Hopp til innhold
Anmeldelse

Lite flukt over Falk

Vigdis Hjorth har skrive ny versjon av Ibsens «Hedda Gabler», der alt blir forklart. Kva er att då?

Vigdis Hjorth forfatter

DAGENS HEDDA: Vigdis Hjorth har gjort Hedda Gabler om til mann i sitt møte med Ibsen-dramaet. Det gjer historia triviell. Kanskje var det meininga?

Foto: Agnete Brun / Forlaget Oktober

For eit par år sidan vart eit knippe forfattarar utfordra til å lage nye versjonar av Shakespeare-stykke. No er det Ibsen som står for tur, og tre skandinaviske forfattarar har gått i nærkamp med kvar sine drama av gamle Henrik.

Hjå Hjorth er Hedda blitt til ein mann i vår eiga tid. Henrik Falk er rikmannssonen med stor gjeld. Han gifter seg med Elsa Brun Hansen, får gjeldssaneringsopplegg og jobb på bensinstasjonen til far Brun Hansen.

Falk flyg ikkje lenger. Han står bom fast bak disken på stasjonen med det djupt ironiske namnet «On the Run».

Når eksen hans, bohemen og kunstmålaren Tale Løvlie kjem tilbake til byen etter utsvevande år i København, blir det miserable og trivielle ved livet hans attom softis-maskina uuthaldeleg.

Henrik er ein feiging

Parallellane til Ibsen er klare: I «Hedda Gabler» gifter dottera til general Gabler seg med den svært konvensjonelle Jørgen Tesman mens ho elskar den grenselause og visjonære Eilert Løvborg. Heddas ulike livsval er ei gåte som har engasjert lesarar i meir enn hundre år.

Bokomslag Henrik Falk av Vigdis Hjorth
Foto: Forlaget Oktober

Det eg vil tru dei fleste likevel er samde om, er at eit forhold til Løvborg ville setje full fyr på alle bruer både til eit materielt trygt liv og til det gode selskap.

Kva som driv Henrik Falk blir greitt forklart av ein forteljar som veit alt om Henrik. Det er to ulemper ved dette:

Det eine er at når alt blir forklart er det lite att for lesaren å gruble over. Det andre er at trass i forklaringane, verkar det svært lite sannsynleg at Henrik Falk skulle kaste seg i armane på eit så grunnleggjande uinteressant og irriterande vesen som Elsa.

For ein ung mann med pene manerar frå ei av Oslos beste adresser, finst det talrike alternativ. Bensinstasjonen «On the Run» er eit bur av det ikkje særleg gylte slaget; kva skulle Falk der om han ikkje var interessert i bensinstasjonar?

Både Ibsen og Hjorth får mykje bra komikk ut av å henge ut småborgarlege, konvensjonelle typar ned til minste, perfide detalj. Men der Hedda er tragisk, er Henrik feig. Han har ikkje nok fallhøgd. Det innser han også sjølv mot slutten, når det er for seint.

Hedda hemmar historia

Kjønnsskiftet og tidsskiftet gjer heilt klart noko med historia. Mest drastisk er likevel sjangerskiftet. I eit drama må alt liggje i og mellom replikkane, i ein roman kan forteljaren gå inn i sinnet til personane og fortelje oss kva som skjer der. Dessverre er Falk ingen interessant person.

Vigdis Hjorth har tidlegare utlevert små og ynkelege sider ved middelklassen med sviande snert. Men meisterverket «Hedda Gabler» har ikkje inspirert henne til å skape sitt eige meisterverk, det verkar heller som om ikonet har verka hemmande på ein var våre mest interessante forfattarar.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.