Heilt frå NRK vart oppretta i 1933 har vi kringkasta nyheitsmeldingar, men Dagsnytt kom først i stabilt gjenge året etter. Den eldste nyheitssendinga NRK har bevart i arkivet er frå septemper 1934.
Dagsnytthistoria blir fortalt av Brynjulf Handgaard.
Stil, innhald og tempo har endra seg med åra. Ein del meiner at det journalistiske tyngdepunktet har flytta seg frå elitekjeldene i starten, via journalistane sine eigne haldningar, og over til kva ein trur interesserer lyttarane i dag. Fleire av diskusjonane kring Dagsnytt har likevel halde seg stabile gjennom fleire tiå, ikkje minst spørsmålet om ting går for kjapt.
Dagsnytthistoria blir fortalt av Brynjulf Handgaard. Han var tidlegare journalist og ditriktsredaktør i NRK, no arbeider han med intern opplæring og utdanning. Reporter er Ragnhild Sleire Øyen.
Norgesglasset NRK P1