Hopp til innhold

Her er alle vinnarane i årets Spellemann

28 gjeve musikkprisar har blitt delt ut i årets Spellemann. Årets mestvinnande artist blei girl in red som tok heim tre prisar. Alle vinnarane kan du sjå her.

– Tusen takk. Dette er så rart, seier Marie Ulven, betre kjent som girl in red, etter å ha tatt i mot Spellemannpris for «Årets utgjeving».

Overrekkinga vart gjort av Billie Eilish, som er ein av klodens mest populære popartistar for augneblinken.

Billie Eilish overraskar Marie Ulven, betre kjent som girl in red med Spellemannpris

Billie Eilish overraskar Marie Ulven, betre kjent som girl in red med Spellemannpris

På grunn av at Marie Ulven er på turné i USA for tida, kunne ho ikkje kome på sjølve Spellemannpris-utdelinga på Sentralen i kveld.

Møtet mellom Girl in red og den amerikanske superstjerna skjedde derfor under festivalen Coachella i California førre helg – der dei begge hadde konsertar.

Også «Årets Spellemann»

– Unnskyld for at eg overraska deg, men her er enda meir informasjon, seier Billie Eilish og viser fram ein video.

girl in red med Spellemannpris for «Årets utgjeving»

STOLT: Marie Ulven, girl in red, poserer med Spellemannpris i Los Angeles.

Foto: NRK

I videoen blir det annonsert at girl in red også får den gjeve prisen «Årets Spellemann»

– Musikken din, og deg betyr utruleg mykje for veldig mange. På grunn av deg får folk mot, hjelp og sjølvtillit til å finne seg sjølv, og ikkje minst tore å vere seg sjølv, seier Spellemann-programleiar Tarjei Strøm.

Årets låt til popyndling

Chris Holsten vann prisen for årets låt, med låten «Smilet i ditt eget speil». Den har blitt stemt fram av publikum via nrk.no og jurymedlemmar.

- Jeg blir litt satt ut. Det er så fantastisk stas å vere i slikt selskap. Det her er folkets pris, og det betyr sykt mye, sa han i takketalen sin.

Dette er andre år på rad Holsten vinn denne prisen.

Vann heiderspris

Rockegruppa Helbillies fekk heidersprisen under den gjeve musikkprisutdelinga.

Bandet har vunne tre Spellemannprisar før, blant anna som årets Spellemann i 2007. Gruppa frå Ål i Hallingdal har laga musikk i over 30 år.

- Det her var veldig uventa og fantastisk hyggeleg, seier vokalist Aslag Haugen.

Heilt sidan 1973 har norske musikarar blitt heidra med Spellemann. I år er det heile 28 som får æra av å ta imot den kjente statuetten.

Liste over vinnarar

Sjå under for alle nominerte og vinnarane av «Spellemannprisen 2021». Vinnaren er utheva.

«Elektronika»

Bendik HK: Progressive Rock Music
Jerry Folk: Dotted Red
Smerz: Believer
VINNAR: Vilde Tuv: Melting Songs

«Årets internasjonale suksess»

Cashmere Cat
Anne Judith Stokke Wik
VINNAR: Aurora
Bendik Giske

«Årets musikkvideo»

Girl In Red - Body & Mind (Thea Hvistendahl)
Kjartan Lauritzen - Million (Martin Kopperud)
VINNAR: Sei Selina - Only When You’re Asleep (Niels Windfeldt)
Sondre Justad - Sorry (feat. Musti) (Julian Vargas & Eirik Svensson)

«Hiphop»

B-Boy Myhre: Absolute B-Boy Music
VINNAR: Kamelen: Kamelen 2021
Linni: Nightridah
Mo Ayn: Gjeter

«Årets låt»

VINNAR: Chris Holsten - Smilet i ditt eget speil
Halva Priset feat. Maria Mena - Den fineste Chevy'n
girl in red - Serotonin
Emma Steinbakken - Jeg glemmer deg aldri
TIX - Fallen Angel / Ut av mørket
Hagle - Ærmen i kærmen

«Årets Spellemann»

VINNAR: girl in red

«Årets utgiving»

VINNAR: girl in red - if I could make it go quiet
Gabrielle - KLIPP MEG I TI OG LIM MEG SAMMEN
Stig Brenner - Hvite Duer, Sort Magi
Ola Kvernberg - Steamdome II: The Hypogean

«Rnb/Soul»

VINNAR: Beharie - «Beharie // Beharie»
Marie Noreger - «Gravity»
Stefanos Yowhannes - «Neo Noir»
Stig Brenner - «Hvite duer, Sort magi»

«Country»

Hayde Bluegrass Orchestra: Migrants
Hellbillies: Blå dag
Johan Berggren: Ei hytte foran loven
VINNAR: Ole Kirkeng: Rocking Chair

«Hedersprisen»

VINNAR: Hellbillies

«Pop»

Alan Walker
Bernhoft - «Dancing On My Knees»
VINNAR: Gabrielle - «Klipp meg i ti og lim meg sammen»
Lemaitre - «Substellar»

«Årets gjennombrudd og Gramostipend»

Ash Olsen
VINNAR: Hagle
Metteson
Murder Maids
T Section
Victoria Nadine

«Tonos komponistpris»

Eirik Hegdal – The Sky Opens Twice
VINNAR: Henrik Hellstenius – Henrik Hellstenius: Past & Presence
Ingfrid Breie Nyhus – Slåttepiano II
Ketil Hvoslef – L'homme armé: Works by Ketil Hvosle

«Årets produsent»

VINNAR: Cashmere Cat – Cashmere Cat 2021
Filip Kollsete – Filip Kollsete 2021
Lars Kristian Rosness – Lars Kristian Rosness 2021
Marie Ulven og Matias Téllez – if I could make it go quiet

«Årets låtskrivar»

Emelie Hollow – Emelie Hollow 2021
Gabrielle Leithaug – KLIPP MEG I TI OG LIM MEG SAMMEN
VINNAR: Marie Ulven (girl in red) – if I could make it go quiet
Stig Joar Haugen (Stig Brenner) – Hvite Duer, Sort Magi

«Barnemusikk»

VINNAR: Christine Sandtorv: Stjerneteller – Automagisk
Du og eg og vi 2-3-4: Balkongfest
Heidi Solheim: En Meter Fra
Tone Hulbækmo: Eg kan

«Åpen klasse»

Bendik Giske – Cracks
Erlend Apneseth Trio – Lokk
VINNAR: Hedvig Mollestad – Tempest Revisited
Ulver – Scary Muzak

«Viser og visepop»

Daniela Reyes – Engangsdager
Marthe Valle – Tilbakestilling
VINNAR: Tønes – Thilda Bøes legat
Eva Weel Skram – Sleppe tak

«Samtid»

Alpaca Ensemble - Rehnqvist/Lindquist
Håvard Gimse - 20 Norwegian Piano Miniatures
Maja S. K. Ratkje - «Vannstand»
Signe Bakke / James Clapperton / Kjetil Møster / BIT20 Ensemble / René Wiik / Craig Farr - «Soccorsi: Works by Morten Eide Pedersen»

«Metal»

Djevel - «Tanker som rir natten»
Einherjer - «North Star»
KAL-EL - «Dark Majesty»
Nekromantheon - «The Visions of Trismegistos»

«Årets Tekstforfatter»

Daniela Reyes - Engangsdager
Frank Skovrand - Opphørets time
Lars Saabye Christensen - Et snev av evig
Marie Ulven - if I could make it go quiet

«Rock»

Erlend Ropstad - «Da himmelen brant var alle hunder stille»
Heave Blood & Die - «Post People»
Hedvig Mollestad Trio - «Ding dong. You're dead»
Kanaan - «Earthbound»

«Jazz»

Flukten - «Velkommen håp»
Friends & Beughbors - «The Earth is #»
Ole Morten Vågan, Trondheum Jazz Orchestra - «Plastic Wave»
Siril Malmedal Hauge - «Slowly, slowly»

«Blues»

Adam Douglas: Better Angels
Ledfoot: Black Valley
Norsk Utflukt: Heder & Verdighet
Vidar Busk & His True Believers: The Civilized Life

«Alternativ pop/rock»

Frøkedal & Familien: Flora
girl in red: if I could make it go quiet
Ola Kvernberg: Steamdome II: The Hypogean
Orions Belte: Villa Amorini

«Festmusikk»

Carina Dahl
Hagle
JONE
Rotlaus

«Klassisk»

Håkon Skogstad med Atle Sponberg og Trondheimsolistene - «Visions of Tango»
Lise Davidsen - «Beethoven/Wagner/Verdi»
Ragnhild Hemsing - «RØTA»
Sonoko Miriam Welde, Oslo-Filharmonien, Joshua Weilerstein, Tabita Berglund - «Sonoko Miriam Welde: Bruch / Vaughan Williams / Barber»

«Tradisjonsmusikk»

Marja Mortensson & Kringkastingsorkesteret - «Raajroe - The Reindeer Caravan»
Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola - «The Smoky Smirr o Rain»
Synnøve Brøndbo Plassen Hjemve - «Slåttetralling fra Folldal»
Thov G. Wetterhus - Stålslått

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters