Hopp til innhold

Novelledebutant med imponerande gehør

Det skjer mykje bra i den norske novellekunsten for tida. Likevel greier debutanten Hanna Dahl å skrive seg opp mot det beste.

Hanna Dahl

Sjeldan har formuleringa «eg gler meg til å høyre meir frå denne debutanten» vore meir på sin plass enn her, skriv bokmeldar Marta Norheim om Hanna Dahl.

Foto: Julie Pike

Eg er ikkje aleine om å vere begeistra for «Rønneimperiet»; boka har hausta både lovord frå kritikarane og nominasjon til Brageprisen, ei sjeldan ære for debutantar. Kva skuldast all denne viraken?

Språkleg gehør

Eg nemner i fleng: originale og varierte åstader, skildring av miljø ein ikkje ofte les om, språkleg originalitet og kreativitet: forfattaren er ikkje redd for å bruke gamle, nesten gløymte ord, ho gjer små vriar på faste formuleringar og får det til å bli augeopnarar både i språket og i historia. Språket endrar seg også frå miljø til miljø. Når eg så legg til at boka både byr på svart/skeiv/overraskande humor og tankevekkjande alvor og det gjerne side om side, så bør det vesentlegaste vere nemnt.

Den russiske bjørnen og løven av Juda

Rønneimperiet

Det er seks noveller i «Rønneimperiet», ei er frå Kosovo og ei frå Russland. I dei fire andre er handlinga lagt til Noreg, eit par til nær Modum der forfattaren kjem frå.

Det er seks noveller i boka, ei er frå Kosovo og ei frå Russland. I dei fire andre er handlinga lagt til Noreg, eit par til nær Modum der forfattaren kjem frå. Overflatisk sett er det få likskapstrekk mellom Modum, Irkutsk og Kosovo, og det med raud tråd skal eg ikkje stresse heller, men fleire av novellene sirklar inn grenser. Den beste, «Ømfintlighet», opnar med ein tekst lånt frå den polske dokumentarforfattaren Ryszard Kapuscinski der han slår fast at «denne ømfintligheten for alt som har med grenser å gjøre» er eit trekk som vi finn att ikkje berre hjå mennesket, men i heile den levande naturen.

Kva Kapuscinski meiner med dette kan ein diskutere både lenge og vel, men i Dahls ovanfor nemnte novelle går grensene tvers gjennom eit jaktlag der ein av medlemmene har gjort ting som ikkje skal nemnast her, men som fører til smertefull utstøyting. Det kjem eit brev med mange underskrifter i posten. Vår mann må ta affære:

Savnet etter vederkvegelse steg som sevje. Da jeg omsider satte meg i bevegelse surklet det bak meg i umyndiggjorte fotefar.

Jeg nærmest brøt meg inn i min egen Civic og åndet ut og inn mens jeg dro luggen bakover og slapp små brudd av lyd ut av kjeften. Jeg strødde ut ord og setningsframstøt. Dekkstøyen skrubbet i ytre perimeter. Mens jeg talte både så og hørte jeg skrotten min fra et punkt der oppe, den satt i et blått karosseri på svart gummi, en lut beinansamling i sjelelig opprør.

Ømfintlighet / Rønneimperiet

I dei mest modumlokaliserte historiene anar vi eit slektskap med tonen til ein annan forfattar frå Modum, nemleg Thure Erik Lund.

Når den utstøytte jegeren møter dei andre, ber han om «en grenseoppgåelse». Det same er tilfellet i novella frå Russland. Inspirert av påstanden:« Imperiet er definert ved den maktpåliggende utvidelsen av seg selv», dreg ein stipendiat ved eit vestleg universitet til Irkutsk for å forske på "Imperiets legionærer", ei gruppe som vil gjenreise det russiske imperiet.

«Løven av Juda» er eit tredje høgdepunkt i samlinga; her får vi eit portrett av ein prest sett med barnets blikk. Den som ikkje ler i løpet av denne novella må vere uvanleg humørlaus.

Meir!

Novellesamlinga opnar store rom både gjennom språkbruken, gjennom hendingane, gjennom ideane som ligg og lurer her og der, og gjennom miljøa hendingane finn stad i. Sjølv om kvaliteten er vekslande, er dette ei svært sterk novellesamling. Sjeldan har formuleringa «eg gler meg til å høyre meir frå denne debutanten» vore meir på sin plass enn her.

  • Les: Her er høstens 24 debutanter
  • Hør:
    Et av de største slagene i Norge under andre verdenskrig sto om Finnmark, og en av dem som opplevde dette på nært hold er filmskaper Knut Erik Jensen. Hvordan har det vært å dokumentere denne historien? * Brageprisjuryen har i år bestemt at en novelledebutant skal få konkurrere med noen av vår mest erfarne forfattere om prisen for beste skjønnlitterære bok. Så hvem er Hanna Dahl og hva skriver hun om? * Det har nummer 6 i det periodiske systemet, det kjemiske symbolet er C og det har vært kjent for menneskene siden oldtiden. Vi snakker selvfølgelig om grunnstoffet karbon - som nå har fått sin helt egen uautoriserte biografi. * Forfatter Margareth Atwood har et helt spesielt hjerte for hovedbiblioteket etter at hun var i Oslo for å overlevere den første boka til et bokprosjekt kalt Fremtidsbiblioteket. Der skal manuskriptet hennes oppbevares i 100 år før noen får lese det. * Monna Tandberg leser "En sjelden skatt", signert britiske William Somerset Maugham.

    Marta Norheim om Hanna Dahl i Kulturhuset.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters