Hopp til innhold

Fem morosame mobilspel

Lei av dei same, gamle mobilspela? Sjekk spelforskaren sine tips.

Forskjellige mobilspill anbefalt av spillforsker Kristine Ask.

DESIGN di eiga undergrunnsbane, leit etter skjulte gjenstandar i eit bilete eller leik deg med ei øy med dragar, foreslår spelforskar Kristine Ask.

Det kan bli mykje nyheitsoppdatering, scrolling og sosiale medium på mobilen for tida. Kanskje er det på tide å kople av med eit spel?

Spelforskar på NTNU og gaming-entusiast Kristine Ask foreslår desse fem spela.

kultur1

Hjelp passasjerane fram

Bilde fra mobilspillet "Mini Metro"
Foto: Dinosaur Polo Club
  • Tittel: Mini Metro
  • Plattform: Android/iOS

«Lag ei metrobane som bind saman stoppestadane etter kvart som dei dukkar opp, og sørg for at passasjerane kjem dit dei skal. Lett å kome i gong med og vanskeleg å legge frå seg.»

kultur2

Spel utan press og tidsfristar

Bilde fra spillet "Merge dragons!"
  • Tittel: Merge Dragons!
  • Plattform: Android/iOS

«Avslappande «tre-på-rad-spel» der du kombinerer tre av ein type for å oppgradere til stadig større skattar og dragar. Ikkje noko press, ingen tidsfristar – berre roleg matching og utforsking av øya di.»

kultur3

Prøv deg som interiørarkitekt

Logo for spillet "Design Home"
  • Tittel: Design Home
  • Plattform: Android/iOS

«Spelet lar deg innreie lekre leilegheiter, vinne nye møblar og stemme på andre sine bidrag. Når du har lyst å pusse opp, men ikkje skal renne ned interiørbutikkar. Pluss for imponerande stor katalog av møblar.

NB. Rett bruk av ressursar er ein viktig del av spelet. Ikkje la deg freiste til å kjøpe in «game currency». Eller lag husreglar om til dømes eitt kjøp per månad. Ikkje la deg freiste til å bruke snopebudsjettet på digitale diamantar.»

kultur4

Avslappande eller intrikat

Logo for mobilspillet "Blendoku"
  • Tittel: Blendoku
  • Plattform: Android/iOS

«Eit litt annleis puzzlegame basert på fargar som skal plasserast rett. Avslappande i enkel modus, intrikat på høgare nivå.»

kultur5

«Finn skjulte gjenstandar»-spel

Her anbefaler Ask to ulike spel, avhengig av kva mobil du har.

Logoen til mobilspillet "Little Objects Finder Game - Find Me If You Can"

ANDROID: Little Objects Finder Game. Find Me If You Can

  • Tittel: Little Objects Finder Game. Find Me If You Can
  • Plattform: Android
Logo for mobilspillet "Let's Find It - Hidden Object Challenge"

iOS: Let's Find It – Hidden Object Challenge

  • Tittel: Let's Find It – Hidden Object Challenge
  • Plattform: iOS

«Leit fram skjulte gjenstandar i eit mylder av småsaker og ting. Enkel spelmekanikk som held interessa overraskande lenge.»

Kristine Ask, spelforskar på NTNU

SPELFORSKAR på NTNU Kristine Ask tipsar om mobilspel.

Foto: Privat

Les også: Guide: Slik begrenser du sporing av din mobil

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.