Hopp til innhold

Olav Duun. Sjøtrønder. Forteller

Sigrid Undset og Olav Duun debuterte for 100 år sida. I år får dei kvar sin biografi. Heming Gujord er først ute med Olav Duun sin. Boka gir meg lyst til å bla opp att i gamle romanar.

Heming Gujord har skrevet biografien om Olav Duun.
Foto: Aschehoug

Olav Duun var ein forfattar som levde livet sitt bak hagegjerdet i Holmestrand. Når han ikkje underviste på skulen, rusla han rundt i hagen, eller han sat inne og skreiv bøker. Brev og anna som kunne gje opplysningar om han, gjekk rett i peisen. Kort sagt: Olav Duun har ikkje gjort det enkelt for biografen. Så ropar då også Gujord ut ei djuptfølt klage; Korfor var det ingen som intervjua kona, som levde heilt til 1970, eller dottera, som fanst blant oss til 1990? 

Litterær biografi

Gujord har i tillegg valt å vere ein konservativ biograf, som ikkje diktar vidare der kjeldene teier. Likevel har dette blitt ei svært leseverdig bok, av fleire grunnar.

For det første er dette ein litterær biografi, der Gujord, som har doktorgrad på ”Juvikfolke”, går grundig til verks og analyserer, trekkjer trådar, og gjer det tydeleg kvar den store meister får det til og kvar han går i baret, han let oss til overmål få vite korfor han mislukkast somme gonger.

For det andre: om Duun sjølv brente brev, fanst det vener som ikkje hadde same praksis.

”Du skriv vel, vil eg vona, og fortel meg korleis du liver, og korleis det ser ut på Jøa, dette underlege landet der det er saa vondt aa verda til.”

28 år gammel skriver Ole Duun hjem til sin beste venn på Jøa, og det høres både sårt og mistrøstig ut. Det er påske, og Ole har undervisningsfri fra seminaret i Levanger. Han har likevel ikke tatt veien hjem, men er blitt værende i Levanger, der det ellers ikke er annet enn ”hestelort og gamle, halte folk i gata.” Her dyrker han sin egen ensomhet og lar ”verdi snu seg, som ho hev lært det.” (s 23)

Fleire år før debuten skriv han altså slikt som ”dette underlege landet, der det er saa vondt aa vera til.” Med tydeleg inspirasjon frå Hamsuns "Sult", innrømmer forfattaren som verkeleg har sett Namdalen på verdskartet at han ikkje likar seg der. Han er heimstaddiktaren som rømer heimafrå, han er slektsdiktaren som dyrkar einsemda, han er dekadanseforfattaren som preikar pliktmoral. Kort sagt, bak fasaden finst det sterke spenningar, og Gujord er flink til å bruke det materialet som trass alt eksisterer.

Skapar leselyst

Kva gjer så ein forfattar som skriv om bygda og jorda og ætta når det blir 30-tal i Europa og nazistane tek over i Tyskland der han har størst suksess? Han prøver å vere nøytral, og balanserer på ein stadig kvassare egg mellom frontane. Når han i 1936 presiserer at han er verken for eller mot nasjonalsosialismen, verkar det i ettertid som temmeleg absurd balansekunst. Duun døydde i 1939, og blei aldri sett på den verkeleg store prøva i dette spørsmålet. Men Gujord viser at både nazistane og motstandsfolket kunne finne støtte for sitt i bøkene til Duun. Her er det Gujord som er balansekunstnar med eit presisjonsnivå som sikkert er nødvendig. Men kva så med dagens lesarar? Har dei noko å hente hjå Olav Duun? Etter å ha lese biografien får eg lyst til å finne det ut.

 

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.