Hopp til innhold

Far til larven «Aldrimett» er død

Eric Carle, kjent for barneboka «Den lille larven Aldrimett», er død, 91 år gammal.

Eric Carle

Eric Carle leste frå den klassiske barneboka si «Den lille larven Aldrimett» på NBCs TV-program «Today» i New York i 2009.

Foto: Richard Drew / AP / NTB

Carle døydde søndag etter nyresvikt, opplyste sonen Rolf Carle til New York Times.

Carle vart fødd i 1929 i Syracuse i delstaten New York. Han var son av tyske innvandrarar som flytta tilbake til Tyskland med han i 1935. Der budde dei under krigen. På byrjinga av 1950-talet drog han tilbake til USA, med vonde minne frå barndommen under Nazi-Tyskland. Det vart ei drivkraft for arbeidet hans som barnebokforfattar.

I 1969 gav han ut barneboka «Den lille larven Aldrimett» («The Very Hungry Caterpillar» på engelsk), ei bok som gjorde han verdskjend. Over 50 millionar eksemplar av boka er selde.

Eric Carles bøker

I løpet av karrieren sin skreiv og illustrerte Eric Carle over 100 bøker som har vore omsette til rundt 70 språk.

Foto: JIM BOURG / Reuters / NTB

– Barn treng håp

I den klassiske forteljinga et larven Aldrimett seg bokstaveleg talt gjennom sidene inntil den ein dag har blitt heilt mett og blir ein sommarfugl.

Carle vart ein gong spurd om kvifor han trudde boka heldt seg så populær.

– Eg trur det er ei bok om håp. Barn treng håp. Du, som ei lita ubetydeleg larve, kan vekse opp og bli ein vakker sommarfugl og flyge ut i verda med talentet ditt, svara han.

I løpet av karrieren sin skreiv og illustrerte Eric Carle over 100 bøker som har vore omsette til rundt 70 språk.

Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.