Hopp til innhold

Gler seg til lukta på Jæren

Sjakk-Ole og kanalvert Hilde-Yvonne er to av NRK-profilane som har sikra seg Noregs kjekkaste sommarjobb. Dei skal vere programleiarar i Sommeråpent. Og alle 16 skal gjere det ingen programleiar har gjort før dei; sende direkte frå perrongen.

Ole Rolfsrud og Hilde-Yvonne Smelror

Ole Rolfsrud og Hilde-Yvonne Smelror skal leie Sommeråpent i Agder og Rogaland; frå Nelaug, Marnardal, Brusand, Sira og Vennesla.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Ole Rolfsrud, kjent frå NRK Sportens sjakk-sendingar, ser særleg fram til sendinga på Brusand.

– Eg gler meg skikkeleg, det er utruleg fint på Jæren! Bortsett frå at det ofte luktar bæsj der.

17. mai-tog med traktorer på Tjelta i Sola

17. mai pynta jærbuen 60 traktorar og køyrde i tog. Rett nok ikkje på Brusand, men truleg får Ole Rolfsrud likevel sjå traktorar under sitt besøk i Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Brusand

Brusand i Hå er einaste stopp for Sommertoget i Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

– Gjer det? Makker Hilde-Yvonne Smelror, frå industristaden Kjøpsvik i Nordland, avslører manglande kunnskap om møkkaspreiing.

– Og så driv dei med traktorpulling, held Ole fram.

– Heime på Sunnmøre er det vanleg å køyre moped når du er 16 år, men på Jæren køyrer dei traktor til skulen.

– Gjer dei? Får eg køyre traktor? Får Hilde-Yvonne tilbodet slår ho til på flekken.

– Dette blir den beste sommarjobben ever!

Sovemaske, knekkebrød og saks

Hilde-Yvonne Smelror og Ole Rolfsrud er eitt av åtte programleiarpar som leier Sommeråpent frå Sommertogets 40 hovudstopp.

  • Nicolay Ramm og Jeanette Platou leiar Sommeråpent frå Rognan, Mo i Rana, Trofors, Grong og Steinkjer.
  • Hans Olav Brenner og Jenny Skavlan: Hommelvik, Støren, Oppdal, Dombås og Åndalsnes.
  • Stian Sandsø og Ida Nysæter Rasch: Vinstra, Moelv, Rena, Alvdal og Røros.
  • Silje Nordnes og Christian Strand leiar Sommeråpent frå Tynset, Elverum, Kongsvinger, Grorud og Eidsvoll.
  • Haddy Njie og Mikkel Niva leiar Sommeråpent frå Gran, Flå, Finse, Flåm og Voss.
  • Martin Giæver og Nadia Hasnaoui leiar Sommeråpent frå Ål, Hønefoss, Stokke, Porsgrunn og Notodden.
  • Ole Rolfsrud og Hilde-Yvonne Smelror leiar Sommeråpent frå Nelaug, Marnardal, Brusand, Sira og Vennesla.
  • Og Rune Nilson og Torfinn Borkhus tek sjarmøretappen frå Bø, Vestfossen, Ås, Råde og Sarpsborg.

Nicolay Ramm tek med seg sovemaske til dei lyse nettene i nord. Haddy Njie har vore ute ei sommarnatt før og pakkar med ulltøy, knekkebrød og makrell i tomat. Nadia Hasnaoui tek med yogamatta for solhelsingar på perrongen. Rune Nilson vil sjekke utsikta frå lokomotivet. Og Hilde-Yvonne Smelror pakkar med saksa for å halde luggen bein.

Hilde Yvonne Smelror

Kanalvert Hilde-Yvonne Smelror jobbar til vanleg åleine i eit studio på Marienlyst. Ho gler seg til å møte folk på tur med Sommertoget.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

Innbyggjartal: 150

– Eg trudde eg var den av oss to som kjem frå den minste staden. Kjøpsvik har berre 900 innbyggjarar, seier Hilde-Yvonne. Men nei. Oles heimbygd Brandal har berre 350 innbyggjarar.

Hilde-Yvonne og Ole har si fyrste sending frå Nelaug stasjon 8. august. Aldri høyrt om Nelaug? Nettopp difor gler Ole seg til å ta Sørlandsbanen.

– Kyststripa får all merksemda, og alle har høyrt om Arendal, Risør, Kristiansand og Grimstad. Innlands-Sørlandet er heilt gløymt! Det har Ole tenkt å bøte på.

Nelaug kan skilte med kring 150 innbyggjarar, og ligg i kommunen Åmli i Aust-Agder. Åmli er kjent for Jonas Alaska, bever og volleyball.

Ole og Hilde-Yvonne synest det er ekstra stas å skulle leie Sommeråpent frå Sørlandsbanen, for med unntak av Vennesla (12 820 innbyggjarar.) står det berre småstader på reiseruta deira. Marnardal stasjon ligg i ein tettstad med 200 sjeler, på Brusand er innbyggjartalet 570 og på Sira 800.

– Strålande! seier Ole.

– Tenk så artig om heile bygda kjem på perrongen på Nelaug? Eg er veldig glad for at me sender frå småplassar, for då får me verkeleg møtt folk, seier Hilde-Yvonne, som til vanleg er kanalvert og sit åleine i eit lite studio på Marienlyst.

40 stasjonar og 17 fylker på åtte veker. NRKs sommarsatsing er både ambisiøs og utfordrande.

HEILE RUTA: Sommertogets reiserute sekund for sekund.

Kulturstrøm

  • Frankrike: bøter og fengsel for skjult reklame hos influensere

    Frankrike har vedtatt en ny lov som innebærer at influensere risikerer både kraftige bøter og fengselsstraff hvis de driver med skjult reklame og svindel.

    Loven innebærer at det blir forbudt å promotere blant annet kosmetisk kirurgi, tobakk og enkelte finansprodukter.

    Influensere risikerer opptil to års fengsel og bøter på over 3 millioner kroner hvis de driver med slik ulovlig markedsføring.

    – Festen er over for dem som tror de kan drive med svindel på internett, sa økonomiminister Bruno Le Maire nylig.