Hopp til innhold

Danske protestar mot «Snøfall»

I år skal Danmarks Radio sende «Snøfall» som julekalender. Det har skapt reaksjonar blant sjåarane.

Snøfall

Julekalenderen til NRK i fjor, «Snøfall», var ein stor suksess, og sette ny sjåarrekord.

Foto: Lena Saugen/NRK

Julekalenderen «Snøfall» blei ein stor suksess for NRK i fjor. Og no har danskane kjøpt serien for å sende han i desember. Det har skapt reaksjonar, skriv Danmarks Radio.

Fleire sjåarar har skrive på Facebook-sidene til DR for å klage på avgjerda om å sende ein norsk serie denne adventstida. Enkelte er skaka over at kanalen kunne finne på å sende ein utanlandsk julekalender, andre vil ha lisenspengane tilbake.

– Ny serie neste år

Men kanalsjef i DR1, Pil Gundelach Brandstrup, forsvarar valet av den norske julekalenderen i år.

– Vi lagar ein nyprodusert dansk julekalender annakvart år. Så neste år kjem ein heilt ny serie. Normalt ville vi ha sendt ein dansk julekalender i reprise i år. Difor er det heilt spesielt at vi i år sender ein ny kalender som ikkje har vore vist i Danmark før.

Danmarks Radio har hatt suksess med å vise NRK-serien «Skam», men Brandstrup avviser at det er grunnen til at dei også kjøpte inn «Snøfall».

– Vi viser fleire gode skandinaviske seriar. Men vi gjer det berre når det er ein produksjon som har høg kvalitet og gir meining. Og vi gjer det uavhengig av kva andre seriar som har vore vist.

Julenissen i Snøfall

Programsjef Pil Gundelach Brandstrup i DR1 håper julenissen Julius, spelt av Trond Høvik, skal lage dansk julestemning i år.

Foto: Jon Anton Brekne / NRK

Kritikk mot julekalendrar

Både i Norge og Danmark er det lange tradisjonar for julekalender på TV. I fjor fekk julekalenderen til DR, «Den anden verden», kritikk for ikkje å ha nok julestemning. I år håper Pil Gundelach Brandstrup at historia om foreldrelause Selma skal fenge dei danske sjåarane.

Her heime var «Snøfall» ein stor suksess, med rekordmange sjåarar. Men serien fekk også kritikk blant anna for framstillinga av fostermora til Selma, og for å gi «skurkerollene» til bergensarar.

I år sender NRK «Jul i svingen» som julekalender. Serien blei sendt første gong i 2006, og blei også sendt i reprise i 2009 og 2013.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.