Hopp til innhold
Anmeldelse

Følg pengane og bli forført

Endeleg ein roman om verdsøkonomien. Forfattaren Ole Asbjørn Ness følgjer mange spor, men ikkje minst pengesporet når han skal finne årsakene til Europas fall, i romanen «Aftenlandet».

Ole Asbjørn Ness

Ole Asbjørn Ness fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen «Det er natt» i 2004. No, 14 år seinare, er han tilbake med roman nummer to. Seint, men godt.

Foto: Niklas Lello / Aschehoug

Tilbake på 90-talet: Ein ung, norsk økonom har som mål å bli så rik at «han kan be hele verden dra til helvete». Han bruker det gamle trikset med å ymte målretta om at ein nasjonaløkonomi står for fall. Som vi veit spreier rykte seg like fort i finansverda som i ein ungdomsskuleklasse. Resultatet blir fatalt for den thailandske bathen og David Ulven – han heiter faktisk det – haustar inn store gevinstar under det som i ettertid har blitt kalla Asia-krisa. Men taper han sjela si?

I alle fall misser han kjærasten, Hanna, etter han pressar henne til å ta abort. Desse to, saman med den i utgangspunktet ateistiske kabylen Kateb frå Algerie, har base i London der dei kvar på sitt vis prøver å realisere store livsprosjekt: Hanna og Kateb jaktar livsgåtene gjennom kunsten, medan David trur svaret ligg gøymt i den store pengevinsten og legendestatus.

Botnfallet i kapitalflyten

I romanen med den like ambisiøse som illevarslande tittelen «Aftenlandet» søkjer forfattaren etter årsakene til så vel valdeleg islamisme som vestleg meiningstap i marknadsliberalismen.

Store kapitalmengder flyttar seg raskt og hamnar på konti og i fond som neppe er sett av for å skape velferd, rettferd og fred på jord, for å seie det slik. Finansakrobatar destabiliserer ikkje berre økonomiar; familiar og enkeltindivid misser livsgrunnlaget og då kan mange ting skje.

Islamismen får ingen sympati i romanen, men vi forstår likevel Kateb som vaklar inn og ut av ekstrem islam. Islamistane har svar på alle spørsmål – så lenge han sjaltar ut alle andre måtar å tolke verda på. Vaklinga forplantar seg til arbeidet med den store romanen som skal forklare Algerie for Europa og omvendt. Same problemet opplever den svakare teikna Hanna som nesten går under i eit samfunn som både er sekulært og multireligiøst på same tid.

Den store uroa

Ole Asbjørn Ness sjonglerer ideologiar og -ismar på elegant vis, og romanen er original utan å by på banebrytande nye innsikter verken om økonomi eller ekstremisme, og heller ikkje om det vesentleg meir romanbehandla temaet: å finne meining i livet.

Originaliteten ligg andre stader: I det breie og kunnskapsmetta perspektivet. I valet av Kateb som ein av tre hovudpersonar: ein algerisk tvilar med ateistisk far og fundamentalistisk kompis.

Mest overrumpla vart eg likevel av kor grundig forfattaren går inn i lengten alle ber på. Den kan vere av det diffuse slaget: «Det må vere noko meir enn dette» eller manifest: «No må Gud snart svare».

Som i alle gode romanar er svara ofte så som så, men spørsmåla personane stiller er gode og uroa spørsmåla spring ut av, er uvanleg godt skildra. «Aftenlandet» viser at romansjangeren er staden der makroøkonomien og sjelemørkret kan få plass side om side.

Passar for deg som

  • Likar å fundere over store samanhengar

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.