Programleiar Øystein Skotte på veg til bryllup på Gran Canaria.
Vil du ha…? spør sjømannsprest Gunnar Ellingsen og både Sylvi Anne Brådland og Gaute Valand svarer ja og alle er glade og foreldra smiler og eit hundretals besøkande på Sjømannskyrkja klapper og sola skin og Atlanterhavet sender ein mild bris inn frå sør og brudgommen kysser brura og dei er for rette ektefolk å rekne.
Flest på Gran Canaria
Sylvi Anne Brådland og Gaute Valand.
Det var tysdag i denne veka at dei to gifta seg - i sola på Gran Canaria. Det er eit valg dei deler med stadig fleire. I fjor vart 176 par gift på Sjømannskyrkja her, som dermed troner øvst på lista som den mest populære staden å gifte seg på i utlandet. Og det er eit valg som stadig fleire tek: I fjor vart kvart sjuande norske eteskap inngått utanfor Norge.
Sjømannskyrkja på Gran Canaria ligg i landsbyen Arguineguin og er eit samlingspunkt både for fastbuande og tilreisande turistar. Det er bryllup kvar tysdag og fredag og då samlar det seg ekstra mange nysgjerrige på den solrike terrassen med vidt utsyn over Atlanterhavet. Og den som vil gifte seg her må sørge for å bestille tid lang tid i forvegen.
Presten trivst i sola
- Vi kunne sagt ja til mange fleire, men vi vil ikkje ha meir enn seks bryllup i veka. På den måten blir kvar einaste vigsel viktig, ikkje berre eit nummer i rekka, seier Gunnar Ellingsen. Han er inne i sitt sjette år som prest på Kanariøyane og stortrivst
Sjømannsprest Gunnar Ellingsen.
med jobben.
Bryllupet til Sylvi Anne og Gaute er lite, men nøye planlagt. Kyrkjetid og chartertur vart bestilt for lenge sidan, brudebukett og frisørtime hjå den norske frisøren i Arguineguin likeins. Foreldra til brudeparet er til stades og er dei einaste gjestane i tillegg til Sylvi Anne si venninne og forlovar som bur på øya, og Norge Rundt-programleiar Øystein Skotte som er Gaute sitt vitne.
Hemmeleg TV-opptreden
- Vi ville gjerne gifte oss, men hadde ikkje lyst på eit stort bryllup med mange gjestar. Derfor fann vi ut at Gran Canaria var eit fint alternativ, seier Gaute. Brudeparet har heller ikkje sagt noko om at dei skal vera med i Norge Rundt til slekt og vener heime, så denne veka er det nok mange i Kristiansand som får seg ei overrasking midt oppi all fredagsunderhaldninga.
Norge Rundt på NRK1, fredag 30. januar klokka 19.30.