Hopp til innhold

Bergensbandet Razika gir seg

Dei fire medlemene i bandet Razika melder på Instagram at dei legg ned bandet, i alle fall inntil vidare.

Razika 6

Dei fire medlemene i Razika varslar at dei gir seg etter konsertane dei har planlagt for 2019.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

– Det å ha spelt i Razika har vore eit stort og fantastisk fellesskap, men har også stengt nokre dører frå oss som enkeltpersonar. Vi har levd i vår Razika-verd sida tidleg i tenåra og kjenner no på eit behov for å gjere nye ting i livet, skriv dei på Instagram og Facebook.

Samstundes gjer bandmedlemene det klart at dei skal spele konsertane dei har planlagt for 2019, men så er det slutt.

– Det kjennest vemodig. Likevel kjennest det rett, Vi er veldig stolte over alt vi har fått til med Razika. Det viktigaste for oss no er å takke alle dykk som har høyrt på oss, støtta oss og vore på konsertar. Utan dykk hadde det ikkje vore noko Razika, heiter det vidare frå Marie Amdam, Marie Moe, Maria Råkil og Embla Karidotter.

Bandet er blant anna kjent for låtar som «Gutten i dongerijakke», «Vondt i hjertet», «Faen ta deg» og «Syndere i sommersol».

Dei fire bandmedlemene starta Razika som 15-åringar i 2006.

Razika ser tilbake

Razika ser tilbake

– Vi har blitt voksne i Razika

Frp-topp: Razika er naive og ute etter oppmerksomhet

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters