kl. 20.05 eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.