Hopp til innhold
Anmeldelse

Svimmel global odyssé

Zadie Smiths nye roman, «Swing Time», er lett å trampe takten til, men vanskelegare å bli klok på. Bortsett frå at vi reiser rundt kloden, kvar skal vi?

Zadie Smith

Kva er viktigast i livet: fridom eller meining? er eit av spørsmålane forfattar Zadie Smith tar opp i romanen «Swing Time».

Foto: Louisiana Literature/Facebook

Forteljaren, ei britisk-jamaikansk jente, veks opp i London. Etter å ha satsa på dans og halvhjarta mediestudiar, blir ho nokså tilfeldig ein av dei mange sekretærane til den legendariske artisten Aimee, ei krittkvit superstjerne som i fylla underheld om fødebyen i Australia, som ho foraktar og mytologiserer.

Når den same Aimee vil lage jenteskule i Gambia, eit land som har mindre BNP enn ho sjølv har formue, blir forviklingane globale utan at det affiserer henne det minste. Aimee ser seg sjølv som det universelle mennesket som intuitivt forstår individ og kulturar over heile kloden.

Digre spørsmål

Dermed er vi midt i kjernespørsmålet, eller meir presist: i eit konglomerat av digre spørsmål med tentaklar langt inn i den trivielle kvardagen: Ligg eigenskapane i blodet, i klassen, i kulturen? Skal ein klynge seg til ein meir eller mindre konstruert opphavsidentitet, eller kaste seg inn i kampen for å oppnå status hjå den kvite majoriteten? Kva då med alle dei som er frukt av fleire kulturar? Kva er viktigast i livet: fridom eller meining? Skal ein elske lagnaden eller forme han sjølv? Og kva med den gambiske landsbyen som brått skal huse ein velgjerar under full internasjonal mediedekning? Og kva med gutane som må sitje att på den gamle skulen, mens jentene likevel er heime og hjelper mødrene på åkeren straks Aimee har forlatt Afrika?

Vår unge forteljar er permanent rådvill i møte med alle desse som gjer livsval dei står og fell med: Den jamaikanske mora, den talentfulle og ambisiøse venninna Tracey, den før nemnte superstjerna Aimee, den fundamentalistiske kjærasten og den afrikanske læraren Hawa.

Diskutable val

«Swing Time» er ein virvelvind av musikk, stader, lagnader, historier og idear. Dette er altså ingen karakterdriven roman, likevel har forfattaren valt å sjå det heile gjennom éin person og det til overmål gjennom ei kvinne nesten utan eigenskapar, som dessutan blir mindre spennande etter kvart som åra går. Eit overraskande val, ettersom det tvingar oss til å sjå dei meir interessante personane frå utsida.

Men sjølv om tolmodet med forteljaren vart tynnslitt mot slutten av den vel 500 sider lange romanen, må dette ikkje skygge for at forfattaren kastar oss inn i den globale landsbyen og gjev ein leksjon om det heile, ikkje minst om fattig og rik i gata og på kloden. At identitetsfundamentalisme og kvit, rik, kunnskapslaus arroganse kjem dårleg ut, er neppe tilfeldig.

Passar for dei som

  • liker å diskutere med romanar
  • liker bøker som dei kan lage lydspor ut av
  • ikkje er redd for å stille seg dei store spørsmåla i livet

Fleire meldingar frå NRK

Ministeriet for den høyeste lykke - omslag

«Ministeriet for den høyeste lykke» er Arundhati Roys andre roman på 20 år. Den er krass, kritisk, varm og vellykket i det meste. Les anmeldelsen

Mer, av Hakan Günday

Den tyrkiske forfatteren Hakan Gündays roman «Mer» brøyter seg inn i vår samtid av migrasjons- og flyktningkriser. En grusom og ytterst lesverdig bok. Les anmeldelsen

Dam, av Claire-Louise Bennett
Foto: Pelikanen

Claire-Louise Bennett demonstrerer i sin bemerkelsesverdige debutbok at livet består av en uforutsigbar rekke viderverdigheter, som det er fort gjort å føle seg litt på utsiden av. Les anmeldelsen

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters