Hopp til innhold

Bileta frå 22. juli-markeringa er aldri vist tidlegare

Stjernefotograf Morten Krogvold fekk oppdraget om å fotografere minnemarkeringa etter 22. juli i Oslo Spektrum.

Kong Harald under minnemarkeringa for 22. juli
Foto: Morten Krogvold

– Ein må vere profesjonell og tenkje på jobben ein skal gjere. Men då dei spelte Beethoven var det ikkje mogeleg å sleppe unna. Nokon i salen skreik og vart bore ut. Då forstod eg det verkeleg, seier fotograf Morten Krogvold.

Då minnemarkeringa for 22. juli skulle arrangerast i Oslo Spektrum i august 2011 fekk Krogvold i oppgåve frå NRK å fotografere seremonien.

Aldri vist offentleg

Bileta Krogvold tok frå markeringa har aldri før vore vist offentleg.

– Vi forstod at det var viktig å dokumentere hendinga for ettertida, men det var også viktig at det vart gjort med respekt for dei som opplevde dette. Det er grunnen til at bileta ikkje er blitt publisert tidlegare, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

1. juli i år vart bileta overlevert til kulturdepartementet og kulturminister Linda Hofstad Helleland.

– No kan bileta brukast på minnesenteret, eller i andre samanhengar der det er riktig å vise dei fram, seier Eriksen.

Ville fange stemninga

Ifølgje Krogvold var lyset under minnemarkeringa dei mest utfordrande forholda han nokon gong har jobba i.

– Fotografi betyr å male med lys, og det var heilt mørkt i salen eg skulle fotografere, fortalde Krogvold då han overleverte bileta til kulturministeren.

Han vil gjerne at bileta skal visast fram i store kopiar på over ein meter.

– Eg skulle ikkje fotografere dei pårørande, og ville heller ikkje fotografere artistane på scena, for det var ikkje dei dette handla om. Eg ville fotografere stemninga i salen, seier Krogvold.

Fotografen fortel at målet var å få fram kor stor og mektig minnemarkeringa var.

– Eg ville vise kor enorm denne saka var for Noreg, det kunne eg ikkje vise med nærbilete. Eg ville få fram kor høgtideleg og mektig det var, seier Krogvold.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor