Jula er ei høgtid som står sterkt i Noreg.
Men kva kom fyrst av juleølen og nissen? Visste du at den norske nissen eigentleg er slem? Og kvifor er fisk så viktig i jula?
Julekonservator på Norsk Folkemuseum Geir Thomas Risåsen gir oss svara.
Geir Thomas Risåsen under prøvene til «Kvelden før Kvelden».
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKJuleøl
Det er faktisk juleølen som får fyrsteplassen over Noregs eldste juletradisjonar. Den er over 1000 år gamal!
I det norske bondesamfunnet, i både by og bygd, var det vanleg å brygge øl året rundt. I det daglege drakk både barn og vaksne det dei kalla for «tynt øl» (lettøl), men til jul og andre høgtider gjekk det i sterkare saker.
– Jula var ei så spesiell høgtid at da skulle ein berre ha det finaste. Til jul skulle vi derfor ha så kalla «godt øl», fortel Risåsen.
«Godt øl» hadde høgare alkoholprosent enn det tynne ølet.
Juleøl er ein tradisjon vi har hatt i over 1000 år.
Foto: Birger Meland / NRKLovpålagt å brygge øl
Men det var ikkje berre for smaken sin skuld at folk brygga «godt øl». Det var rett og slett lovpålagt.
– Det vart nedfelt i Gulatinget på 900-talet. I lova stod det at husbonden og husfrua skulle brygge like mykje kvar, slik at det skulle halde julesesongen gjennom, understrekar julekonservatoren.
Viss du braut lova vart du straffa.
– Da måtte du betale bøter til biskopen. Fortsette du å bryte lova kunne du bli fråteken gard og grunn. Så alvorleg var det å ikkje brygge øl til jul og andre høgtider i gamle Noreg, fortel Risåsen.
Øl var tørstedrikk nummer éin
Og det gjekk som regel mykje øl. For i gamle dagar var maten så gjennomsalta at folk gjekk konstant tørste.
Sjølv om det ikkje lenger er lovpålagt å brygge øl til jul, er det mange som framleis gjer det.
– Det er mange som held tradisjonen i hevd, og dei som bryggar øl til jul i dag er siste ledd i ein over 1000 år gammal tradisjon, seier Risåsen.
Det er mange som likar å drikke juleøl til jul.
Foto: ScanpixNissen
Høyrer du ordet nisse tenker du kanskje på den store nissen med raud dress, kvitt skjegg og gåver på slep? Kanskje tenker du også på han vesle på låven som vil ha julegrauten sin i fred, og som kan bli ein skikkeleg hissigpropp om han ikkje får det han vil?
Den siste er nærmast det som er den norske urnissen.
Han var ein liten, gråkledt skapning med raud topplue. Fyrste gong vi høyrer om nissen som skapning, er på Island allereie på 900-talet.
Ifølgje Risåsen har vi i Noreg alltid hatt eit sterkt forhold til nissen, og han har vore like vanleg i byen som på landet.
– Nordmenn og nissar har budd side om side i alle tider, fortel Risåsen.
– Nissen var ein av dei viktigaste hjelparane på garden. Han passa på dyra, og sørga for at alt var i orden.
Visste du at ordet nisse er eit relativt ungt ord? Det kom i bruk på 1600-1700-talet, og kjem frå det danske ordet Nils.
Foto: NasjonalbiblioteketSmørauge i grauten
Nettopp fordi han var så knytt til oss, og følte at han gjorde ei viktig oppgåve, ville han også bli verdsett. Og det skulle skje på julaftan. Mange sette derfor ut eit glas øl til nissen, eller mat på ein gardshaug eller ved eit tuntre.
Men det vanlegaste, og det som vi kjenner best til i dag, var å setje ut graut til nissen.
– Det skulle ikkje berre vere graut. Det skulle vere graut med smørauga, for smør var også eksklusivt i gamle dagar. Det var festmat, fortel Risåsen.
Om du ikkje gav nissen som han forventa kunne han bli skikkeleg sint.
Ond, slem og lur
Ifølgje Risåsen finst det mange historier der det klikkar for nissen. Éi historie fortel om tenestejenta som ikkje gir nissen smørauge i grauten. Da tar nissen tak i ho, og dansar ho nesten til døde i løpet av natta.
Når han slepp tenestejenta er ho meir død enn levande.
– Nissen kunne vere vondsinna og lur. Det var ingen du spøkte med. Det var ein du heldt deg inne med.
Men når vart eigentleg nissen til julenissen?
– Da juletreet kom, kom også gåvene. Då trengde ein nokon til å levere gåvene. Dermed blir nissen ein slags sesongarbeidar knytt til jula, fortel Risåsen.
Nissen vart etter kvart julenissen som hadde med seg gåver til alle snille barn der ute.
Foto: NasjonalbiblioteketHundretusen nordmenn set ut graut
Den gåvmilde nissen er basert på helgenen Nikolaus. Han var, ifølge legendene, ein svært gåvmild mann som var opptatt av å hjelpe dei fattige.
– Den julenissen vi tenker på i Noreg i dag er ei samansmelting av mange skapningar, blant anna av den vesle, norske urnissen og den gåvmilde nissen.
I Noreg i dag er det mellom 300-350.000 menneske som set ut graut til julenissen.
– Eg synest det er utruleg flott, for det viser at ein gammal tradisjon blir heldt i hevd, seier Risåsen.
Set du ut graut til nissen?
Fisk
Er du blant dei som et fisk på julekvelden? Da held du i gang det som er den tredje eldste juletradisjonen her til lands. Det er ein arv vi har frå da vi var eit katolsk land, som varte fram til reformasjonen på midten av 1500-talet.
– Adventstida var fastetid i katolsk tradisjon, og siste kveld i fasta var julaftan. Og fisk er fastemat, forklarar Risåsen.
Dei som budde langs kysten i Noreg hadde tilgang på fersk fisk. På Sørlandet var det vanleg å eta torsk, mens kveite var vanleg i Nord-Noreg.
Dei som budde inne i landet måtte nøye seg med konservert fisk, slik som rakefisk og lutefisk. Desse rettane kan ein følgje heilt tilbake til 1400-talet, men er nok mykje eldre enn det.
– Det interessante er at sjølv om det ikkje er så mange som har det som middag på julaftan lenger, er det framleis ein tradisjon vi knyt opp mot julemiddagen, opplyser julekonservatoren.
Rakefisk i nista
Artist Ingebjørg Bratland er blant dei som ikkje klarar seg utan fisk, nærmare bestemt rakefisk, i jula.
– Det blir ikkje noko advent- eller julekos utan!
Faren hennar lagar nemleg rakfisk, og for ho er det ein viktig del av desember. Artisten var så glad i rakefisk da ho var lita at ho til og med hadde det som pålegg på skulen.
– Det var ikkje like populært blant klassekameratane. Når rakfisk og kneippbrød ligg i ein matboks i fleire timar er det klart at det luktar litt når du opnar lokket, fortel ho.
Ingebjørg Bratland viser genseren sin under prøvene til «Kvelden før kvelden».
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKIfølgje Risåsen er det vanskeleg å seie kva som er eldst av rakefisk og lutefisk, men:
– Lutefisken har vore den dominerande julaftanmiddagen i Noreg til eit stykke ut på 1900-talet, fortel han.
Rakefisk på flatbrød med rømme, graslauk, raudlauk og potetar.
Rakefisk er også vanleg å eta på lefse.
Lutefisk med bacon, potet og ertestuing er vanleg å eta hos mange familiar i jula.
Trass i at ribba og pinnekjøtet har dominert middagstallerkenen dei siste tiåra, er det framleis mange familiar som et fisk.
– Det er framleis dei som held på tradisjonen, men dei har gått frå å vere i fleirtal til å vere i mindretal.
Kva et du på julaftan?
Fiskesuppe og aure på julaftan
Ingebjørg og familien er blant dei som framleis har fisk på menyen julaftan. Forretten er fiskesuppe beståande av fiskekraft og grønsaker.
Til hovudrett er det aure (som har vorte trekt i krafta), servert med hardbrød, kling (lefser ned smør og sukker) og rundstykke.
– Hadde eg hatt valet mellom ribbe, pinnekjøtt og fisk, hadde eg valt fisk, avsluttar Bratland.
Vegard Harm, Ingebjørg Bratland og Lisa Tønne under prøvene til «Kvelden før kvelden».
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK