Hopp til innhold
Anmeldelse

Diktatur som løysing på klimakrisa

Kor langt er du villig til å gå for å berge klimaet? Bjørn Vatne stiller lesaren overfor eit utriveleg dilemma.

Forfatter Bjørn Vatne i byparken

Det er vanskeleg å vere opposisjonell i eit system der makthavarane kan lese tankane dine, men den etter kvart oppsagde biologiprofessoren Paul Abel i Bjørn Vatnes nye roman prøver, skriv Marta Norheim.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Tenk deg at du lever i ei tid då Europa er nesten uleveleg på grunn av tørke mens skandinavane nesten druknar i regn og storm. Tenk deg ein kultur som er sterkt prega av forbruk, ja, som gjev deg reklame på hjernen bokstavleg talt, og du skjønar at det er mykje du berre må ha sjølv om du knapt veit kva det er.

Der er vi rundt midten av hundreåret i Bjørn Vatnes nye roman «Nullingen av Paul Abel». Men så skjer det noko: Eit statskupp! Miljøpartiet Pan-etisk forbund har teke makta i landet!

Bodskapen deira er at for å hindre at kloden går til grunne, må det sterke grep til. Og sterke grep kan ein trygt seie at det blir. Her går samfunnet frå irriterande indoktrinering til kraftig manipulering på uhyre kort tid: Alle borgarar har nemleg eit implantat, sjalken, som Pan-etikarane veit å utnytte til styring og overvaking.

Når mennesket blir problemet

Det er vanskeleg å vere opposisjonell i eit system der makthavarane kan lese tankane dine, men den etter kvart oppsagde biologiprofessoren Paul Abel prøver. Nokre fleire gjer det same: Dei slår av sjalken og slepp dermed manipuleringa. Konsekvensen er at dei blir «nulla» og misser også rett til mat, bustad, legehjelp og meir til.

Eit anna problem er at opposisjonen er splitta: Medan Paul heiar på Darwin og fornufta og personleg ansvar, er andre meir interessert i å leve sine siste dagar i sus og dus ettersom verda kjem til å gå til grunne uansett.

I tillegg til å vere klimaparti, er Pan-etikarane ei usmakleg blanding av panteisme, new age og ekstremt djupøkologiske idear om at alt liv er like mykje verdt og at mennesket ikkje fortener den særstillinga vi har. I denne ideologiske smørja er humanisme og menneskeverd suspekte greier. Eit slikt parti er det lett å mislike. Sagt på ein annan måte: Her skal ingen vere i tvil om kven som er skurkar og kven som er heltar.

Suksessen som fører mot undergangen

Vatne smørjer altså tjukt på her, og det er litt sjenerande. Lesaren hadde fatta poenget, og dilemmaet hadde vore vel så tydeleg, om partiet hadde hatt færre usmaklege sider. Det er likevel ikkje ei tung innvending mot teksten, ettersom dilemmaet er reelt nok også utan Pan-etikarane: Lever vi i eit samfunnssystem som er ute av stand til å få kontroll over klimakrisa?

Og om svaret er ja: Kva skal vi gjere med det? sjølv om Pan-etikarane får ned klimautsleppa ganske radikalt, er det lett å forstå at dei skaper andre problem som i neste omgang kan vere vel så uhandterlege. Nokon som har ein betre ide?

Passar for deg som

  • ser med uro på framtida

Fleire meldingar frå NRK

Cathrine Knudsens Den siste hjelperen

Det er pinefullt når Cathrine Knudsen pirkar borti systema vi bruker for å pynte på dei bitre realitetane. Når dekorjobben denne gongen får hjelp av den nyaste teknologien blir det direkte skremmande. Les meldinga

Kaspar Colling Nielsen

Borgarkrig – i Danmark. Kva skal til for at dette går frå luftig fantasi til blodig realitet? Kaspar Colling Nielsen tek saka i denne kunnskapsrike, tankevekkjande og burleske romanen. Dessverre slepper han spørsmålet for tidleg. Les meldinga

Gutten og det glødende treet

En ny miljøbevissthet er på full fart inn i barnebøkene. Agnar Lirhus skriver økolitteratur for både barn og voksne. Les meldinga

Kulturstrøm

  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift
  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP