Hopp til innhold

Kan få fem år for Picasso-tjuveri

Aktor vil at elektrikaren til Pablo Picasso skal dømast til fem års fengsel. Myndigheitene meiner handverkaren stakk av med ei eske med 271 Picasso-verk verdt 500 millionar kroner.

FRANCE-PICASSO/ Pierre Le Guennec and his wife Danielle wait for the opening of their trial at the courthouse in Grasse

TJUV ELLER VEN?: Var Pierre La Guennec ein svært godt likt ven av Pablo Picasso som fekk ei gåve verdt ein halv milliard kroner, eller var han ein utspekulert tjuv. Det er det store spørsmålet som juryen i Frankrike må finne ut av.

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Elektrikaren Pierre Le Guennec på si side seier at dei 271 verka var ei gåve som Picasso og kona gav til han i 1970. Denne veka så er rettssaka mot handverkaren ferdig. Den endelege domen kjem 20. mars.

Vil ha betinga dom

Både barna til Picasso og statsadvokaten meiner at Le Guennec stal skissene, teikningane og litografia då han installerte eit alarmsystem.

Det er svært få konkrete bevis i denne rettssaka og hovudpåstandane er ord mot ord. Aktor la fredag ned påstand om betinga dom, som betyr at Le Guennec som er 75 år gamal vil sleppe å sone domen om han blir dømt.

(Saka fortset under bildet)

France Picasso Trial

– PIERRE, DU LYVER!: Dottera til Pablo, Maya Ruiz Picasso meiner Pierre Le Guennec er både ein løgnar og tjuv. Bildet er frå rettssaka som blei avslutta denne veka. Domen kjem 20, mars.

Foto: Lionel Cironneau / Ap

Usignerte verk

Familien til Picasso peikar på at verka ikkje var signert, noko dei seier kunstnaren alltid gjorde før han selde verka eller ein sjeldan gong gav vekk ei teikning eller to om gongen. Dei meiner også at Picasso aldri ville ha gjeve vekk så mange verk på ein gong.

– Gåve frå Jacqueline Picasso

Le Guennec sa i rettssaka på si side at kona til kunstnaren gav eska til han og at Picasso sjølv godkjende gåva. Den mystiske boksen slo ned som ei bombe i kunstverda i 2010 då Le Guennec kom til Picasso-familien med kunstskatten og fekk stadfesta a at dei udaterte og usignerte verka var ekte.

Kunstavisa The Art Newspaper skriv at Le Guennec skal ha sagt at han hadde heilt gløymt av pappeska med dei krøllete papira og at han no ville vite om dei var verdt noko.

Familien til Picasso meiner at Le Guennec på 70-talet samarbeida med kunstnaren sin sjåfør om å stele verka og vente til eit passande tidspunkt i ettertid med å selje verka.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters