Hopp til innhold

Beyoncé skreiv Grammy-historie

Med totalt 32 prisar har Beyoncé blitt den mestvinnande artisten i Grammy-historia. Med på vinnarlaget hadde ho bergensaren Jens Christian Isaksen.

Den 65. utgåva av Grammy-utdelinga fekk ein røff start for dronninga av pop. Då ho vann den første prisen for beste R & B-song med låten «Cuff it» sat ho fast i kø.

– Beyoncé er på veg, fortalde kveldens vert Trevor Noah før han vitsa om den heftige trafikken i Los Angeles.

65th Annual Grammy Awards in Los Angeles

– For første gong på tre år er vi live frå Los Angeles! Verdas beste by, om ein ser vekk frå eit par andre, sa komikar og kveldens vert Trevoar Noah under opninga.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

«Musikkindustriens Oscar-utdeling» kom seg likevel på beina med eit forrykande show i fullstappa Crypto.com Arena.

65th Annual Grammy Awards - Show

Harry Styles framførte songen «As it was». Han vann pris for beste album og beste popvokal-album med «Harry's House»

Foto: Chris Pizzello / AP

Historisk popdronning

I 2021 fekk Beyoncé Knowles sin 28. Grammy-pris, og ho blei dermed den mestvinnande kvinna i prisutdelinga si historie.

For tredje gong i karrieren var 41-åringen nominert i alle dei tre toppkategoriane årets plate, song og album.

I løpet av natta innkasserte ho fire prisar, for beste R & B-låt med «Cuff It», beste dance/electronic-låten «Break My Soul», beste tradisjonelle R & B-oppføring med «Plastic Off the Sofa» og for albumet «Renaissance».

65th Annual Grammy Awards - Show

I år var Beyoncé nominert i ni kategoriar. I løpet av karrieren har ho hatt totalt 88, like mange som ektemannen Jay-Z.

Foto: Chris Pizzello / AP

Med allereie 28 prisar under beltet trong ho minst fire prisar for å bli den mestvinnande artisten i Grammy si historie. Beyoncé dytta med det den ungarsk-britiske dirigenten Georg Solti ned frå Grammy-trona, som i løpet av sitt liv fekk 31 prisar.

Då rekorden var eit faktum var det ein overvelda vinnar som tok scena.

– Eg prøver å ikkje bli for emosjonell, men berre ta innover meg denne kvelden, sa Beyoncé.

Les også Beyoncé endrar songtekst etter klager

Beyonce

Pris til bergensar

Jens Christian Liven Isaksen med artistnamnet Isak Swing frå Bergen, er co-produsent på Beyoncé-låten «Break My Soul». Han var dermed nominert i dei tre kategoriane årets album, årets plateinnspeling og beste dans/elektroniske opptak.

I den siste kategorien lukkast han med å vinne ein av dei gjeve grammofon-statuettane.

– Kjempestas, satsar på fleire prisar i løpet av natta, sa Isaksen til VG etter å ha vunne.

Med det blei han femte norske vinnar av ein Grammy-pris, ifylgje Music Norway.

Årets innspeling til noregsaktuell artist

Coldplay-vokalist Chris Martin gav ut prisen for årets innspeling, som gjekk til Lizzo.

Ho blei for alvor kjend for eit større publikum i 2019, og i 2022 har ho gjort seg bemerka med låten «About damn time».

Artisten har brukt sin kjendisstatus til å framsnakke kroppspositivitet, og mana i sin takketale for å akseptere den ein er.

65th Annual Grammy Awards in Los Angeles

Lizzo gav honnør til Beyoncé i sin takketale. – I femteklasse skulka eg for å gå på konserten din. Du er vår tids største artist!

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Lizzo fortalde at ho bestemde seg for å vie livet til å lage positiv musikk etter at Prince døydde i 2016.

– Det var på ei tid der positiv musikk ikkje var mainstream. Eg følte meg misforstått, men eg forblei sann mot meg sjølv for å gjere verda til ein betre stad. No er det så mange songar om kroppskjærleik, å vere komfortabel i eige hud – og berre det å kjenne seg jævlig bra, sa ho til ståande applaus.

Ho vann òg pris for beste remiks med same låt. 17. februar skal Lizzo ha konsert i Noreg for første gong, då ho vitjar Oslo Spektrum med «The Special Tour».

Fleire nominasjonar til Noreg

Blant dei nominerte var lydteknikaren og musikkprodusenten frå Skien, Morten Lindberg. Han vann sin første Grammy i 2020 etter å ha blitt nominert heile 28 gonger.

Morten Lindberg

Morten Lindberg vann sin første Grammy-pris i 2020.

Foto: FREDERIC J. BROWN / FREDERIC J. BROWN / AFP

I år var han nominert til tre nye prisar i to kategoriar, men vann ikkje nokon av desse.

For arbeidet på albuma «Picturing the Invisible: Focus 1» og «Tuvayhun — Beatitudes for a Wounded World» var han nominert til to prisar i kategorien for «Best immersive audio album».

Og for arbeidet med «Tuvayhun — Beatitudes for a Wounded World», der dirigent Anita Brevik, Nidarosdomens Jentekor og Trondheimsolistene medverkar, var han også nominert i kategorien «Best engineered album classical».

Før utdelinga i år sa Morten Lindberg til NRK at han hadde ei god kjensle.

– «Tuvayhun — Beatitudes for a Wounded World» er noko av det beste eg nokon gong har vore med å lage. Her føler eg vi har treft på magien. Så i år er følelsen ganske bra.

Les også Zelenskyj talte under Grammy-utdelingen

Kulturstrøm

  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB