Hopp til innhold

Beatles med ny låt

«Now And Then» er ferdigstilt av Paul McCartney og Ringo Starr – med litt hjelp frå kunstig intelligens.

Beatles

The Beatles gjer comeback.

Foto: Ap

Dei skildest som uvenner i 1970, og to av dei har vore døde i fleire tiår.

Likevel sleppte The Beatles ny musikk torsdag.

– Då vi skulle lage det som blir den siste Beatles-utgivinga var det Johns prøveinnspeling som vi jobba med, sa Paul McCartney på BBC Radio i sommar.

«Now And Then» er ferdigstilt av McCartney sjølv, saman med Ringo Starr.

Men The Beatles kan også takke kunstig intelligens for at det vart mogleg.

The Beatles og omslaget til Now and Then

«Now And Then» vart sleppt torsdag. Paul McCartney seier det blir den siste låten til bandet.

Foto: Ap/Apple

Kassettar i gløymeskuffa

Vi skal først tilbake til syttitalet. John Lennon er på slutten av livet sitt, men veit det ikkje enno.

Han sit ved pianoet i leilegheita si i New York.

John Lennon, 1977

John Lennon på slutten av livet sitt.

Foto: Ap

Resultatet av pianoklimpringa blir ei prøveinnspeling – to kassettar med låtar.

I 1980 blir Lennon skoten og drepen på open gate.

Kassettane ligg lenge i gløymeskuffa til enkja hans Yoko Ono – før ho ein dag på nittitalet gir dei vidare til Paul McCartney.

Yoko Ono, John Lennon

Johns enkje Yoko Ono sat på kassettane i lang tid.

Foto: STEVE SANDS / AP

– Søppel

Dei attlevande bandmedlemmene merkar med ein gong at dei vil børste støv av låtane – og gi dei ut. Dei startar med «Free As A Bird» og «Real Love».

Men den siste låten er veldig skurra.

Likevel gjer dei eit heiderleg forsøk – George Harrison speler til og med inn eit gitarriff.

Dei ser seg til slutt nøydde til å «let it be». Opptaket er for dårleg. Dessutan kallar Harrison låten «jævla søppel».

BGeorge Harrison i 1998

George Harrison sette foten ned for låten på nittitalet.

Foto: DAVE THOMSON / AP

Brukte kunstig intelligens

Men over 20 år seinare opnar plutseleg teknologien ei dør.

– Vi kunne ta ut Johns stemme med KI. Så vi kunne mikse låten som vi vanlegvis ville gjort, seier McCartney i BBC Radio-intervjuet frå i sommar.

Han får fort Ringo Starr med på ideen:

– Paul ringde meg og sa han ville jobbe med «Now And Then». Han la på bass, og eg la på trommer, seier Starr i traileren til låten.

Paul McCartney og Ringo Starr

Paul McCartney og Ringo Starr har samarbeidd om å gjere låten ferdig.

Foto: Reuters

Ifølgje Beatles-ekspert Bård Ose er bruken av KI heilt i bandet si ånd.

– Var det noko Beatles likte så var det å eksperimentere, seier han.

Bård Ose

Bård Ose har laga både bok og podkast om The Beatles.

Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Allereie på Revolver byrja dei å gjere «ting ein eigentleg ikkje skulle gjere».

– Baklengs-tape og sånne ting, det var jo juks syntest mange, forklarer Ose.

Den merksame lyttar vil kanskje høyre bitar av nettopp Revolver i den nye låten:

Beatles har brukt om att koring frå både «Eleanor Rigby» og «Here, There And Everywhere» – og dessutan låten «Because».

Beatles

Detaljar frå eldre Beatles-låtar dukkar opp på ny.

Foto: Martin Wahlborg / Getty Images

– Trur vi får mange fleire sånne døme

Alexander Refsum Jensenius er professor i musikkteknologi ved UiO.

Han forklarer at bransjen alltid har vore oppteken av å forbetre kvaliteten på eldre opptak.

– Men eg trur vi får mange fleire sånne døme framover. Dei som sit på opptak av ulike slag, vil nok bruke denne typen teknologi til å få mest mogleg ut, seier han.

Han trekkjer fram at sjølv om ein kan gi ut meir med dagens teknologi, er det ikkje alltid ein bør.

Forskar Alexander Refsum Jensenius viftar med hendene framfor ein datamaskin og ein skjerm mens han forklarar Han har mørkt, halvlangt hår, briller og svart skjorte.

Alexander Refsum Jensenius er professor i musikkteknologi.

Foto: annica Thomsson

– Nokon ting kan det vere grunnar til at ein ikkje har gitt ut tidlegare, seier Jensenius, og peikar på etiske og juridiske utfordringar.

Professoren synest likevel ikkje bruken av KI er eit problem i dette tilfellet.

– Her tek ein jo utgangspunkt i eit opptak som har vore gjort, seier han.

Bård Ose er samd:

– Eg ser ikkje noko gale i at attlevande medlemmer fullfører noko som dei andre har byrja på.

– Kva trur du John Lennon hadde sagt om dette påfunnet viss han levde?

– Eg trur han hadde vore overraska. Og kanskje han hadde vore litt smigra.

Paul McCartney og John Lennon

John Lennon ville vorte smigra over påfunnet til Paul McCartney, trur Bård Ose.

Foto: Ap

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.