Hopp til innhold
Anmeldelse

Etsande om det utenkjelege

Når døden brått og utan god grunn hentar ein av dei fire sønene til Naja Marie Aidt, bryt både forfattaren og språket saman. Boka om kollapsen og vegen tilbake er uhyre sterk lesnad.

Naja Marie Aidt

«Forfattaren er knust og språket er sprengt i bitar», skriv Marta Norheim om Naja Marie Aidts bok om sonen Carl.

Foto: Liselotte Sabroe / NTB scanpix
Bok

«Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake»

Naja Marie Aidt

Skjønnlitteratur

2018

Gyldendal

Vi kjem rett inn i ein idyllisk familiescene der fire generasjonar er samla kring mat og vin ein sein laurdagskveld. Så ringer telefonen og alt er endra.

Korleis døydde Carl?

Denne scenen skal dukke opp att gjennom heile boka, etter kvart forsvinn starten og meir kjem til av kva som skjedde dei to døgna frå Carl (25) vart livstrugande skadd og til han døydde. Forløpet hakkar seg vidare: tilbake til start, tilbake til det rett etter starten, tilbake tilbake og etter kvart bak startscenen også, for korleis døydde Carl? Det får vi ikkje vite før boka er langt over halvvegs.

Sorga har følgt litteraturen frå det 4000 år gamle Gilgamesh-eposet og fram til samtidsforfattarar som Joan Didon og Nick Cave. Det veit Aidt godt, for ho siterer, kommenterer, kranglar og protesterer på det som før er sagt, medan ho formar si eiga bok. Ikkje som ei historie, men som ein kollasj.

Forfattaren er knust og språket er sprengt i bitar. Teksten er skriven med ei rekkje ulike skrifttypar som representerer ulike bitar av det som er: brokkar frå eigne og andres litteratur, dagbøker, notat frå Carl, draumar, minne: Eit rått, dyrisk raseri får sprengje seg ut i store bokstavar, historier om vener som passar på og viser praktisk omsorg framstår som nødvendig normalitet i vanlege skrifttypar.

Djupt menneskeleg og djupt litterært

Fram frå mønsteret av tekstbitar veks det fram eit bilde av ei spesifikk sorg, omringa av eit heilt kor av sørgjande som alle har søkt å formulere sorga i tekst, og som slik har gjeve både den døde og den sørgjande – om ikkje evig liv, så i alle fall eit liv utover døden. Den Aidt som i starten forbanna ord om sorg, blir sjølv ein samlar og ein skapar av slike. Mot slutten av boka veit ho at ho kan leve vidare.

«Språkets sørgedrakt er stygg og stinkende» skriv Aidt. Det er berre delvis riktig. Eller meir presist: Når det handlar om dei aller verste erfaringane ein kan ha, er «stygt» og «vakkert» ikkje dei mest interessante kategoriane.

Då er spørsmålet heller: Greier forfattaren å få meg til å forstå og til og med kjenne på kva som har treft henne? Svaret på det er ja. JA.

Med «Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake» har Aidt gitt noko til lesarane etter at døden tok noko frå henne. Det er djupt menneskeleg og djupt litterært.

Passar for deg som:

  • likar bøker som verkeleg grip deg
  • vil forstå sorg gjennom litteraturen

Fleire meldingar frå NRK:

Omslag på John Greens bok Skilpadder hele veien ned
Foto: Gyldendal

Han er en av verdens største i sin sjanger. Nå er han ute med en ny bok om ungdommer som sliter. Les meldinga

Penelope er syk - forside
Foto: Gyldendal forlag

Ingen jeg vet om i dette landet skriver som Ole Robert Sunde. I «Penelope er syk» skriver han om nærvær og ventet sorg. Les meldinga

"Mor om natten" omslag

«Mor om natten» kan meget vel være Niels Fredrik Dahls sterkeste roman til nå. Les meldinga

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.