Hopp til innhold

Charlotte Frogner er nye «Valborg»

I traileren til den nye «Olsenbanden»-filmen får ein sjå mange kjende ansikt. Charlotte Frogner er eitt av dei.

Charlotte Frogner spiller Valborg i den nye Olsenbanden-filmen.

TAR OVER STAFETTPINNEN: Charlotte Frogner skal «hoppe etter Wirkola» og tar over rolla som Valborg i den nye Olsenbanden-filmen som kjem til hausten.

Foto: Nordisk Film

I dei gamle filmane var det Aud Schønemann som spelte rolla som «Valborg Jensen».

No er det Charlotte Frogner sin tur.

Det har allereie vore kjend at Anders Baasmo speler «Egon», John Carew er «Benny» og «Kjell» blir spelt av Elias Holmen Sørensen.

Olsenbanden-skuespillerne: 
Fra venstre ser vi Elias Holmen Sørensen spiller Kjell, John Carew i rollen som Benny og Andreas Baasmo som Egon.

«Nye» Olsenbanden.

Foto: Nordisk Film Distribusjon

Valborg er kona til Kjell, som frå dei tidlegare filmane er kjend for å vere litt skeptisk.

– Eg hadde ikkje trudd, då eg sat heime i skinnsofaen på 80-talet, at eg ein dag skulle få spele Valborg, seier Frogner.

Charlotte Frogner spiller Valborg i den nye Olsenbanden-filmen.

Charlotte Frogner, kjend frå blant anna «Side om side» speler Valborg i den nye Olsenbanden-filmen.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Ho seier Olsenbanden-universet var ein del av oppveksten hennar, og meiner det ligg ein enorm verdi i at filmane famnar både store og små.

– Det var noko ein fekk lov til å sjå saman med foreldra sine. Eg synest det var heilt fantastisk.

– Miksen av det gøyale, samtidig som det var ein spenning der og noko litt skummelt, seier ho.

Ho innrømmer også at det er skummelt å spele ein karakter så mange har eit forhold til.

Valborg, o o ye ye

Skal vi tru skodespelarane var det ikkje berre lett å spele eit av norsk filmhistorie sitt mest kjende «power-couples».

Charlotte Frogner og Elias Holmen Sørensen spiller Valborg og Kjell i den nye Olsenbanden-filmen.

Kjell og Valborg er blant norsk filmhistorie sine aller mest kjende par.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Vi har kanskje ledd litt for mykje, seier Frogner.

– Litt i meste laget, legg Sørensen til. Altså han som speler «Kjell».

Dei mimrar tilbake til innspelinga som ein lang sommarferie saman.

– Når eg førebudde meg på rolla måtte eg spørje meg sjølv «kven ville Kjell og Valborg vore i dag?», fortel Frogner.

Skal stele «Skrik»

Sidan 1969 har nordmenn blitt kjend med Olsenbanden gjennom eit titals filmar.

2. september får vi sjå dei i ny drakt.

Denne gongen er det verken gull eller pengar dei vil ha tak i, men eksklusiv kunst.

I filmen «Olsenbanden – Siste skrik» er målet til den ambisiøse, og noko uheldige, kriminelle gjengen å stele fleire Skrik-måleri frå Munchmuseet.

Fleire kjende ansikt

Om du har sett NRK-serien «Side om side» vil du truleg kjenne att ein annan skodespelar.

Vidar Magnussen speler i rolla som «kriminalbetjent Hermansen», som er bestemt på å stoppe den kjende krimgjengen.

Andre kjende ansikt er Tarjei Sandvik Moe, kjend som Skam-Isak.

I tillegg kan ein sjå komikarane Lisa Tønne og Sigrid Bonde Tusvik i filmen.

Det gode gamle, og nye

Produsent John Einar Hagen er ein av dei som har jobba med filmen i lang tid.

Han håpar og trur at folk kjem til å like den nye filmen. Både dei som har vore Olsenbanden-fans i lang tid, men også ein ny generasjon som ikkje kjenner universet.

John Einar Hagen er ein av produsentane bak den nye Olsenbanden-filmen.

PRODUSENT: John Einar Hagen har tatt på seg den vanskelege oppgåva med å fornye eit univers mange nordmenn har vakse opp med.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Det er med ærefrykt at me har gått laus på ein ny start for Olsenbanden, seier Hagen.

Han seier at dersom publikum likar filmen dei lagar, så er dei førebudde på å lage fleire med rollelista vi møter i filmen som kjem til hausten.

Kulturstrøm

  • Ei framsyning det er lett å anbefala

    – Kva gjer ein ikkje for å skjula at ein har gjort noko gale? Kva gjer ein ikkje for å lata som at alt er ok? Nett det speler Oddgeir Thune, Maria Blokhus og Kyrre Hellum godt og morosamt ut på Scene 3 ved Det Norske Teatret, skriv teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl om «Sudden death».

  • Cannes-pris til norsk regissør

    Marlene Emilie Lyngstad vant La Cinef-prisen under filmfestivalen i Cannes. Prisen deles ut til talenter fra filmskoler over hele verdenen. «Norwegian Offspring» er avgangsfilmen hennes og ble valgt ut fra 16 nominerte bidrag. Lyngstad har studert ved Den Danske Filmskole i København.

    Bilde tatt utenfor filmpalasset i Cannes før den berømte filmfestivalen startet.
    Foto: AFP