NRK Meny
Normal

Nordic blue

Når ni ulike komitear kjem opp med til saman 13 bøker som skal vere det mest framifrå Norden har å by på av skjønnlitteratur, ja då er det vel verdt å studere skriftene: Kva er hovudstraumane i den nordiske litteraturen for tida?

Nordisk råds litteraturpris

Nokre av dei nominerte bøkene til Nordisk råds litteraturpris.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

OK, materialet er kanskje for spinkelt for bastante konklusjonar. Dessutan har alvoret lett for å ta slike komitear, slik at dei satsar på det etablerte og trygge heller enn på ville vekstar. Men med alle atterhald er dette ei interessant bokbunke: her finst både nokon svært gode bøker og dessutan nokon fellestrekk som det går an å dvele ved.

Livet er ei reise

Fleire av komiteane har festa seg ved framandkjensle av ulike slag. For Johannes Anyuru handlar det om å kome til det svenske folkhemmet frå Uganda, ei reise som far hans gjorde: På slutten av 60-talet kom faren inn på jagarpilotutdanning i Hellas. Like før han skal ta eksamen og gå inn i det ugandiske flyvåpenet, tek Idi Amin over makta i Uganda. Den unge, lovande P blir katapultert ut i ei svært usikker framtid som går via forhøyr, fengsel og tortur før han greier å kome seg unna og hamnar som flyktning i Sverige. Der ventar eit tilvere på bakken, utan flyging og utan flukt. Her frå forhøyrsfasen:

Han prøver å huske. Forhørslederen ser på ham. (…) Han husker at han en dag satt på grusen med hodet mellom beina og blodsmaken fra løpingen i munnen, at tårene kom, og det var som om det var piskeslagene som rant ut av ham, og barndommen, alt, som om en stor nåde og tilgivelse vellet inn i universet. Det var den siste vinteren før han skulle reise tilbake til Uganda. Han skulle være ferdig kampflyger og offiser i flyvåpenet i Uganda den sjuende april nittensyttien.

Johannes Anyuru / "En storm kom fra paradiset"

«En storm kom fra paradiset» er både ei politisk historie, ei historie om å leve i eksil og historia om to generasjonar med høgst ulike livshistorier. Sterk er skildringa av korleis livet til faren blir snudd fullstendig på grunn av eit kupp i heimlandet mens han er student og trur han har ei lys framtid i sikte.

Reiser i vodka og is

Finske Rosa Liksom har skildra ei heilt anna og meir frivillig reise i romanen «Kupé nr. 6», sjølv om ein etterkvart forstår at det har brent ganske kraftig under føtene på den finske hovudpersonen like før ho entra den transsibirske jernbanen. Arkeologistudiane i Moskva har fått henne til å interessere seg for nokon heilt spesielle helleristingar i Mongolia, men mellom Moskva og Ulan Bator er det dag ut og dag inn i ein trong tomannskupe som ho må dele med eit ekte sovjetmenneske av den buldrande, vodkadrikkande, sjølvmedlidande, pratesjuke, fordomsfulle, kjærleikshungrande, skrytande, sentimentale og generøse sorten. Ein mismatch av dimensjonar, som Liksom får mykje ut av.

Mannen hällde på sitt glas till bredden, klunkade i sig och bet snabbt en bit av den gröna löken och började morra för sig själv, sneglade tvungent på flickan och antog en road min. -Är alla finska kvinnor lika torra och kalla som du? Ryska horor är sadana att genast när man har knullat dom så börjar dom fisa. Jag vet at du inte er sådan.

Rosa Liksom / "Kupé nr. 6"

Vi er på 1980-talet, og denne reiseskildringa er også historia om Sovjetunionens siste tid, sett gjennom skitne togvindauge og mannens vodkavåte blikk. Dette er eit tragikomisk kammerspel av sjeldant kaliber.

Ein heilt annan tone pregar romanen «Is» , som er nominert både frå Åland og Finland: Rett etter andre verdskrigen forlet den fromme Petter Kummel og den geskjeftige fru Mona det finske fastlandet og flyttar ut i den ålandske skjergarden som prestefolk. På Örarna møter dei eit mikrokosmos der alle har stor kunnskap om kvarandre og det i generasjonar bakover. Dette er ikkje eit samfunn med stor gjennomtrekk, for å seie det sånn. Når framande rir inn i byen, i dette tilfellet altså: når det nye presteparet stig i land på kaien, kunne ein tenkje at balansen skal bli forrykka og at noko skal gå gale. Det gjer ikkje det,- eller jo: det går frykteleg gale, men ikkje på den måten ein skulle tru. For sjølv om denne reisa er ei reise til ei heilt anna verd både sosialt og geografisk, så blir den fromme presten elska og den geskjeftige kona respektert. Dei reiser bort og kjenner seg heime i det framande, presten gjer det han kan for å møte folket der dei er.

Presten (…) har lydhørt fanget opp stemningene foran høstfisket og har i sine prekener mange henvisninger til fisket i Genesaretsjøen og til at flere av disiplene var fiskere, rekruttert ved båtene sine. Menigheten ser for seg sine egne strender og båthus, og etter gudstjenestern sier den gamle kirketjenren rett ut til presten at hvis man ikke visste de var Jesu disipler og ble apostler og evangelister, kunne man ha grunn til å si at det var dårlig gjort bare å vandre av sted midt i sesongen og overlate alt arbeidet til kjerringer og unger.

Ulla-Lena Lundberg / "Is"

Dette er ei god, gammaldags historie om ei øy og dei som bur der. Forfattaren Ulla-Lena Lundberg har stor kunnskap om øyliv og øybuar, om vêr og vind, om levekår og overlevingsstrategiar, om kva ein seier og kva ein held stilt om.
Om det er ein kunst å overleve på ei lita øy, kan det også kreve sitt å vere kosmopolitt. I alle fall i Europa under andre verdskrigen, og i alle fall når du er ei blakk, blond og vakker jente på 15 år som ingen passar på. Nei, «Kvinden ved 1000 grader» er inga tragisk historie om liding og overgrep. Det er ein eventyrleg odyssé, ein halsbrekkande dans på kanten stadig nye stup, gjennomført med bravur av Herbjörg Maria Björnson (Hera blant vener), som i romanens notid minnest gamle dagar mens ho ligg og skal døy i ein garasje på Island. Ho spelar si rolle som evig outsider med bravur:

På Island var jeg for berejst, på rejse for islandsk. Og jeg var aldri pæn nok på Bessastadir, mens man i Bolungarvik kårede mig til en "primadonna".Med kvinder drak jeg som en mand, med mænd som en tøjte. I kærlighed var jeg for sulten, men i ægteskabet uden appetit. Jeg fittede for fanden ingen steder ind og fandt derfor altid et nyt party.

Hallgrimur Helgason / "Kvinde ved 1000 grader"

Den helsesvake, kjederøykande Herbjörg er likevel ikkje sjukare enn at ho greier å stelle i stand mykje faenskap frå sottesenga, der ho residerer med laptop i fanget og ein granat under hovudputa. Denne nokså utrulege men djupt underhaldande personen er skapt av Hallgrimur Helgason, som ifølgje islandske kjelder har lånt trekk frå verkelege personar i arbeidet med romanen og det i den grad at islendingane har hatt sin debatt om kva ein forfattar kan utlevere av andres historier og dessutan om ein forfattar kan bruke andres liv til kva som helst. Utan å kjenne verken personane eller argumenta, reknar eg med at denne debatten først og fremst har dreia seg om den første islandske presidenten, Sveinn Björnson, som skal vere bestefar til Hera, og far hennar, som i romanen er overtydd nazist. Hera sjølv vil eg tru er eit kunstprodukt, skapt i hovudet på forfattar Hallgrimur, men for ein skapning!

Usentimental er fornamn, forførar er mellomnamn. Og etterkommarane, ja dei prøver så godt dei kan å unngå den skarpe tunga til den gamle og greier fint å leve med at mor ser fram til å bli kasta i den omnen som held 1000 grader.

Nordisk råds litteraturpris 2013

«En av oss sover», «Is» og «En storm kom från Paradiset».

Foto: Montasje: NRK

Nordisk kolonialisme

Dei nordiske landa er fletta saman ikkje berre kulturelt, men også politisk. Historia om Grønland inneheld kapittel om statusen som norsk og deretter dansk koloni. I Kim Leines roman «Profeterne ved Evighedsfjorden» følgjer vi den norske teologistudenten Morten Falck som i løpet av studietida i København kjem i kontakt med Hans Egede og dreg til Grønland som prest. Der blir han del av den vesle norsk-danske kolonien i kolonien og utviklar ein djup ambivalens til den lokale folkegruppa, som tilsynelatande er utan skam og blygsel når det gjeld seksualitet. Når omvendte grønlendarar tek trua i eigne hender og tek imot informasjon om kva som er rett og gale direkte frå Gud sjølv, blir det vanskeleg for den allereie hardt prøvde presten. Omslaget på romanen er overstrøydd med små insekt, og slike formeleg drys ut av teksten som til tider er marinert i kloakk, slim og organisk materiale, inkludert menneske, i ulike stadier av oppløysing. Ikkje berre kolonialismen, men også sjølve livet er ein temmeleg skiten affære i denne romanen.

Han øser en sleiv tørkede erter over flesket, tilsetter litt vann fra vanntrauet og rører rundt, og mens det koker går han bort i boligen og tar av seg prestekjole, krage og parykk. Alt er vått. Kragen, en gave fra faren, har mistet pipeformen igjen, den er slapp og klissen og ligner en pamflett som er hentet opp av rennesteinen. Hestehårsparykken har suget til seg så mye vann at vekten er fordoblet, og pudderet har samlet seg i tykke melkladder som lusene går vellystig løs på.

Kim Leine / "Profetene ved Evighetsfjorden"

Morten Falck er ettertrykkeleg malplassert. Men det er likevel ikkje heile historia.

Årets nominerte bok frå Grønland er diktsamlinga «Piniartorsuit kinguaavi»/«Storfangerens efterkommere» er også prega av historia som koloni. Forfattaren Mariane Petersen skriv om det gode ved den tradisjonelle veidekulturen og skildrar kva ein har tapt i møte med det såkalla framsteget, som har kome til landet utanfrå.

Sorga over den tapte kulturen vekslar med dikt som vitnar om kjærleik til den barske, grønlandske naturen. Det lyriske eg'et kjenner seg framand i det moderne og lengtar heim til tapte tradisjonar. Dikta er trykte både på originalspråket og på dansk. Det kan hende at omsetjinga ikkje yter full rettferd til originaldikta. I dansk språkbunad verkar dei vel enkle og eintydige, sjølv om tematikken er alvorleg nok.

Trommedansen forstummede/break dancen holdt sit indtog/fortællekunsten forstummede/flimmerkassen blev familiens hellige alter/husbukser brev erstattet af joggingtøj/kogt sælkød erstattet af pizza/kildevand erstattet af coca cola/stærke tænder erstattet af kridthvidt gebis/hårtoppen erstattet af afrohår/vi er sandelig kommet videre/vi inuitter

Mariane Petersen / "Storfangerens efterkommere"

Også boka som er nominert frå det samiske språkområdet skildrar gamle skikkar og tradisjonar som blir borte når det moderne samfunnet får innpass. Forfattaren Sollaug Sárgon står bak diktsamlinga «gå opp gjengrodd sti». Denne samlinga er opnare og meir mangetydig enn Petersens, og starten kan både skildre eit barn som lever i mors liv og som seinare blir fødd, og det kan vere snakk om eit kjærleiksforhold som veks og utviklar seg. Dikta portretterer besteforeldre som sat med verdfull, men tapt kunnskap, dei skildrar gamle gudar, naturkunnskap og skikkar som "de fremmede" har øydelagt.

Offerstein/Gárgovárristeinen/forfedrenes tilflukt/forfedrenes hellige hjelper/trygg sti til Gárgovárri/stenket med fiskefett/dynket med blod/deg knelte de for/deg ba de til/sølvpenger samlet du/fortjente knappene av sølv/du ga trygghet/løfte om fangst/de fremmede hørte om deg/de fremmede kom/de fremmede tok/du ble rykket opp/og som trofé ført bort/forfedrene stod ribbet igjen/sto uten vern/frarøvet tryggheten/våre verdier ble tilintetgjort/røttene ble tilbake/røttene fikk de ikke/røttene får de aldri/spire til nytt liv/forfedrene går opp gjengrodd sti/stien til Gárgovárri

Sollaug Sárgon / "gå opp gjengrodd sti"

Mot slutten av samlinga opnar det seg eit nytt fellesskap mellom naturfolk over heile kloden.

Ved slutten av reisa

I desse to diktsamlingane frå Grønland og det samiske språkområdet er reisemotivet, som eg lanserte som ein raud tråd innleiingsvis, ikkje bokstavleg tilstades. No er vi ute i dei overførte tydingane av reiser: Tida og kolonialistar har teke forteljarane vekk frå det livet dei ønske å leve og har etterlate dei i det framande, sjølv om dei ikkje har flytta på seg i terrenget.

I Lars Noréns sjangeroverskridande tekst «Filosofins natt» formulerer eit "jag" erfaringar og synsmåtar gjennom ein lang monolog. Natta kan både vere ei natt, bokstavleg talt, det kan også vere døden som verkar nær for den talande. Det er heller ikkje urimeleg å sjå denne natta som eit eksistensielt nullpunkt, der ord som "inte" og "frånvaro" er gjennomgåande når han skal formulere og presisere. Mykje er formulert som spørsmål, og den talande vedgår stadig at han ikkje veit.

Gud, när kommer jag til frågornas ruin. När kommer jag/fram till den. Nej,/nej. Vad ska jag svara på det. Vad finns det för/svar på det. Också hos de förnedrade finns det/ förnedrade. Jag skall börja med påståenden. Påståenden är/utvägen. Det skall frälsa mig, i ordets första betydelse,/en betydelse som det inte längre har. Det är så lätt/att falla i frågornas helvete. Inga mer frågor. Inte/en enda fråga. Från och med nu. Slut med det. Jag är/sextiosju år. Och sen…Nej. Jag är sextiosju år. Det/er kväll. Det regnar. Jag är nästan skallig. Jag väger 74 kilo. Min mor dog av cancer. Min mor är död.

Lars Norén / "Filosofins natt"

Det er ein dyster tekst der livskjensla korresponderer med den ein kan finne i dramatikken til Norén: På grensa av eksistensen, der livet nærmar seg oppløysinga. Dette er den mest ekstreme boka i utvalet, i alle tydingar av ordet. På framsida skimtar ein eit kvitt ansikt på kvit botn, kanskje det er forfattarens eige? Augene er lukka og konturane går nesten i eitt med bakgrunnen. Men berre nesten, det er der enno.

Nordisk råds litteraturpris

«Brahmadellerne», «God morgen og god natt» og «Filosofins natt».

Foto: Montasje, NRK

Personlege historier med utsikt

Så langt men ikkje lenger rakk den raude tråden som handlar om reiser og om å vere framand på jorda.

Det sjølvbiografiske prosjektet som har vore sentralt i nordisk litteratur dei seinare åra er ikkje særleg tydeleg i dei 13 nominerte bøkene frå 2012. Rettnok er forfattaren sjølv med som biperson i romanen til Johannes Anyuru, men det er berre Ole Robert Sunde som er hovudperson i eige verk, og han deler også plass med store deler av slekta. Romanen «Krigen var min families historie» er nemleg ei breitt anlagt familiehistorie der både besteforeldre, foreldre og eigne barn er skrivne inn. Og krigen. Med ein bestefar som kjempa i den første verdskrigen og ein far som tok del i den andre, er vår hovudperson innskriven, innvoven, innforliva i krigshistoria. Når han vel å bli sivilarbeidar skakar familiesamhaldet i grunnvollane. Sunde skriv i ein karakteristisk stil der han dyrkar digresjonen, sansinga, undringa og dvelinga ved detaljen og slik er det her også. Men denne romanen har tydelege personskildringar og eit episk, om ikkje kronologisk forløp. Pronomenbruken er utfordrande. Framleis er Sunde ein forfattar av bøker som skal lesast sakte og med stor konsentrasjon.

Hva kunne det bety, altså Kairo, det hadde han glemt å spørre om eller selv slå opp i et av familiens mange leksikonbind. Hvis han ikke glemte det, skulle han gjøre det, han var flink til å huske på det som ikke lot seg glemme; og hva kunne det være; det visste han alt om: Å være redd. Hvorfor kunne han ikke glemme å være redd; han husket alltid på å være redd.

Ole Robert Sunde / "Krigen var min families historie"

Og når vi er inne i dei meir personlege skrivemåtane, er det naturleg å stanse ved den andre norske boka i denne eksklusive bunken, nemleg diktsamlinga «God morgen og god natt» av Nils-Øivind Haagensen . Vi er, som tittelen røpar, i tida like før og like etter søvnen, når sinnet er ope og gjerne assosierer friare enn kva som er tilfelle i den klare vakentilstanden. Her snakkar det lyriske "jeg" med seg sjølv, med kjærasten og med Gud, det er smått og stort om kvarandre. Tonen er naiv, nærverande og gjerne spørjande i mange dikt, som i dette:

Tenk om rommet er avlyttet/hvilket rom?/vårt rom, soverommet/her?/ja, tenk om noen hører på oss akkurat nå, tenk om de /har sydd en mikrofon inn i nakken din/går det an å sy mikrofoner inn i nakken?/aner ikke, helt sikkert/så ekkelt/hun tar seg til nakken/eller i tapetet, eller pianoet/men hvorfor skulle de avlytte oss? hva har vi gjort? har/vi gjort noe?/har vi ikke det?/har vi?/hun tar seg fortsatt til nakken/jaja god natt/god natt/sov godt

Nils-Øivind Haagensen / 23:26 fra "God morgen og god natt"

Tap og epletre

Også den danske romanen «En av oss sover» sirklar rundt kjærleiken:
Jeg er forelsket i feil mann. Og jeg er hele tiden fremdeles i ferd med å forlate en jeg elsker, det er nok å skjære seg på, men det er ikke for å finne trøst at jeg har dratt hjem. Det handler om eplene. Sånn er det.

Josefine Klougart går rundt i eit nedfrose og -i prinsippet- heimsleg landskap der ho vaks opp. Her lever ho seg inn i scener frå fleire kjærleiksforhold. Det er ein roman fattig på ytre handling; det som skjer, skjer i minnet til den melankolske hovudpersonen som har mange tapserfaringar bak seg.

Jeg har en følelse av hjemlengsel, men så er det kanskje ikke så mye hjemlengsel det handler om. Det er kanskje det motsatte, en uhyggelig følelse av at det har skjedd en omvendelse. At hjemlengselen egentlig er et hjem, at denne magnetiske følelsen egentlig er en følelse av for mye hjem, å høre for mye hjemme et sted i et ansikt (…)

Josefine Klougart / "En av oss sover"

Ikkje mykje reising her, men den framandkjensla og tapserfaringa som har følgt med mange av reiseerfaringane i fleire av dei andre bøkene, er i høgste grad til stades i denne velskrivne, men noko stilleståande romanen.

Den store historia og dei små

Den færøyske romanen «Brahmadellane» ligg i den andre enden av skalaen. Her er det dramatiske historier i fleng, her er samfunnsliv og -endringar, her er det eit tidsspenn på 150 år og her går historiske personar lys levande rundt i teksten og menger seg med folk som er skapt av forfattaren Jóanes Nielsen. Dette er den fjerde av dei nominerte bøkene som tek opp den interne nordiske kolonihistoria, ettersom danske embetsmenn er markert tilstades og formar både historie og enkeltskjebnar, ikkje minst rundt den store meslingepidemien som braut ut midt på 1800-talet.

Sjølv om det var ein vanleg yrkedag, så var Havn ein daud by, og det hadde vori tilstanden i fleire veker. Ikkje eit hammarslag gjalla over tuna, ikkje ei kone sågs vaske klede ute i åa, og heller ingen livlege born trilla tønnaband nedigjennom svalgangane. Byen, som under vanlege omstende greidde å bemanne seksten åttringar, fekk i mai og juni knapt bemanna den eine båten.

Jóanes Nielsen / "Brahmadellane"

Det er mange namn, mykje faktainformasjon, mange hopp i tid og mange historier som er vovne inn i kvarandre her og "Brahmadellane" er ei bok som krev sakte lesing. Litt kunnskap om færøysk historie er nok ein fordel.

Til slutt den einaste novellesamlinga i bunken: «Valeyri-valsen» av den islandske forfattaren Gudmundur Andri Thorson. Dei 16 novellene er knytt saman på finurleg og elegant vis: Ei ung kvinne, Kata, syklar gjennom den vesle grenda der ho bur. På veg frå heimstaden og til korøving i kommunehuset, helser ho på mange og blir sett av fleire. Desse folka som ho knyter usynleg saman der ho trør gjennom gatene, får alle kvar sitt vesle portrett. I desse portretta finn ein gjerne at hovudpersonen i ei historie får ei birolle i ei anna, ikkje ulikt Frode Gryttens grep i romanen "Bikubesong". Men tonen er meir dempa og melankolsk hjå Gudmundur.

Eftermiddagen kribler og summer. Arni står ude på trappestenen oven på eftermiddagsluren, stikker piben i munden uden at tænde og betragter for en stund mælkebøtternes faldskærme, imens de svæver omkring, søgende efter et sted at fæste rødder, hører larmen af børn, der raser på trampoliner, fugleskrig fra havet og larmen fra en motorbåd på vej i land, slåmaskiner summer og station to plaprer løs, og dêr kommer Kata, der leder koret, cylende i en hvid kjole med blå prikker. Han kigger på hende og løfter piben, men hun synes ikke at bemærke ham.

Gudmundur Arni Thorson / "Valeyri-valsen"

Kven vinn prisen i år?

Nordisk råds litteraturpris 2013

«Profetene i Evighetsfjorden», «Kupé nr 6» og «Kvinden ved 1000 grader»

Foto: Montasje: NRK

Vemod, lengt, framankjensle og melankoli er stikkord som fangar inn dei fleste av desse bøkene. Det same gjeld ei eksplisitt plassering av historia i eit definert, nordisk landskap. Vi er på Grønland, på Åland, Færøyane, Island og i Moss. Denne markeringa av stad kan gjerne vere ein typisk «Nordisk råds litteraturpris-kvalitet»: At bøkene viser kvar forfattaren kjem frå, kan vere eit pluss. Melankolien er i mindre grad eit fenomen knytt spesifikt til denne bunken. Nordisk litteratur har ein tendens i retning blå stemning og tapserfaringar.

Kanskje derfor blir bøker som «Kvinden ved 1000 grader» så forfriskande å lese: Hera har mista alt og snart skal ho misse livet også, utan at på alle måtar naturlege kjensler som sorg og sakn tek overhand. Og det overdådige sovjetmennesket i «Kupé nr 6» er i ferd med å misse ein heil union og dessutan draget på damene, men tek seg ein vodka og køyrer på med sine prosjekt. Nokon er fåfengte, og då må han ha seg ein dram. Andre - som å skaffe vodka på den mest utrulege stader - er vellykka og skal skålast for. Historia om den hjelpelause og malplasserte presten i «Profetene i Evighetsfjorden» sitt også att lenge etter endt lesing. Ingen av desse er gode føredøme. Dei lever usunne liv og gjer dårlege val, dei er seg sjølve nærast og til tider er dei direkte urealistisk skildra. Dei er litterære i ordets beste meining.

Desse tre, og eit par til bøker fortener ein pris. Viktigare er det likevel at dei får lesarar. Blå eller ikkje, Norden har nokon forfattarar det er vel verdt å bruke tid på.

LES OGSÅ: Vennskap og død. De nominerte barne- og ungdomsbøkene til Nordisk Råds litteraturpris 2013