Hopp til innhold

Fem spel for heile familien

Lei av Yatzy og kortspel? Her er familievennelege digitale spel for store og små.

Kollasje med bilder fra spillene Pode, Lego Marvel's Avengers, Her Story og Heathstone.

FINE FAMILIESPEL: Du kan samle familien foran skjermen med eit krimmysterium, eit puzzle-spel, digitalt kortspel eller eit actionfylt superhelt-spel.

Det kan vere krevjande å finne felles aktivitetar og underhaldning for ein familie med alt frå barnehagebarn, til tenåringar, foreldre og til og med besteforeldre.

Kristine Ask, spelforskar på NTNU

FAMILIEFAVORITTAR: Spelforskar ved NTNU, Kristine Ask, har funne fram spela som kan samle familien i påska.

Foto: Privat

Påska vil nok for mange innebere ein god del meir tid heime i stova enn vanleg.

Kristine Ask er spelforskar på NTNU i Trondheim. Ho er også med i fagfellesskapet Spillpikene, som omtaler seg sjølve som «ein gjeng engasjerte gamarar med solid akademisk bakgrunn (...)».

Her er tipsa deira til spel som kan engasjere heile familien i påska:

kultur1
Appen Logo Quiz Norge
  • Tittel: Logo Quiz Norge

  • Plattform: Android/iOS

«Heile familien gjettar kva logo som skjuler seg på skjermen – her er det ikkje alltid at dei vaksne kan mest! Tips: Cast til TV slik at alle ser godt. Likar du spelet kan du søke opp «norsk quiz» og finne quiz om både mat, kultur og kjendisar (varierer litt kva som finnast på Android og iOS).»

kultur2
Bilde fra spillet "Pode"
Foto: Henchman & Goon
  • Tittel: Pode
  • Plattform: Switch, PS4, PC

«Norskutvikla puzzle-spel der de må samarbeide for å løyse gåtene. Med nydeleg grafikk og masse sjarm følger historia ein stein som må hjelpe eit stjerneskot å finne vegen heim.»

kultur3
Logobilde for spillet "Her story"
  • Tittel: Her Story
  • Plattform: Android/iOS, PC/Mac

«Påske er tid for krim, også i spelform. I dette prisvinnande mobilspelet er det familien som må setje saman leietrådane og løyse mysteriet om den forsvunne ektemannen.»

kultur4
Vignettbilde for spillet "LEGO Marvel Avengers"
  • Tittel: LEGO Marvel’s Avengers
  • Plattform: PS4, Xbox One m.fl.

«Actionfylt moro for alle! Mange oppgåver krev samarbeid. Lego stiller med sjarm og humør – og historia dreg deg vidare så du ikkje treng å vere redd for å ikkje vere flink nok.»

kultur5
Bilde fra spillet "Hearthstone"
  • Tittel: Hearthstone
  • Plattform: Android/iOS, PC/Mac

«Lei Uno? Hearthstone er eit kortspel som fenger dei litt større barna og vaksne. Bruk ein liten halvtime til å bli van med formatet og lær eit spel med mykje action, strategi og djupn. Spel mot kvarandre, mot maskina eller på nett.»

Anbefalt vidare lesing:

Er du glad i quiz, kan du sjekke NRK si quiz-side her.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober