Hopp til innhold
Anmeldelse

Kafkaesk smil gjennom nynorske tårer

Jon Fosse omset nokre av Franz Kafkas forteljingar med eit feitt smil gjennom nynorske tårer. Han bør ikkje stoppe her, meiner Knut Hoem.

Franz Kafka

Franz Kafkas (bildet) «Forvandlinga og andre forteljingar» innheld rett og slett for få forteljingar, meiner bokmeldar Knut Hoem. Men han er glad for det han har fått lese.

Foto: Miguel Tovar / Ap

Først kjem skepsisen mot dei nynorske orda, som vel strengt tatt ikkje har vore i allmenn bruk på ein stund. Kvar seier ein framleis «augnekrærne»? Kunne ikkje Fosse heller skrive at Georg Bendemann, i forteljinga «Dommen», «såg dei umåteleg store pupillane i farens trøytte andlet» i sidesynet?

Er det naudsynt å smette inn eit «dimed» heile fire gonger i denne boka? Kva er gale med «dermed»? Og så er det dette med «sut», «sutar» og «sutlaust». Kva skjedde med «otte»? Og «ottesam»?

Fyken på flekken

Forvandlinga og andre forteljngar

Fosses Kafka er, på sitt vis, både moderne og vital i «Forvandlinga og andre forteljingar», meiner bokmeldar Knut Hoem.

Eit stykke ute i den andre forteljinga, den hysteriske morosame «Forvandlinga» er desse første innvendingane blåste bort. For Fosses Kafka er, på sitt vis, både moderne og vital.

Orda som i byrjinga lugga litt vert meir og meir som ekstra krydder i den nyanserike kyllingtikkaen som det (ny)norske språket kan vere. I «Dommen» meiner faren at sonen «stuper kråke» av glede. Når Gregor Samsa, med tusenbeina sprellande i lufta, tar til å tenkje overflødige jobbtankar, som at andre handelsreisande har betre vilkår enn han, lar Fosse han seie at Gregor har fått «fyken på flekken». Og «sutlaust»? Det ordet høyrde eg sist i forrige veke frå ein offroadsyklist på veg mot Rallarvegen og Finse i haustferien.

Jon Fosse

–Kva er det som skal til for å lukkast med å omsetje ein av verdas største forfattarar nokon sinne? Det hjelper truleg å ha eit språkleg sjølvbilete på den storleiken Jon Fosse (biletet) av i dag har, skriv bokmeldar Knut Hoem.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Stort sjølvbilete

Kva er det som skal til for å lukkast med å omsetje ein av verdas største forfattarar nokon sinne? Det hjelper truleg å ha eit språkleg sjølvbilete på den storleiken Fosse av i dag har. Han set imot eit norsk språk som framstår like fullt av personlegdom som originalen.

I denne norsken finst det ord nok til å møte alle desse rare småorda som tysken er full av, og som Kafka er full av, og som gjer at kvar einaste setning gjerne inneheld ei eller anna modifisering eller nyansering som det er fort gjort for ein omsetjar å sjå gjennom fingrane med.

I ein sluttmerknad skriv Fosse at fleire kjennarar av forfattarskapen meiner at det er i forteljingane Kafka når sitt høgste som diktar, ikkje i romanane. Det er ein interessant påstand. Kva meiner Fosse sjølv? Sanninga er vel at det meste denne forfattaren skreiv kom ut i ein einaste flaum av dagboknotat, brev, aforismer og meir eller mindre ferdige romanar. Noko av dette kalla Kafka forteljingar og publiserte dei i ulike bøker og tidsskrift i løpet av si korte levetid, og det er blant desse Fosse har gjort eit strengt utval.

Utan apekatt

Litt for strengt, meiner no eg. Boka «Forvandlinga og andre forteljingar» innheld rett og slett for få andre forteljingar. I tillegg til «Dommen» og «Forvandlinga» har Fosse tatt med «Ein landsens lækjar», «Framfor lova» og «Ein draum». Det er eit fint lite utval, men eg kunne ønskje meg at Fosse også omsette dei andre forteljingane til Kafka når han først var i gang.

No vert lesaren snytt for mellom anna apekatten som held foredrag for akademiet i forteljinga «Bericht für eine Akademie». Det er synd, for Trond Winjes omsetjing frå 1995, byrjar allereie å verke lett alderdomleg.

Men kanskje er det slik at det å omsetje Kafka er såpass krevjande at ein må omsetje små porsjonar? Boka har mjuke permer, lekker illustrasjon av den tyske designeren Andreas Töpfer og skrifttypar skapt spesielt for dette høvet. Vi får vere glade for det vi har fått.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.