Hopp til innhold

Alle vil sjå Jackson-filmen

Billettane vert rivne vekk til Michael Jackson-filmen This is it, som har premiere no på onsdag.

Michael Jacksons This is it-CD
Foto: Sony Music / Scanpix/AP

Berre i Oslo har ein seld 9.200 billetter på førehand til filmen.

Opptaka er gjort under førebuingane til This is it-konsertane som skulle ha vorte haldne i London. Filmen viser Michael Jackson i Staples Center i Los Angeles kort tid før han døydde i sommar. Filmen har verdspremiere onsdag 28. oktober og skal berre visast på kino i 16 dagar.

Filmsjef i Oslo Kino, Christin Berg.

Christin Berg

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Det har vore ei ekstrem interesse, og det vi ser er
fantastiske tall, sier filmsjef Christin Berg i Oslo Kino til NTB.

Sjølv er ho overraska over at skaren av Michael Jackson-fans er så stor i Norge.

- Det er sikkert også spesielt at filmen er spelt inn få dagar før han døydde. Interessa skuldast nok også ein del nostalgi, seier Berg.

Heilt galehus

Filmsjefen i Oslo seier at det har vore reine galehuset i jakta på kinobilletter heilt sidan dei vart lagt ut for sal i september. Også i Bergen har salet gått strykande.

Michael Jackson

Michael Jackson har framleis ein stor fanskare.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP

– Vi har eit veldig godt førehandssal som berre kan samanliknast med til dømes Harry Potter-filmane, seier filmsjef Stein Sørensen ved Bergen Kino.

Førebels er det selt 2.600 billetter til dei fem første dagane.

Inneheld sceneshow

I tillegg til førebuingane til London-konsertene, inneheld filmen sceneshow, intervju og Jackson saman med sine næraste vener. Klippa frå scena var eigentleg meint som ein del av sceneshowet under den planlagde konsertserien. Tre månader etter at This is it er teke av kinoplakatane skal filmen kome på DVD.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.