Hopp til innhold

Ekspert om «boikottbingo»: – Kan verke mot hensikta

Kva effekt kan det ha å skru av tv-en og boikotte Eurovision?

Eden Golan of Israel, centre, celebrates gaining a place in the final during the second semi-final at the Eurovision Song Contest in Malmo, Sweden, Thursday, May 9, 2024.

BOIKOTTA: Mange vil skru av skjermen på grunn av deltakinga til Israel under årets Eurovision.

Foto: Martin Meissner / AP

Ein av fem nordmenn vil boikotte Eurovision på grunn av deltakinga til Israel, viser ei VG-undersøking.

Desse er ikkje åleine om å drive boikott:

For tida er det aksjonar mot Eurovision, «akademisk boikott» – og mot brus, bananar, butikkar, brennevin og mobilar.

Coop, Freia, Bama, Bacardi og Carlsberg er blant dei som har blitt ramma.

Boikott av Eurovision, Freia og Pepsi

BOIKOTTBONANZA: Mange vil boikotte Eurovision, i fjor fekk Freia svi, og norske artistar har slutta å drikke Pepsi.

Grafikk: Fotomontasje Webjørn S. Espeland / NRK

Musa

Professor Jon Hovi har studert effekten av boikottar, og meiner at slike aksjonar er «litt som musa som brøler».

– Små bidrag har og ei meining, sjølv om dei ikkje når det overordna målet, seier Hovi.

Professor Jon Hovi

Jon Hovi er professor i statsvitskap på Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Han meiner det vil vere naivt å tru at ein boikottaksjon vil kunne få Israel eller Russland til å endre politikken sin. Det skjedde til slutt i Sør-Afrika, men det tok veldig lang tid, seier Hovi.

– Men internasjonale aksjonar kan til dømes få selskap til å flytte produksjonen sin. Dei skapar også ubehag for dei som blir ramma.

– Kor mykje trur du Putin eller Netanyahu bryr seg?

– Dei ville nok helst vore det forutan. Men det kan og vere noko å spinne på: Putin kallar boikott for Vestens angrep på Russland, medan Natanyahu kan omtale det som urettferdige angrep på Israel. Slikt kan jo samle troppane.

Slik sett kan det verke mot si hensikt å boikotte til dømes Eurovision.

Men professoren meiner at det viktigaste med boikott vil vere kjensla folk får. At dei seier ifrå kor grensa deira går.

Opprop mot Pepsi

Under årets Spellemann blei det oppmoda til boikott av Pepsi, som sponsa prisutdelinga. Norske artistar var kritiske til fleire sider ved brusgiganten.

Marit Othilie Thorvik fra Molde og elektronikkgruppa Jouska med Spellemann 2024. Ho brukte talen til å rette kritikk mot Spellemann-sponsor Pepsi etter å ha vunnet pris.

Molde-artisten Marit Othilie Thorvik frå gruppa Jouska vann årets elektronika og kritiserte Pepsi.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Ta bevisste valg som forbrukarar, og ikkje minst: Ver eit medmenneske. Ikkje lukk augene, for du kan gjere ein forskjell, sa prisvinnar Marit O. Thorvik frå scena.

Og mange favorittar skreiv under eit opprop: girl in red, Dagny, Cezinando, Arif, Isah, Kjartan Lauritzen, Lars Vaular, Lindstrøm, Maja Ratkje, sopran Lise Davidsen, Carina Dahl, Stein Torleif Bjella og Ingebjørg Bratland.

– Sjølvskading

I fjor blei Freia svartelista av blant anna Norwegian, SAS og Turistforeningen.

– Kva norsk bedrift blir neste offer i boikottbingoen? spurte samfunnsøkonom Ole Magnus Stokke.

Les også Et lite stykke Russland

Freia-produkter

– Boikotten av Freia skader dessverre ingen andre enn oss sjølv. Sjølvskadinga kan tvert om føre til ein trøyttleik som over tid svekker støtta til Ukraina, skreiv Stokke i DN.

Ole Magnus Stokke

Samfunnsøkonom Ole Magnus Stokke.

Foto: Privat

Han viste til eit lite oversiktleg landskap, med ulike boikott-lister av varierande kvalitet. Ei kartlegging frå Kyiv School of Economics viser at det er over 1600 internasjonale selskap som framleis opererer i Russland.

Her står store mange store selskap, særleg innan mat og drikke.

– Valet av Pepsi som syndebukk truleg ganske tilfeldig og symbolsk. Dei store, globale selskapa blir i stor grad straffa for å vere nettopp globale, seier Stokke til NRK.

Han understreker at han ikkje kritiserar aktivistar, som ikkje treng å vere like konsekvente som norske selskap i sin boikott.

Les også NHH-professor om Freia-boikott: – Lite gjennomtenkt

Portrettbilde av professor i konsument-psykologi Helge Thorbjørnsen.

Nei til raseskilje

Det var kanskje enklare å navigere før.

Ungdom med kjempestort banner om boikott av Shell og SørAfrika framfor ein Shellstasjon i Oslo sentrum.
Morten Holm / NTB

Vellukka boikott

På 1980-talet blei Shell og nokre andre selskap boikotta grunna aktivitet i Sør-Afrika – der berre kvite fekk stemme eller eige eigedom.

Artists United Against Apartheid
Skjermdump NRK 1990

Kulturell boikott

Seinare Lillehammer-ven Little Steven fekk med seg stjerner som Bruce Springsteen, Miles Davis, Bob Dylan og mange fleire – som nekta å spele i Sør-Afrika.

Kun hvite  skilt fra SørAfrikas apartheidperiode
HultonDeutsch CollectionCORBIS

Økonomisk boikott

I 1987 følgde den amerikanske kongressen etter, og forbaud handel med apartheid-gjengen.

Bilda som endra verda  Nelson Mandela blir sett fri
Greg English / ASSOCIATED PRESS

Suksess

Med unntak av Israel og nokre artistar, som Frank Sinatra, Cher, Queen og Elton John, ville knapt nokon lenger ha noko å gjere med Sør-Afrika.

Og i 1990 gav Sør-Afrika opp raseskiljet.

Jens Stoltenberg på tandemsykkel opp Karl Johan, men Trond Giske som tråkker bak. T-skjorter med "boikott franske varer". Slottet i bakgrunnen.

ENKLARE FØR?: Jens Stoltenberg og Trond Giske på tandemsykkel i 1995, medan dei oppmodar til boikott av franske varer. Grunnen var atomprøvesprengingar.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Boblevatn og hummus

Spellemann-vinnar Marit O. Thorvik fortel at det var bandet Hudkreft som starta oppropet mot Pepsi.

– Eg kjøper ikkje Pepsi lenger. Det er særleg fordi dei eig det Israel-baserte Sodastream, seier Thorvik.

Brusgiganten kjøpte i 2018 selskapet Sodastream, som fram til 2015 produserte boblevatn-maskiner på okkupert land på Vestbredden. Pepsi er også medeigarar i ein hummus-produsent som blir boikotta av mange Palestina-forkjemparar, nemleg Sabra.

SodaStream-fabrikk

Den omstridde SodaStream-fabrikken på Vestebredden i 2014.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

Pepsi har og vore på listene over selskap som ukrainske myndigheiter meiner støtter Russlands krigføring. Det gjorde at SAS slutta med Pepsi i haust.

– Eg oppmodar folk til å tenke over kva ein kjøper og kva land ting er produsert i, seier Thorvik.

– Men korleis skal folk vite kva dei evt. skal boikotte – det verkar som eit mylder no?

– Det er svært vanskeleg, og det florerer så mykje info på sosiale medium av variabel truverd. kan vere ei kjelde ein kan gå til, seier ho.

Thorvik peiker sjølv på listene til BDS og Palestinakomiteen, der blant andre fleire kjente norske selskap står.

Les også Israel-boikott har ført til brussjokk i Egypt

Spiro Spathis

Pepsi svarar

PepsiCo uttalar at dei har drive verksemd i Midt-Østen i meir enn 70 år og har titusener av tilsette i regionen.

«Verken PepsiCo eller varemerkene til PepsiCo er knytt til, eller støtter, nokon statleg eller militær styresmakt i denne konflikten», svarar brusgiganten.

Selskapet legg til at dei også har gitt 11 mill. kroner til nødhjelp i Israel og Gaza.

Pepsi – som omsette for 938 milliardar kroner i 2022 – svarar ikkje på spørsmål om kva innverknad ein boikott har på selskapet.

Les også Denne handlekurven er svartelistet av Ukraina

freia-boikott-handlekurv