Hopp til innhold

- Norden ser seg tilbake

Det er lett å samanfatte dei 14 bøkene som er nominert til Nordisk råds litteraturpris i år: Nesten alle ser bakover. Svært mange ser tilbake frå den staden der dei bur. Men straks må ein då leggje til at historia slett ikkje berre høyrer fortida til.

Nominerte til Nordisk råds litteraturpris

Ei av disse nominerte til Nordisk råds litteraturpris, vinner den gjeve prisen i kveld.

Foto: Norden.org

Marta Norheim

Litteraturkritikar Marta Norheim har lese alle dei nominerte bøkene.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

Det er alltid fascinerande å lese bøkene som er nominert til Nordisk råds litteraturpris. I løpet av nokre vinterveker opnar Norden seg på ein måte som elles aldri skjer, ettersom Norden stadig sjeldnare er tema i det offentlege rommet.

Luftige idear om kor gjenkjennelege vi er og likevel så forskjellige, følgjer denne lesinga - som har opna augene mine for viktige forfattarskap i nabolanda gjennom åra, berre så det er sagt. I år var vi altså påfallande like når ein ser det heile frå stor høgd, og det går an å tenkje luftige tankar om kvifor fortida er så viktig akkurat no. Lat oss heller gå inn i dei ulike tekstane.

Kjærleik i edda og i operaen

Den som tek det lengst ut reint historisk, er islandske Gerdur Kristný (f.1970). I diktsyklusen «Blodhov» går ho i kritisk dialog med diktet «Skirnismål» frå eldre Edda. I diktet ønskjer guden Frøy seg jotunkvinna Gerd og sender Skirnir for å hente henne. Gerd vil ikkje bli med, og Skirnir går frå å lokke til å true. Overraskande nok skal mange ha sett på dette som eit kjærleiksdikt, men Kristný vel å følgje forløpet frå Gerds vinkel:

Svärdet sjöng/över mitt huvud/sången om henne/som stretar emot/och dör/Med et snyggt snitt över strupen

Svärdets sång om/pojkar som pinas/och kvals på kuddar/stinna av invävd ångest

Fäder med stumpar/där armarna suttit/grenar som stuckits/i gapande sår/ögonen slets/ur hålorna/till hundar slängdes de

Utdrag frå "Blodhov" av Gerdur Kristný
Blodhov

Gerdur Kristný, 'Blodhov'

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Kva gjer ei ung jente når ho høyrer slike truslar? I «Skirnismål» som i «Blodhov» går jenta til kjærleiksguden Frøy. Dei små, tette dikta som både gjev assosiasjonar til norrøn dikting og haiku, fortel ei historie om tvangsgifting for å berge familien og ikkje minst familiens menn. Eit sterkt stykke poesi.

Også finske Saila Susiloto (f. 1971) har valt å dikte over ein kjent tekst i diktsyklusen «Carmen». Den tragiske librettoen i George Bizets opera frå 1875 dannar bakteppet for eit sjalusidrama med døden som resultat. Carmens død for Joses kniv. Hjå Susiloto er historia lagt til eit handlesenter, og i dikttitlane viser poeten at spennet mellom den tragiske operaen og det kvardagslege butikkmiljøet har verka inspirerande. Her finst

”Rökarnas kör bredvid lastningsbryggan”, ”Jose tröttnar på vitserna och särskilt på Big Brother” og ”Samtidigt någon annan stans: Brudtärnan vid namn Persefone har druckit för mycket eller för litet”.

Prosjektet er gjennomarbeidd og imponerande, men det er litt uklårt for meg kva som kjem ut av det.

Historisk roman med alt

Romanen «Lacrimosa» av svenske Eva-Marie Liffner (f. 1957) er ein historisk roman som har alt: Gåter og gotikk, dramatiske reiser og romantikk, overtydande tidsbilde og dessutan problemstillingar som løfter seg over den historiske tida som er tidleg 1800-tal.

Eva-Marie Liffner, Lacrimosa

Eva-Marie Liffner, 'Lacrimosa'.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Liffner diktar seg inn i biografien til den svenske forfattaren Carl Jonas Love Almqvist, og let han møte eit barn som ingen har brydd seg om. For den rousseau-påverka Almqvist blir det eit prosjekt å ta seg av dette barnet -som ber namnet Ros.

Romanen er fortalt av Ros når han (eller er det ho?) er gammal og Almqvist forlengst er død, men Ros’ hat mot sin skapar er framleis levande. Legg så til at denne Ros er å finne i ein av historiene til Almqvist, og problemstillingar som identitet og forhold mellom fiksjon og historie er ettertrykkeleg etablert på originalt og fascinerande vis. Historia startar i det gotiske, ettersom etterlevningane av den store svenske diktaren skal tilbakeførast til Sverige frå Tyskland:

Själv sänkte jag lyktan. Handen darrade. Hjärtat slog. Jag berädde mig på en obehaglig syn, men i kistan fanns inget lik, ej heller minsta spår av något, vare sir professor eller menig. Utbredd i sin fulla längd låg istället en vacker, klargrön sammetsklänning.

Fra "Lacrimosa” av svenske Eva-Marie Liffner

Denne drakta spelar naturlegvis ei sentral rolle i historia. Ein ”höjdare”, heilt klart.

Heia Brita! Heia Åland!

Leo Löthman, Transportflotte Speer

Leo Löthman, 'Transportflotte Speer'

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Og så er det krigen. Åland, som fekk nominere bøker til Nordisk råds litteraturpris for første gong i fjor, er representert med romanen «Transportflotte Speer», der andre verdskrigen er sett frå dekket på den vesle ålandske galeasen «Brita». Den nokså lørjete båten med mannskap på tre går i teneste hjå tyskarane for å transportere varer langs norskekysten.

Dei dreg ut i den tru at det går an å halde seg nøytrale og vere vener med alle, men taper uskulda. Til gjengjeld vinn dei krigen. Britas mannskap er heltar og vi er ei god krigsskrøne rikare. Neppe ein vinnar, men «Transportflotte Speer» kjem med ein ny innfallsvinkel til livet langs norskekysten under krigen. Shetlands-Larsen er med også.

Forfattaren Leo Löthman (f. 1948) har vore ute med krigsromanar før, og denne her skal kome på norsk i løpet av våren.

Tilbakeblikk utan nostalgi

Gösta Ågren, I det stora hela

Gösta Ågren, 'I det stora hela'

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Då er vi inne i manns minne, som det heiter. Den finlandssvenske poeten Gösta

Ågren (f. 1936) tek eit poetisk farvel i samlinga «I det stora hela». Frå eit punkt seint i livet ser han bakover på ungdomstida, men det er ikkje snakk om nostalgisk mimring.

”..efter att ha sätt hur stumt/och hjälplöst och grymt/alt levande handlar,/har han brutit/upp."

Dermed er vandingna ein berande metafor i diktsamlinga, der foto av ein folketom veg som forsvinn inn i grå skodde prydar framsida. Om framtida heiter det at ”Det som återstår/har redan upphört”.

Utanfor landegrensene er Ågren truleg mest kjend for sine såkalla ”ågrenske paradoks”, der dette paradokset frå 1968 står i ein særstilling: ”Oroa dig inte. Det ordnar sig alldrig”. Også i ”I det stora hela” finst eitt og anna paradoks, som dette:

”..Gång/ på gång skall du inse,/ att du någon gång måste/ge upp. Så kommer du/att få kraft/att fortsätta.”

Janina Katz

Danmark si kandidat, Janina Katz.

Foto: norden.org

Danske Janina Katz (f 1939) har også mykje å sjå tilbake på. Som polsk jøde med ein svært uheldig fødselsdato, vart ho gøymt bort i ein pleiefamilie mens mor var i konsentrasjonsleir. Diktsamlinga «Skrevet på polsk» er faktisk skreven på polsk, men gjendikta til dansk av forfattaren sjølv, som har budd i Danmark i fleire tiår. Samlinga tematiserer det store europeiske traumet, og er prega av negasjonar og av eit liv som vart heilt annleis på grunn av det:

”Hvor lang er ikke denne liste/av uinnbudne gjester/ til mit ikke-bryllup”.

Konkrete og sanselege bilde på det uhyrlege minner her og der om den rumenske forfattaren Herta Müller: ”Sidder under et ungt æbletre/begloet af krigen.” Eller kva med denne:

”Åh! Denne lugt af blod./Denne dødens parfume.”

Sanseleg om sauer og kvinner

I Bergsveinn Birgissons (f. 1971) 101 sider korte roman «Svar på brev frå Helga» møter vi ein gammal mann som skriv det lange brevet om livet slik det no eingong vart. Helga var den store kjærleiken i livet hans. Dei var gift kvar på sin stad, og då ho ventar hans barn, får han valet: Anten flytte frå gard og grunn og alt han kjenner, for å etablere seg på nytt i Reykjavik og jobbe for amerikanarane, eller bli heime og aldri kome nær Helga att. Her kjem det førmoderne ættesamfunnet med gardar som har gått frå far til son snublande tett innpå bylivet.

Du ville bort, og eg, ettersynsmann for Horgarreppen, Bjarne Gislason på hovudbruket av Kolkustad, måtte koma saman med deg. I byen kunne me få ei storarta framtid, der var nok av pengar, og eg som var så flink med hendene og kunne laga alt mogeleg og vøla kva maskine det skulle vera, ville ikkje få vanskar med å få nok å gjera.

Bergsveinn Birgisson, "Svar på brev frå Helga"


Valet vart gjort, og no i høg alder skriv han om korleis livet hans blei. Ei vakker og enkel historie om intens kjærleik til eit landskap, ei grend, ein gard, til sauene -og til Helga.

Å elske eit land

Rawda Carita Eira

Rawda Carita Eira, 'ruohta muzetbeallji ruohta' (Løp svartøre, løp)

Foto: HIlde Bruvik / NRK

Det poetiske eg’et i «Løp svartøre løp» står også med eitt bein i tradisjonen og eitt i moderniteten.

Forfattaren, Rawdna Carita Eira (f. 1970) er fødd i Brønnøysund, er lærar og dramatikar, ho skriv tekster for Mari Boine og er reindriftssame. All grunn til å tru at det ligg eigne erfaringar bak dette diktuniverset, der bestemor står for tradisjonen og reinen Svartøre får representere den store fridommen på vidda. Eg-personen gjer eit frimodig val i siste diktet:

Rawddu lovet de rettferdige/landet som flyter/av melk og honning/gater av gull/og perlemorsskimmer/men jeg har/hatt tennene gravd ned/i nysalta laks/tungespissen boret/inn i dypet av multebæret/margbeinsfett rennende/nedover halsen/og ferskt bjørkeris/dansende over ryggen/så jeg tenker jeg blir her

Rawdna Carita Eira, "Løp svartøre, løp"


Eira diktar inn nokon negative sivilisasjonstrekk og splitting mellom det moderne og det tradisjonelle livet, men meir spesifikke og aktuelle saker som konfliktar om land og vatn og overbeiting er ikkje med inn i dette universet.

Tungutaq Larsen

Grønlandske Tungutaq Larsen.

Foto: Seppo Samuli - norden.org

Som Eira legg også grønlandske Tungutaq Larsen stor vekt på kjærleik til landet sitt, men i samlinga «Som snefnug» er tonen mørkare: Fleire tekstar handlar om grønlendingar som kjem i klemma og er heimlause, som drikk for mykje eller som gjer brotsverk.

Her er kritikk av urfolks situasjon og over kapitalismen som utnyttar folk. Denne samlinga er i mindre grad styrt av ein felles tematikk, spennet er stort og her er både kjærleikslyrikk, naturstemningar og kolonialisme- og kapitalismekritikk. Dei meir polemiske dikta bikkar over mot det i overkant tydelege, medan naturstemningane er opnare og meir spennande å lese, som dette:

Da alting tøede op/under altings vej/smuldrede mit hjerte/elven rislede i min venemennesket slikkede solskin/vinkede mørket farvel/ mørketiden fløj væk/landede ude på havet/og tøede væk/under solen/smuldrede mit hjærte igjen/og fossede elven igjen i mine vener/der hvor inegn kunne nå mig/tøede jeg/smuldrede jeg/forsvandt jeg

Tungutaq Larsen, "Som snefnug"


Det som alltid er eit problem, er at dei nominerte frå område som har språk skandivanar ikkje kan forstå, må bli gjendikta til norsk, svensk eller dansk. I «Som snefnug» er same diktet gjengitt i to svært ulike versjonar, noko som heilt klart understrekar alle vala som vert gjort av andre enn forfattaren.

Kvinner ser tilbake

Vibeke Grønfeldt, "Livliner"

Vibeke Grønfeldt, 'Livliner'

Foto: Forlaget Samleren

Både norske Merethe Lindstrøm (f. 1963) og danske Vibeke Grønfeldt (f. 1947) skildrar aldrande kvinner som ser tilbake på livet. Grønfeldt i den drygt 600 sider lange romanen «Livliner», som er fjerde bind i ei romansuite frå det 20. hundreåret. Eit ambisisøst verk, som vil fange inn så vel det eine livet, den store samanhengen av menneske rundt henne, og den store utviklinga gjennom hundreåret.

Eg har stor sans for den barske, men omsorgsfulle Agate, og let meg imponere av hennar tankesprang og kloke refleksjonar. Men å kome inn i dette aller siste bindet og høyre små brokkar av historier som tydelegvis har vore bretta ut i større format i tidlegare bøker, reduserte lesegleda i betydeleg grad. Her har selskapet starta lenge før eg kom inn, og eg greier aldri å hekte meg på.

Norske Lindstrøm har valt eit vesentleg mindre format i «Dager i stillhetens historie». Her har vi eit kammerspel der kvinna har bestemt at det beste er å ikkje snakke om dei store og vanskelege sakene. Ei latvisk kvinne som skal hjelpe til i huset forstår ikkje dette, og kjem i skade for å seie for mykje. Lindstrøm greier å lage ei uro i historia med små verkemiddel. Kva er det Marija har sagt? Og kva skjer med ein familie når foreldra fortel altfor lite?

Condeepen sett frå hestekjerra

Øystein Rimbereid, "Jimmen"

Øystein Rimbereid, 'Jimmen'

Foto: Gyldendal forlag

”Jimmen” av Øyvind Rimbereid (f. 1966) er den andre av dei to norske nominerte bøkene. Diktsyklusen er forma som ein dialog mellom ein hestekar og hesten Jimmen. Saman køyrer rundt i Stavanger og hentar grisemat, eller på dialekt: ”syddrene”. At dei er representantar for ei tid som er på hell, vert tydeleg når dei ser ”Condeepen i Gandsfjorden”. Hesten formulerer seg på eit arkaisk nynorsk, medan hestekaren har ein stavangersk tone i sine passasjar.

Historia om Stavanger på tidleg 70-tal kjem her frå ein heile annan vinkel enn den meir oljeteknologi og regional utviklingsorienterte historia som har vore - og er den dominerande når ein snakkar om denne byen. Jimmen er ei vemodig historie om dei som forsvann då den nye historia starta. Det er også ei vakker historie i eit -eller meir presis: to- særprega språk, her er hestekaren:

”For condeepen ska ud te der syddrå boble./Han ska ud te der kor alt gammalt/har låge og surna/sidå lenge før vår tid./Han ska ud te der alt grønt/blei te brunt og brunt te blått./og så te svart./Han ska ud te der alt/bler te någe aent.”

Nordisk med strek under

Alle desse bøkene går det an å plassere under den store paraplyen av ”fortid” og ”tilbakeblikk”. Både Larsen og Eira sprenger seg til ei viss grad ut av dette, men understrekinga av tradisjon og identitet gjer at dei likevel kan bli sett inn i denne samanhengen.

Det er påfallande at samtida med alle sine kriser er såpass vagt og generelt tilstades i bunken. Mange, som Rimbereid, Liffner, Løhtman, Grønfeldt, Birgisson og Kristný så vel som Eira og Larsen, gjer også staden dei kjem frå til eit berande element i historiene eller poesien.

Her er ingen direkte sjølvbiografiske tekstar, i staden for individet er det landet eller regionen som får dominere. Er dette noko som er typisk for bøker som blir nominert til Nordisk råds litteraturpris, eller står vi framfor ein ny bølgje av heimstaddikting?

Inntil vidare går eg inn for første forklaring: Dersom Nordisk råds litteraturpris skal vere med på å definere kva Norden er for noko, så kan det vere ein god ting å nominere tekstar som gjev grunnlagsmateriale for slike studiar. At tekstane er lokalt forankra er ikkje ein garanti verken for kvalitet eller det motsette. Lokalt basert dikting kan vere like universell som andre tekstar, berre så det er sagt. Det kjem an på kor gode dei er, og på tematikken. Å seie at Liffners roman er ein roman om Sverige eller «Jimmen» er stavangerpoesi, er i beste fall reduserande lesingar.


Noko heilt anna

Hanus Kamban

Færøyiske Hanus Kamban.

Foto: Foroyaprent.fo - norden.org

Men for variasjonen sin del er det eit pluss at eitpar forfattarar legg seg langs andre aksar enn tid og stad. Færøyiske Hanus Kamban (f. 1942) skriv noveller med ein stenk av det fantastiske, sjølv om ein her og der skimtar noko færøysk i bakgrunnen.

Trass i eit beskjedent format på 120 små sider, er «Guldpigen» ei uvanleg rik og variert novellesamling der tittelnovella også er den aller merkelegaste. Det er uråd å fortelje historia i få ord, men tenk at HC Andersen møter den bulgarsk-franske psykoanalytikaren, filosofen og forfattaren Julia Kristeva på ein litt krevande dag.

Den mest direkte historia er den første, der ein ung mann gjer sine første erotiske erfaringar med ei vaksen kvinne. Greit nok, men så har vi «Skyggen», og «Den hvide lunde», og så er det ikkje så enkel historie likevel. Ei fascinerande og merkeleg bok, og det slår meg at to andre av dei uhyre få færøyiske forfattarane eg har lese i mitt liv også har eit fritt forhold til det ein kallar realisme. Det gjeld den Carl Johan Jensens monstrøse roman «U», og nokon av gode, gamle William Heinesens noveller.

Sist, men ikkje minst, har vi Katarina Frostensons (f. 1953) komplekse, enkle, gåtefulle, til tider sjokkerande direkte, klangfulle, vakre og svært rike diktsamling «Flodtid». Her finst direkte kritikk av forbrukarsamfunnet som minner om Paal Brekkes «Roerne fra Itaka» frå 60-talet, og her finst språkkritiske dikt som ikkje skal la nokon vere i tvil om kva det handlar om:

”När rasslet av det döda språket hörs ser du upp ögonpar/det finns inga papperslösa, det är människoansikten/det var inga båtflyktningar, det är kroppar/själar”.

Deretter går vi inn i rim og regler og ordleikar:

”agrar rak karg arg strimmig rar och sträng r i m l i g h e t”.

Nokon der ute som har ei tolking? Å hevde at Frostenson ”utforskar språket” er ein så håplaus klisje at eg håpte i det lengste å kome unna den. Det går ikkje. Frostenson utforskar språket, ho vrir og vrenger på det og prøver å riste ut nokon nye innsikter om korleis det skaper seg og skaper oss og kva vi gjer med det og korleis det kjem til å bety saker og ting. Og enno har eg ikkje eingong nemnt alt det interessante som knyter seg til tittelen.

Vinnaren er-

Eva-Marie Liffner

Svenske Eva-Marie Liffner skriv originalt om identitet.

Foto: Daniel Pedersen - norden.org

Torsdag kveld blir den kjent kven som vinn Nordisk råds litteraturpris og den heldige kan kjenne tyngda av 350.000 danske kroner på kontoen. Sikkert også auka sal, og kanskje omsetjing til fleire språk. Kven det blir? Eg heiar på Sverige i år, og ettersom det er uråd å setje poesi og prosa opp mot kvarandre, set eg både Liffner og Frostenson på førsteplass.

Det er – heldigvis – mange andre verdige vinnarar i bunken, det gjeld ikkje minst dei to norske forfattarane, som begge er nominert for andre gong. For meg som lesar er det til sjuande og sist ikkje så ekstremt viktig kven som vinn.

Det fine er at vi får høyre nokon nye namn, nokon titlar å merke seg, vi får vite litt av kva som skjer i nabolanda, sjølv om det neppe er slik at dei prisnominerte dannar dropen som speglar den nordiske litteraturen.

Katarina Frostenson

Den svenske lyrikeren Katarina Frostenson.

Foto: Annelita Meinich

Om eg saknar noko? Ja, eg gjer det. Eg saknar det upolerte, det som ropar om noko eller som kjem inn frå sidelina og ikkje liknar på noko anna.

Eg saknar slikt som Johan Jönsons nesten 800 sider lange diktsamling «Efter arbetsschema» som var nominert for nokon år tilbake. Eller ein blytung dokumentar om betente spørsmål, som Per Olov Enqvists «Legionärerna». Eller ei ny Sara Stridsberg eller Sofi Oksanen.

Det verste som kan skje, er at dei nasjonale komiteane gjev seg til å køyre trygt og strategisk for å vinne, og slik snevre inn sirkelen.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters