Hopp til innhold

Danielsen Lie om politiinspektør Knut Rød: – Ei kjempegåte

Filmen «Den største forbrytelsen» er basert på eit av dei mørkaste kapitla i norsk historie: Deportasjonen av norske jødar. Skodespelaren Anders Danielsen Lie seier han har gått grundig til verks for å spele politiinspektør Knut Rød.

Anders Danielsen Lie i rolla som politiinspektør Knut Rød i filmen «Den største forbrytelsen».

KNUT RØD: Anders Danielsen Lie i rolla som politiinspektør Knut Rød i filmen «Den største forbrytelsen».

Foto: Agnete Brun / Fantefilm

– Det at han er ein av dei fremste i organiseringa av Holocaust i Noreg og samstundes sannsynlegvis ikkje var glødande antisemitt eller veldig ideologisk drive, er ei kjempegåte, fortel skodespelar Anders Danielsen Lie.

Filmen fortel historia om då 529 norske jødar blei arresterte og tvinga om bord på lasteskipet Donau, før det forlét Oslo den 26 november 1942. Endestasjonen var Auschwitz. Berre ni stykk overlevde.

I filmen som kjem på kino fyrste juledag, er det fokus på familien Braude sin skjebne. Før dei vart arresterte under andre verdskrig levde dei tre jødiske brørne heilt vanlege liv.

Jakob Oftebro i «Den største forbrytelsen».
Foto: Karl Erik Brøndbo / Fantefilm

Filmen er basert på boka «Den største forbrytelsen: Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust» skrive av Marte Michelet.

Tett opp til verkelegheita

Filmskaparane har heile vegen arbeida for å at filmen skal liggje tett opp mot verkelegheita og faktiske hendingar.

– Sjølv om dette er ein fiksjonsfilm er den basert på svært alvorlege hendingar. Difor har vi vore opptekne av å vere reielege og ha eit solid grunnlag for historieforteljinga og vala vi har tatt, forklarer regissør Eirik Svensson.

«Den største forbrytelsen» viser deportasjonen av norske jøder under andre verdenskrig.

«Den største forbrytelsen» viser deportasjonen av norske jødar under andre verdskrig.

I arbeidet med filmen har dei gått gjennom eit rikt tilfang av bøker – både faglege og bøker med personlege skildringar.

Dei har også hatt tett kontakt med Marte Michelet, historikarar og representantar frå jødisk museum.

– Dei store historiske linjene i filmen er baserte på fakta. Samstundes har vi forsøkt å flette dette saman til ei filmforteljing ein engasjerer seg i emosjonelt og forstår som tilskodar.

Djupdykk

Anders Danielsen Lie spelar birolla politiinspektør Knut Rød, mannen som organiserte massearrestasjonen av dei norske jødane.

Politiinspektør i Stapo, Knut Rød, i retten. Han ble frikjent for sitt ansvar for deportasjonen av jødene i 1942.

BLEI FRIKJEND: Politiinspektør i Stapo, Knut Rød, i retten. Han blei frikjend for sitt ansvar for deportasjonen av jødane i 1942.

Foto: NTB / NTB

Han fekk oppgåva med å gje ei så korrekt framstilling som mogeleg av Rød. For å få til det, fekk han eksperthjelp av Holocaustforskaren Øivind Kopperud både før og under innspelinga av filmen.

– Eg hadde løpande korrespondanse på SMS og Messenger med Øivind når eg var på settet. Eg synest det er svært spanande å kunne bruke forskarar så aktivt, seier Danielsen Lie.

Trass i den viktige rolla Rød hadde under deportasjonen, vart han frikjend etter krigen.

Filmen «Den største forbrytelsen» tar for seg deportasjonen av norske jødar under andre verdskrig.

Regissøren Svensson seier at Rød er ein skikkelse som engasjerer mange, og at dei både har historiske dokument og munnlege forteljingar som grunnlag for scenene i filmen som framstiller Rød.

– Anders Danielsen Lie har også gjort solid research og saman har vi forsøkt å finne gode løysingar på korleis vi skulle framstille desse samansette situasjonane.

Tyskarar og nazistar har ofte blitt framstilt på ein eindimensjonal måte i filmar. Men i «Den største forbrytelsen», blir bilete meir nyansert.

– Det er i spennet mellom å menneskeleggjere han for mykje og på eit vis demonisere han. Det er der ein må treffe. Og ein kan ikkje minimalisere det han faktisk gjorde heller, forklarer forskaren Øivind Kopperud, som har hjelpt Danielsen Lie i formidlinga av karakteren Rød.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP