Hopp til innhold
Anmeldelse

Treffsikkert om traumelindring

Er det mogleg å finne tilbake til seg sjølv etter eit seksuelt overgrep? I Heidi Furres hardtslåande roman «Makta» forsøker ei småbarnsmor å ta tilbake kontrollen over sitt eige liv.

Bokomslag "MAKTA" og Heidi Furre
Foto: Julia Naglestad / Cappelen Damm
Bok

«Makta»

Heidi Furre

Skjønnlitteratur

2021

Flamme Forlag

Forfattarar kan vere gode til ulike ting. Heidi Furre (f. 1986, på Stord) er rett og slett god på setningsnivå. Setningar som sat som eit skot fanst det rikeleg av i debutromanen «Parissyndromet». Denne gongen er ho ute på ei mørkare reise.

Uformelt i gravferd

Det handlar om valdtekt denne gongen, men på dei snautt hundreogfemti sidene reflekterer hovudpersonen, småbarnsmora Liv, også over mykje anna. Ho irriterer seg over at folk stiller i pastellfarga pikèskjorter og uformelle jakker i gravferder («Det gjorde meg rasande. Kva er det med folk»).

Ho observerer mødrer og døtrer, som liknar kvarandre («nærleiken deira er ikkje berre biologisk, dei vil høyre saman»). Ho slår fast at barnet er det mest klarsynte i familien. («Det kjenner kvart einaste merke i golvet, veit kva som finst i skuffar og i ansikt.»)

Mange ord for valdtekt

Ein valdtektsutsett er ikkje berre valdtektsutsett. Ein roman som blir lansert med at den «handlar om valdtekt», handlar altså ikkje berre om det.

Samstundes er det valdtekt denne boka handlar om.

Når boka opnar ligg hendinga, den ufrivillige sexen, valdtekta, eller kva Liv til einkvar tid kallar det, heile femten år tilbake i tid. Det hende då ho var student og vart med ein mann heim. No er ho i trettiåra og har mann og to barn.

Reparerer med Botox

Det er typisk for Heidi Furres måte å skrive på at hovudpersonen har ein viss resignert avstand til det ho opplevde. «Alle som er valdtekne sluttar aldri å vere det. Det er irriterande», tenkjer Liv. Eg som les tenkjer at det er verre enn som så. Det er reint ut sagt for jævlig at denne eine natta skal prege henne så lenge etterpå.

Liv held traumet i sjakk med litt piller og eit par ekstra glas med kvitvin. Ho sminkar seg og tyr til andre triks for å fikse på utsjånaden. Eller, som Liv seier det:

«Botoxen synest på enkelte, det blir som å bere sin eigen forgjengelegdom i fjeset».

Taust frå overgriparen

Noko av spenninga i boka er knytt til om ho vil makte å snakke om det, og i kva grad det i så fall hjelper. Skal ho seie det ektemannen? Til venninner? Skal ho konfrontere gjerningsmannen? Skrive det der brevet til fastlegen? Vil ho verkeleg vere den kvinna som vart valdteken i andre sine auge?

Overgriparen kjem ikkje til orde i Heidi Furres roman. Hadde vi fått høyre hans versjon hadde vi hatt å gjere med ei heilt anna bok. I «Makta» er det den tette, indre monologen til Liv som er sjølve hovudpoenget. Dette er historia om Liv som fekk livet snudd på hovudet etter ein fuktig date på byen. Men i tankane snakkar ho vidare om og med overgriparen. Også spørsmålet om kven som lid mest under det som hende kjem Liv inn på, i tankevekkjande setningar som denne:

«Ei kort stund var ingen av oss menneske. Om eg fekk velje mellom å valdta og å vere valdteken, vel eg det siste. Det er meir synd på han enn på meg. Eg ser han som ein djupvannsfisk, forvrengt og bortvist frå overflata».

Oppsøkjer valdsutsette kunstnarar

Furre skriv om valdtekt, men dette er ei bok som eigentleg handlar om å leve vidare etter alle slags typar vald. All vald set spor, og minnet om det som hende kjem attende når ein minst ventar det, ja kanskje når ein trur ein har lagt det heile bak seg.

Liv meiner at ho kan sjå på kvinner kven som er utsette for valdtekt og kven som ikkje er det. Ho leitar medvite eller umedvite etter spor av vald når ho ser filmar som «Pretty Woman» og «Thelma og Louise». Ho oppsøkjer valdtektsutsette kunstnarar som Emma Sulkowicz og Niki de saint Phalle. Den valdtekne søkjer lindring hos andre som har vore gjennom det same, og som har lukkast med å omskape den traumatiske hendinga til eit kunstverk.

Det Liv held tilbake – med resignert avstand må vi som les ta stilling til. Det som har hendt kan ikkje gjerast om. Heller ikkje denne gråsonevaldtekta ender i rettsalen.

Men Heidi Furre har funne ei anna form for lindring i dei treffsikre setningane sine. Ei form som treff lesaren.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor