Bokmelding av Arnhild Skre
Av og til er det ei fryd å lesa vitskapelege artiklar. Antologien «Rødt og hvitt», byr på mange slike gleder. Ikkje at språket og dramaturgien alltid er tilpassa ein meir alminneleg lesar. Men det boka fortel oss er fascinerande og set vårt syn på oss sjølve i flyt.
Blod og melk
Populært sagt handlar «Rødt og hvitt» om mens og pupp, eller meir vitskapeleg, om menstruasjonsblod og kvinnemjølk, slik desse to kroppsvæskene har runne gjennom historia, i ulike kulturar og samfunnslag.
Dei ti artiklane får fram at væskene verkeleg har sildra på mange ulike vis og gitt opphav til dei mest fantasirike og forskrekka funderingar og kontrollstrategiar.
Visste du for eksempel at franske overklassekvinner på 1700-talet lurte seg til å amma barna sine sjølve, fordi det gav dei slik ustyrleg fryd – nesten på linje med å liggja med ein elskar dei elska?
Eller at menstruasjonens ”forbigående Sindssvekkelse” har vore brukt som argument mot at kvinner kunne bli dommarar, for ikkje å snakka om kirurgar?
Dei ti forfattarane bak boka som like gjerne kunne heitt ”Blod og mjølk”, er sosiologar, sosialantropologar, jordmødre, idehistorikarar og legar med medisinsk historie som spesiale. Ei blanding altså mellom naturvitarar og samfunnsforskarar, og nettopp dette ser ut til å ha vore eit igangsetjande poeng bak bokarbeidet:
Å visa at det ikkje er nødvendig å konstruera noka motsetning mellom det å finna årsaksforklaringar i natur og i kultur. Bakteppet er sjølvsagt Harald Eia og Ole Martin Ihlens fjernsynsprogram ”Hjernevask” der humanistar og samfunnsforskarar blei sette igjen som ein tapande part, og særleg humanistisk kjønnsforsking blei diskreditert.
Knytt til skam
I kjønnsforskinga som denne boka presenterer, skifter referansane heile tida mellom kroppsfysikk og oppdragelse, og flyt saman. Slik vi alle, eller i alle fall rundt halvparten av oss, har opplevd at dei gjer når vi plutseleg oppdagar at det er komme blod i baken på sommarbuksa. Eller den nye blusen er blitt søkk våt over brystet.
Kroppsvæsker ute av kontroll, er knytte til skam, sjølv i vår elles så eksplisitte kultur. I Noreg anno 2012 er det tydelegvis utenkjeleg å visa bilde av mensblod i reklame for bind og tampongar. Brystmjølk har mindre skjendsel knytt til seg, men artiklane tydeleggjer for meg kor sterkt vi strevar med å avgrensa oss frå ammingas band til det dyriske. Vi kjem ikkje unna at vi er pattedyr, i klasse ikkje berre med apekattar, men også gris, rotter, kenguru og eg veit ikkje kva.
Men vi kan insisterer på det menneskeleg forskjellige ved å bruka det trøystande ordet ”morsmjølk” i staden for det meir presise ”kvinnemjølk”.
Dei punkta der det skurar for meg, er når enkelte av artikkelforfattarane hopar opp fagtermer i setningar som trur dei knapt forstår sjølve. Og så er eg ikkje sikker på at redaktørane har rett når dei hevdar at menns sæd er ei så fullt ut kontrollerbar kroppsvæske.
Like: Skal du lesa ei akademisk artikkelsamling for moro skuld i år, er ikkje «Rødt og hvitt» noko dumt val.