Hopp til innhold

Bur saman med eksmannen og sin nye partnar: – Naturleg og fint

Camilla Mørstad og eksmannen Aslak Johansen Mørstad valde bufelleskap med barna og Camillas nye partnar etter skilsmissa. – Ei fin ordning for barna, seier samlivsterapeut Frode Thuen.

Aslak Johansen Mørstad, Knut-Oddvar Simonsen 
og Camilla Mørstad utanfor huset i Siggerud.

ALLE GODE TING ER TRE: Aslak Johansen Mørstad, Knut-Oddvar Simonsen og Camilla Mørstad i hagen.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Det er akkurat som ein heilt vanleg familie, berre at vi har ein ekstra vaksen, seier Camilla Mørstad.

Ho og eksmannen Aslak Johansen Mørstad tok eit val som for mange kan oppfattast som utradisjonelt. Etter 17 år som gifte og foreldre til tre barn bestemte dei seg for å gi slepp på ekteskapet – men halde på sambuarskapet, venskapet og foreldreskapet.

Det gjorde dei ved å flytte saman med felles barn og Camillas nye kjæraste, Knut-Oddvar Simonsen.

– Det er mange som synest det er rart og sært fyrste gongen dei høyrer om det. Og mange er opptekne av at det ikkje er for dei, fortel Camilla.

– Men for oss handlar det ikkje om at andre skal gjere det same som oss. Vi lever i 2021, og det er lov å tenke nytt og finne løysingar som stabiliserer og gjer livet godt å leve.

Camilla Mørstad heime i "Villa Helhjertet"

UTANFOR BOKSEN: Camilla Mørstad har alltid tenkt utanfor boksen. For ho og familien var det viktig å finne ei god bustads-løysing etter skilsmissa.

«Dette skjer ikkje»

For Camilla, Aslak, Knut-Oddvar og barna var det nettopp det å kunne vere saman som var viktig etter skilsmissa.

– For min del handla det fyrst og fremst om barna og finne løysingar som var best for dei. Vi veit jo kor traumatisk eit brot kan vere, og kor slitsamt det er for barn å vere dratt mellom to heimar, og det ville vi ikkje utsetje dei for.

Dei hadde god kommunikasjon gjennom heile prosessen, og det var alltid rom for å ta opp vanskelege kjensler, ønske og behov.

Knut-Oddvar Simonsen og Camilla Mørstad utanfor huset i Siggerud.

KJÆRASTAR: Knut-Oddvar Simonsen og Camilla Mørstad er lukkelege kjærastar. Han føler seg heime med ho og resten av familien.

Også barna Tindra og Martine, som framleis bur heime, var positive til idéen – sjølv om Martine, som den gongen var 13 år, trong litt meir tid på å venje seg til det.

– Min fyrste reaksjon var: «Dette skjer ikkje». Eg var veldig imot det i starten, men så flytta vi inn, og så gjekk det fint, seier Martine.

Soverom i kvar sin ende

I 2017 kjøpte dei eit hus som var stort nok til å huse alle fem. Det var rett nok gammalt og måtte totalrenoverast.

Men trass i at dei stod midt oppi skilsmisse, nye relasjonar, nye forhold og oppussing gjekk det heile smertefritt for seg.

– Eg trur ikkje vi krangla éin gong, fortel Camilla latterfullt.

Huset er bygd slik at det er store rom og fellesrom der det er plass til mange menneske og ulike anledningar. Camilla og kjærasten Knut-Oddvar har soverom og eige bad i den eine enden av huset, medan Aslak har sitt soverom og sitt eige bad i andre enden av huset.

– Så har alle moglegheit til privatliv, seier Camilla.

Eitt av fellesromma ti Camilla Mørstad og familien.l

FELLESROM: Nede er det ope kjøkken og fellesrom.

Kjøkkenet til Camilla Mørstad, med utsikt til barbenken.

KJØKKEN: Familien Mørstad samlar seg til felles middag så ofte dei kan. Også Annikken, kjærasten til Aslak, er der store delar av veka.

Kjøkkenet til Camilla Mørstad og familien med Marilyn Monroe-plakat

MARILYN: Marilyn Monroe er eitt av fleire artige element i heimen til Mørstad.

Bibliotek heime hos Camilla Mørstad og familien.

BIBLIOTEK: Familien er glad i å lese.

Oppe i andre etasje hos Camilla Mørstad og familien

STOVE: I andreetasjen er det også stor plass til å samlast og hygge seg i lag.

Verandaen til Camilla Mørstad og familien

UTEPLASS: Her kan ein nyte sola.

Inne hos Camilla Mørstad opg familien

OPP TRAPPA: Camilla Mørstad er glad i fargar og mønster.

Det varme interiøret beskriv familien og heimen godt. Her er det inkluderande, trygt og alle er velkomne. Ofte er heile gjengen samla på kjøkkenet eller eit av fellesområda.

Sjå meir av heimen deira og dei praktiske løysingane i serien «Hvem bor her» i NRK TV.

Det er ikkje utan grunn at dei kallar heimen for «Villa Helhjertet».

– For oss er denne måten å leve på naturleg og fint.

– Barna er vinnarane

Familien opplevde fort fordelane av den nye busituasjonen.

Som andre familiar har dei ein hektisk kvardag med skule, jobb, fritidsaktivitetar og utfordrande logistikk.

Aslak Johansen Mørstad, Knut-Oddvar Simonsen og Camilla Mørstad utanfor huset i Siggerud.

STYRKAR: Aslak, Camilla og Knut-Oddvar samarbeider godt. Aslak har også ofte besøk av kjærasten Annikken.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Nå har vi tre stykk til å byte på å køyre, lage middag, vaske klede og stille opp på ting som skjer. Vi er tre til å gjere det to personar vanlegvis gjer, fortel Knut-Oddvar.

I tillegg utfyller dei kvarandre godt.

– Aslak er supergod til å lage mat, Knut-Oddvar er ein mann som fiksar, hentar og ordnar alt som er gløymt, medan eg har ansvaret for at alt går på skjener, utdjupar Camilla.

– Barna får det beste av oss tre, dei er verkeleg vinnarane av dette her, legg ho til.

Tindra nikkar samtykkande.

– Ikkje for dei mange

Frode Thuen er psykolog, samlivsterapeut og professor ved Høgskulen på Vestlandet.

Han synest det er flott at familien Mørstad kan bu under same tak, sjølv om han legg vekt på at dette ikkje er ei løysing for dei mange.

– Så sant foreldra samarbeider godt, og barna er forsona med at foreldra ikkje er gifte lenger, og at det har kome andre inn i bildet, så tenker eg at det er ei fin ordning for barna.

Samlivsekspert Frode Thuen

DELT BUSTAD: Ifølgje Frode Thuen er det svært sjeldan at familiar bur saman etter skilsmisse. Som regel flyttar far og mor kvar for seg, og barna vekslar mellom to heimar.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Men han peiker på at det er mange føresetnader for at det skal fungere.

– Det føreset at det ikkje er noko bitterheit der. Viss den eine parten vil brotet meir enn den andre, då er ikkje løysinga særleg ideell.

Andre utfordringar kan vere at foreldra knivar om barna, eller at barna ikkje er positive til at foreldra får seg ny kjæraste.

– Her er det mange som må vere innforstått med ordninga for at det skal fungere, legg han til.

Leve med kjærasten til eksen

Sjølv om familien Mørstad var innforstått med den nye busituasjonen, er dei også ærlege på at ikkje alt har vore like enkelt. Dei har blant anna måtta gi slepp på gamle mønster.

For korleis er det eigentleg å leve med kjærasten til ekskona?

– Eg synest det er hyggeleg. Det følest som å bu saman med ein kompis, sjølv om vi er utruleg forskjellige, seier Aslak som også har funne kjærleiken på nytt med kjærasten Annikken.

På spørsmål om korleis det er å dele farsrolla med ein annan mann, svarer han:

– Den kjensla om å bli bytta ut, den var innom eit kvarter, og så var ikkje det noko problem meir.

Aslak Mørstad i hagen i Siggerud.

POSITIV: Aslak Johansen Mørstad i hagen.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Camilla legg vekt på at situasjonen mellom Aslak og ho var godt avklart før dei gjekk inn i eit bufellesskap, og at det gjorde det lettare.

– Når ein bur saman, og ser ekspartnaren i nytt forhold, kan det oppstå såre kjensler i byrjinga. Det handlar ofte om små hendingar det nye paret får til, og som var eit sakn i det tidlegare forholdet.

– Det er lov å vere lei seg og kjenne på kjensler utan at den andre parten har gjort noko gale. Eit samlivsbrot betyr ikkje at det er eit fråvær av kjensler, men ein må akseptere at dei er der, og at dei dukkar opp med jamne mellomrom.

– Betre med ein ekstra

Ho understrekar vidare at det er viktig å vere raus mot kvarandre, ha god kommunikasjon og avklare forventningar.

– Vi har for eksempel valt å feire 17. mai, bursdag og påske saman.

Knut-Oddvar framhevar det positive på denne måten:

– Tenk på kor heldig eg er som får lov til å leve med heile gjengen. Det er betre med éin ekstra enn to for lite halvparten av tida. Her er det utruleg fint og godt å leve.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.