Hopp til innhold

Blå får massiv støtte på Facebook

I etterkant av skytedramaet ved Blå natt til søndag, har støtteerklæringane strøymt inn på Facebook-sida til kulturinstitusjonen.

Melding om skyting på Blå.

STENGT: Utestaden held stengt i to dagar etter skyteepisoden.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Vi blir rørte og glade når vi ser kor mykje folk bryr seg, både for dei som blei råka, men også om Blå og det vi står for, seier dagleg leiar Eyvind Brox ved Blå.

Fleire hundre har gått inn på Facebook-sida til Blå og lagt igjen meldingar og fem av fem stjerner. Gode minne, skryt til utestaden som kulturinstitusjon i Oslo og hyggelege kommentarar pregar sida.

– Det viser at folk bryr seg. Det er ei stor støtte i ein elles ganske vanskeleg situasjon, fortel Brox til NRK.

– Tryggare enn nokon gong

Det var natt til i søndag at fire personar blei skotne utanfor Blå i Brenneriveien ved Akerselva i Oslo. Ein 24 år gammal mann innrømma å ha forårsaka grov kroppsskade.

Eyvind Brox

TAKKAR: Dagleg leiar ved Blå, Eyvind Brox, er rørt etter støtteerklæringane utestaden har fått via sosiale medium.

Foto: Odd Iversen / NRK

I fjor ville politiet stenge Blå etter fleire valdsepisodar, men Oslo kommune snudde i spørsmålet om skjenkebevilling etter massivt press.

No, snart eitt år seinare, er situasjonen langt betre, ifølgje politiet.

– Dei siste to-tre månadene har Blå sett i verk tiltak som har vist ei svært positiv effekt. Det har nesten ikkje vore nokon valdsepisodar eller uro der den siste tida, sa Lasse Johnsen, leiar av utelivsgruppa til Oslo-politiet, til NRK.

– Det stadfestar at det er tryggare enn nokon gong å gå på byen – også på Blå. Det å gå ut og høyre på musikk og artistar, danse og smile, skal vere ei sjølvfølgje at er trygt, seier Brox ved Blå.

Uro etter helga

I september i fjor fekk Blå skjenkebevilling i eitt år. Etter helga har fleire personar vore urolege for at skytedramaet skal få konsekvensar for Blå.

Mange har lagt ved sine beste minne frå Blå.

Medan veldig mange andre har lagt igjen støttemeldingar.

Har diskutert vegen vidare

Brox ved Blå omtalar dei siste dagane som tøffe.

– Fokuset vårt gjennom dette har vore å ta vare på dei tilsette og alle som er direkte råka, i tillegg til å hjelpe politiet.

I går kveld samla Blå alle dei tilsette til det den daglege leiaren omtalar som ein «etter forholda fin kveld».

– I dag har leiinga på Blå sitte saman og prata om det som skjedde og diskutert vegen vidare. Det kjem vi tilbake til seinare, seier Brox.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.