Hopp til innhold

Abdulrazak Gurnah får nobelprisen i litteratur

Abdulrazak Gurnah frå Tanzania får nobelprisen i litteratur for 2021. Han får prisen for måten han har skildra kolonialisme i bøkene sine.

Abdulrazak Gurnah

Abdulrazak Gurnah er vinnaren av Nobels litteraturpris for 2021.

Foto: Dinendra Haria/REX / Shutterstock

I grunngjevinga frå Den Svenska Akademien skriv dei at tanzanianske Abdulrazak Gurnah får nobelprisen for måten han har skildra kolonialismen på.

– Han blir tildelt prisen fordi han utan kompromiss og med stor medkjensle har sett søkelyset på konsekvensane av kolonialismen og lagnaden til flyktningar i gapet mellom kulturar og kontinent, sa Mats Malm då han kunngjorde vinnaren.

Abdulrazak Gurnah er fødd på øya Zanzibar i 1948, men flytta til England då han var 20 år, og bur framleis der. Han debuterte romanen «Memory of Departure» i 1987.

Mats Malm

Svenska Akademiens Mats Malm kunngjorde årets vinnar i Stockholm.

Foto: Fredrik Sandberg / AP

– Gledeleg overrasking

Gjennombrotet kom med romanen «Paradise» frå 1994, som kom ut på norsk i 1996. Denne boka gjorde at han blant anna blei nominert til Booker-prisen.

Dette er ein historisk oppvekstroman som hentar handlinga si frå byrjinga av 1900-talet og behandlar blant anna den gamle swahili-kulturen. Boka handlar om ein tolv år gammal fattig gut som blir seld som slave til sin eigen onkel. Saman legg dei ut på ei lang og farleg reise. Guten ender etter kvart opp som soldat for tyskarane under første verdskrig.

Bøker av nobelprisvinner Abdulrazak Gurnah

Eit utval av bøker som nobelprisvinnar Abdulrazak Gurnah har skrive.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

I tillegg til å vere forfattar er han også litteraturkritikar og underviser i engelsk og litteraturvitskap ved universitetet i Kent. Han har også redigert fleire antologiar om afrikansk litteratur.

Aschehoug har gjeve ut tre av dei ti bøkene hans. Forlagssjef Nora Campell seier tildelinga var ei gledeleg overrasking.

– No er det mykje ringing for å få nobelprisvinnaren ut til norske lesarar. Det er bra at Akademien viser at bra litteratur ikkje berre blir skrive i Europa, seier ho til NRK.

Uventa vinnar

Abdulrazak Gurnah var ikkje på listene over førehandsfavorittar, og kom som ei overrasking for mange. NRKs litteraturkritikar Marta Norheim seier det er gledeleg at det afrikanske kontinentet no har fått sin femte litteraturprisvinnar.

– Eg synest det er bra at prisen går til ein afrikansk forfattar. Det er også eit bra teikn for framtida. Det har vore ei stor utskifting i Akademien, som kan ha hatt ei annan orientering ut i verda. Det globale kan ha fått ein rausare plass, seier ho.

Dagbladets litteraturmeldar Marius Wulfsberg var tilfeldigvis på Zanzibar då tildelinga blei kunngjort torsdag.

– Eg bur på eit hotell og i resepsjonen er alle glade og stolte. Dei i nabolaget her er kjempestolte over at han er fødd på Zanzibar. Dette er ein siger for kulturlivet her, seier han.

Les også: Sju kontroversar frå Nobelprisen i litteratur.

Litteraturkritikar i Morgenbladet, Frode Helmich Pedersen, meiner komiteen har treft godt med årets tildeling.

– Temaet kolonialisme ligg veldig i tida. Dette er noko folk er opptekne av, spørsmål om rasisme er eit dagsaktuelt tema. Det er alltid gledeleg når dei gir prisen til forfattarar som ein ikkje har lese, då gler eg meg til å lese.

Ikkje utdeling i Sverige

Som vinnar av nobelprisen i litteratur, får Gurnah eit diplom, ein mynt og 10 millionar svenske kroner.

Utmerkinga er delt ut av Svenska Akademien kvart år sidan 1901, med få unntak. Sidan 1944 er det berre i 2018 det ikkje er delt ut pris. Då førte bråk og skandalar internt i den Svenska Akademien, til at det ikkje vart tildeling. Polske Olga Tokarczuk fekk 2018-prisen året etter.

Den store nobelmiddagen som tradisjonelt blir halde i Stockholm før jul, vart i fjor avlyst. Det blir han også i år. Årsaka er koronapandemien. I staden skal vinnaren få prisen i heimlandet sitt.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska