Hopp til innhold

«Skam»-William blir «røvhul» på dansk

Danmarks Radio fekk mange forslag då dei ba om hjelp til å omsetje «Skam» til dansk. No er resultata klare.

Skam 3

Skam har teke Danmark med storm. I desember blir dei to første sesongane sendt med tv med danske undertekstar.

Foto: NRK

Lasse From Jonassen

Lasse From i DR Ung er godt nøgd med dei mange forslaga til fordansking av ord og uttrykk i «Skam».

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Mange danskar har allereie sett NRK-serien «Skam» på nett, men frå 1. desember viser Danmarks Radio dei to første sesongane på tv. I samband med det, bad dei i førre veke om hjelp frå publikum til å omsette ein del ord og uttrykk serien til dansk.

Det kom inn i alt 2311 forslag på e-post, Facebook og Instagram. Og no har DR konkludert om kva ord som skal erstatte uttrykk som «føkkboy», «hooke med» og «kødder du?» i dei danske undertekstane.

Redaktør for DR Ung, Lasse From, seier han er imponert over kor stort engasjement stuntet har skapt.

«Drittsekk»

Det kom inn mange forslag på uttrykket «drittsekk». Ifølge From var det fleire som prøvde å omsette uttrykket ganske direkte til dansk. «Skiderik», «lortepose» og «skidesæk» var blant forslaga som kom inn. Men også meir vanleg brukte uttrykk som «idiot» og «røvhul» hamna i forslagsbunken. Valet falt på «røvhul» fordi det var flest som hadde foreslått det uttrykket.

«Føkkboy»

Thomas Hayes

Rollefiguren William, spelt av Thomas Hayes, fekk merkelappen «føkkboy» fordi han låg med mange jenter.

Foto: NRK

Det er William som får merkelappen «føkkboy» av jentene i «Skam». DR fekk inn mange forslag til ei fordansking av uttrykket. Og mange av forslaga har relativt høg underhaldningsverdi.

Ein brukar på Facebook hadde ei rekke forslag: «bollehvalp», «elskovsknægt», «samlejekarl», «hyppefyr», «runkeknøs», «sex-gut», «kælefryns», «kødslyngel» og «senge-laban».

Men trass i dei mange forslaga, valde DR til slutt det engelske «fuckboy» fordi det var ein gjengangar i forslagsbunken, og fordi det ser ut som uttrykket allereie er i bruk blant unge danskar.

«Hooke med»

Det kom også mange fantasifulle forslag til uttrykket «hooke med». Eitt forslag slo eit slag for det gammaldagse «få nogen på krogen». Andre forslag var blant anna« lave noget med», «utveksle kropsvæsker», «snave med», «hygge med». Men til slutt var det «være sammen med» som trakk det lengste strået.

«Kødder du?»

Også når dette uttrykket skulle fordanskast, kom det mange forslag. «Joker du?», «seriøst?», «mener du det?» og dei litt mindre danske uttrykka «are you kidding me?» og «for real?» var blant dei innkomne forslaga. Uttrykk som «laver du sjov?» og «laver du fis med meg?» var også med i vurderingane. Men til slutt blei det uttrykket «tager du pis på mig?» som blei vald.

– Behald det norske

Mange av dei som har sendt inn forslag, ville også halde på dei norske uttrykka.

– Behald dei! Lær oss litt meir norsk, det er ein del av sjarmen til «Skam», skreiv ein brukar på Instagram.

– Dei norske uttrykka er «serr mega bra, ass», skriv ein annan brukar.

Men Lasse From seier dei pliktar å omsette utanlandsk tv-innhald, i tillegg til at dei må ta omsyn til dei med dårleg høyrsel.

Skam

DR3 viser dei to første sesongane av «Skam» frå og med 1. desember.

Foto: Daniel McStay

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.