NRK Meny
Normal

Den mørke versjonen av Norge rundt

I romanen «Norsk sokkel» viser forfattaren at nordmenn ikkje er så glade og nøgde med livet som dei burde ha vore. Ei innsikt som i seg sjølv er nedslåande, så klart. Noko er gale i kongeriket, men kva?

Heidi Linde

– Heidi Linde er kjent som ein forfattar som skriv godt, lett og til tider også morosamt. Så også denne gongen, men her er loddar forfattaren djupare og har ein spissare brodd enn eg kan hugse å ha sett i tidlegare bøker, skriv bokmeldar Marta Norheim.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Vi lever som kjent i eitt av verdas rikaste land. Dette landet er ein velferdsstat som har tenkt på det meste og dei fleste: På dei som ikkje har jobb, dei som har spesielle omsorgsbehov, dei gamle, dei som kan risikere å få eit barn som er annleis og så vidare.

Heidi Linde tek lesaren med til fem ulike kommunar og ein svipptur til Syden. Her presenterer ho eit knippe personar som er laust knytte saman gjennom kjennskap og venskap.

Norsk uro

Norsk sokkel

– Slik eg les romanen «Norsk sokke» er han ei undersøking av det vanskelege gapet som eksisterer mellom det trygge livet på den eine sida og den store, indre uroa på den andre, skriv bokmeldar Marta Norheim

Nettverket viser at vi heng saman i eit fellesskap anten ein vil det eller ei, og anten ein veit det eller ei. Det kan minne om Trude Marsteins imponerande godt samanvevde roman «Gjøre godt», bortsett frå at hjå Linde er ikkje nettverket eit sentralt poeng. Det kan også minne om Eivind Hofstad Evjemos portrett av ein norsk kommune med alle sine velferdsordningar i romanen «Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet». Men det er ikkje først og fremst kommunen Linde er ute etter, sjølv om alle kapittel hjå Linde opnar med ein relevant tekst om velferdsordningar frå ulike offentlege dokument.

Slik eg les romanen «Norsk sokkel» er han ei undersøking av det vanskelege gapet som eksisterer mellom det trygge livet på den eine sida og den store, indre uroa på den andre. Dette gapet er vanskeleg, fordi det er noko skammeleg ved å ikkje vere harmonisk og nøgd når ein har «alt».

Som til dømes Kristian: Ein mann med god jobb, juristkone, to kjekke barn, hus, vener.

Kristian tenker: Hvorfor er jeg så sliten? Han som

har en komfortabel jobb med regulerte arbeidstider og

et ergometrisk skrivebord som kan heves og senkes etter

dagsform og behov, han som sover i seng kjøpt for et femsifret

beløp og som ikke lenger har barn som vekker ham

om natta, han som strengt tatt ikke har noe å bekymre

seg for eller frykte, i hvert fall ikke hvis man ser stort på

det. Men trøttheten sitter i ham, vedvarende og gjennomborende…

Heidi Linde / «Norsk sokkel»

Kristian har ingen stad han kan snakke om dette. Svigermora Ragnhild kan heller ikkje seie til nokon at ho synst det er bra urettferdig at barna er meir knytte til den alkoholiserte far sin enn til henne, ho som stod på for to og dekka over. Og ho må definitivt teie om at ho blei sjalu på den kvinnelege fastlegen som greidde å overtale mannen til å leggje seg inn på klinikk, etter at Ragnhild hadde slitt i mange år med å få han på rehab. Og Tale, som er venninna til eks-svigerdottera til Raghhild (som nemnt, utan at den koplinga er eit viktig poeng), Tale får store problem med å vere rik turist i Syden når ho ser dei fattige barna. Tale seier det høgt, ho seier det til mannen sin:

– Du skal alltid syns så synd på folk, du, sa Roar.

– Syns synd på? gjentok Tale.

– Det må du bare legge av deg, sa Roar. – Det fører jo

ikke til noe som helst å gå rundt og syns synd på folk?

(…)

– Vet du hva, sa Roar lavt og lente seg mot henne,

over bordet. – Jeg tror faktisk du blir litt høy på deg

selv her nede, jeg. Og høy på den der ydmyke takknemligheten

i blikket til de fattige som blir tilgodesett med

noen småkroner fra den rike, hvite kvinnen. Er det ikke

sånn?

Heidi Linde / «Norsk sokkel

Norsk skam

Personane i romanen skammar seg over at dei har det altfor godt, og dei skammar seg over at dei ikkje greier å gle seg over det. Somme skammar seg også over at dei er handlingslamma og ute av stand til å ta val, både i det nære og i den store samanhengen. For ein av tinga som kjenneteiknar Tale og Kristian og Ragnhild og alle dei andre i romanen, er at dei faktisk kan velje kva dei vil gjere. Dette har dei felles med lesarane som vil kunne nikke gjenkjennande til fleire av situasjonane i romanen.

Det finst valalternativ, men det meste blir likevel ved det gamle og trygge. Tale vel den gamle jobben sin trass i at ho får ei konkret utfordring om å gjere ein innsats gjennom Leger uten grenser. Så sit ho på det lokale NAV-kontoret og foredlar det dårlege samvitet sitt.

Norsk sokkel

Heidi Linde er kjent som ein forfattar som skriv godt, lett og til tider også morosamt. Så også denne gongen, men her er loddar forfattaren djupare og har ein spissare brodd enn eg kan hugse å ha sett i tidlegare bøker.

Den norske tilstanden er skarpt observert, og romanen blir aldri programmatisk, noko som ofte er tilfelle når ein har eit overordna tema og ikkje ein person eller ei handling som motor i teksten. Det er både moro og frykteleg å lese om den norske veremåten og den norske skamkjensla. «Norsk sokkel» er ein av dei viktigaste romanane så langt i 2015.