Hopp til innhold
Anmeldelse

Nobel-Olga på krigsstien

Går det ein seriemordar laus i landsbyen, eller er det dyra som hemnar seg på jegerane?

Olga Tokarczuk gives a lecture after being awarded the 2018 literature Nobel Prize, in Bielefeld

ORIGINAL: Olga Tokarczuk er ein original forfattar med store kunnskapar, vilter fantasi og polske fletter på toppen.

Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters

Gløym alle idear du måtte ha om korleis ein Nobelpris-vinnar skal skrive; den nyaste romanen av polske Olga Tokarczuk er noko heilt anna.

Her fører Janina ordet. Janina Duszejko, aldrande hobbyastrolog, vegetarianar, engelsklærar og tidlegare bruingeniør. Ho ytrar seg på eit stilnivå som avvik sterkt frå den noko høgstemte tittelen på romanen: «Før plogen over de dødes knokler». Dette er eitt av mange sitat av den britiske poeten William Blake i romanen, men det er Janina som eig historia.

Mange er dei som prøver å stoppe kjeften på den insisterande og fritalande gamle kjerringa. Ein gudlaus vegetarianar midt på den katolske landsbygda, der det finst eit eige kapell vigd til Hubertus, skytshelgenen for jegerar. Eit irriterande uromoment.

Janina er opposisjonell. Men det går mange konfliktlinjer på kryss og tvers i den knøttvesle landsbyen nær grensa til Tsjekkia. Og når den eine aktverdige samfunnsstøtta etter den andre blir myrda, kjem mørke løyndommar til syne. Her finst fleire motiv enn mord.

Ei eventyrleg blanding

Mens oppklaringa av alle morda går sin skeive gang, heng vi på Janina. Ho har mange jern i elden: Ta dyr ut av snarene i skogen og gravleggje dei i hagen. Skrive uendeleg lange brev til politiet om alt som er gale. Studere horoskopa til dei døde. Vurdere forskjellen på sosiobiologi (det står i genane) og astrologi (det står i stjernene). Gråte over hundane sine som forsvann. Gjere seg opp tankar om tilværet: «Virkeligheten er blitt gammel» eller om eldre menn, som ho meiner ofte lir av «testosteron-indusert autisme».

Janina er ikkje til å stole på, heldigvis. I staden opnar ho eit fascinerande univers for lesaren. Her er både døde mødrer og blodtørstige rådyr, her er tannrøkt under open himmel og eit usannsynleg sankthansball i regi av «Steinsoppen Forening for Soppsankere». I Janinas verd blandar dagklar realisme seg med det reine surr.

Salt humor og skeivt flir

Der ein eg-roman i vår del av Europa gjerne ligg tett på tankar og kjensler hjå den som fører ordet, stengjer Janina oss nesten demonstrativt ute frå vesentlege deler av livet sitt: Barndom, kjærastar, yrkesliv.

I staden leverer ho denne blandinga av kvardag og ville historier, assosiasjonar og observasjonar, heile tida med salt humor og eit skeivt flir. Med fare for å skape stereotypiar vil eg hevde at desse særtrekka gjer «Før plogen over de dødes knokler» til ein typisk sentraleuropeisk roman.

Forbløffande nok er det også ein krimroman, noko ein heller sjeldan finn på Nobelhylla. Til det er å seie at dette er ein svært original roman, uansett sjanger. Dessutan la nok Svenska Akademien meir vekt på romanen som blir rekna for hovudverket til Olga Tokarczuk, nemleg Jakobsbøkene.

Så mens Gyldendal vurderer om dei skal gje ut den visstnok tusen sider lange romanen, er det ein god ide å varme opp med «Før plogen over de dødes knokler».

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters